24. november: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bileteDet er framleis pågåande koronasmitte i Kvam. I den samanhang vil Kvam herad oppmoda til varsemd ved større sosiale arrangement.

Hugs også på generelt smittevern: hald deg heime dersom du har fått luftvegssymptom, test deg om du er sjuk og tenk på god hand- og hostehygiene.

På Norheimsund skule er det framleis nokre smittetilfelle, sjølv om trenden er synkande. Det har vore gjennomførd screeningtestar både der, på Kvam ungdomsskule og på Kvam vidaregåande skule.

I dag, onsdag har det vorte meldt om eit smittetilfelle hjå ein tilsett i Kvam herad, med arbeidsplass knytt til rådhuset. På bakgrunn av dette vil tilsette ved Kvam rådhus og KFL-bygget verta bedt om å vurdera digital gjennomføring av møter / digital møtedeltaking, samt bruk av heimekontor. Dette gjeld i utgangspunktet ut denne veka og for neste veke.