6. juli: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bileteKvam herad har idag fått melding om eit nytt smittetilfelle med koronaviruset. Vedkomande vart testa på bakgrunn av symptom, og smittesporingsarbeidet er i gang.

Smittesporinga vart fullført tysdag kveld. Det var då avdekka til saman 19 nærkontaktar, fire av dei heimehøyrande i ein annan kommune. Nærkontaktane i Kvam vert testa i morgon, onsdag.