8. juli: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bileteEtter meldinga om nytt smittetilfelle i Kvam den 6. juli, gjennomførte kommunen testing av nærkontaktar i går. Kvam herad har no motteke svar på desse testane, og er glad for at desse ikkje viser ytterlegare smittetilfelle i kommunen.

Det vart gjennomført testing av til saman 28 personar den 7. juli.

Av desse var 19 nærkontaktar til det påviste smittetilfellet. Ingen av testane var positive, men grunna kort tid sidan eksponering må fleire av nærkontaktane testast på nytt før karantenen kan opphevast.

 

Ettersom kommunen ikkje har fått stadfesta fleire smitta, vil ikkje kriseleiinga tilrå ytterlegare smitteverntiltak på noverande tidspunkt. Kriseleiinga finn likevel grunn til å minne om dei alminnelege smittevernråda, og understreker at desse framleis er like viktige.

 

Hald god avstand og ha god handhygiene med handvask eller handsprit! Dersom du opplever luftvegssymptom skal du halde deg heime og ta kontakt med kommunen på tlf 468 04 366 for å avtale testing.

Kommunen har i løpet av den siste tida fått melding om at fleire opplever luftvegssymptom, og oppmodar derfor om at de i slike tilfelle tek kontakt med kommunen på testtelefonen.