|
|
|
|
|
Kulturskuleveke i Kvam
|
|
Lagt ut 22. april 2013 kl. 12:51 av Rolf Seldal
|
Det vert konsertar med elevane i Kvam kulturskule i veke 17 på fyljande stader:
|
|
|
Høyringsbrev - forskrift om felles ordensreglement for grunnskulen i Kvam
|
|
Lagt ut 7. februar 2013 kl. 14:02 av Jarle Sortevik
|
Eit felles og overordna ordensreglement for grunnskulen i Kvam har ikkje eksistert tidlegare. Men dette er noko som etter kvart har vorte vanleg i mange kommunar. Eit felles ordensreglement vil truleg føra til både meir like reglar og meir lik praktisering av desse. Høyringsinstansar: Grunnskulane i Kvam, Kvam kulturskule, Vaksenopplæringa, Organisasjonane, Tenesteutvalet. Merkander og innspel kan sendast Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund eller postmottak@kvam.kommune.no Frist for høyringsuttale er 15. mars.
|
|
|
Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding
|
|
Lagt ut 28. januar 2013 kl. 14:45 av Kjell Arne Gjøn
|
Vaksenopplæringa i Kvam vil starte opp med kurs i grunnleggjande norskopplæring på nivå 1 og nivå 2 for arbeidsinnvandrarar på kveldstid. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betale for opplæringa. Undervisninga er på nynorsk.
|
|
|
UKM - påmeldingsfrist 1. januar!
|
|
Lagt ut 28. november 2012 kl. 10:38 av Inger W. Seljestad
|
Den lokale mønstringa av ungdomens kulturmønstring (UKM) vert i Øystese idrettshall 20. januar. Har du eit talent? Kan du teikna, mala, spela skodespel, revy, musikk, har band - kan du øva inn eit innslag før påmeldingsfristen går ut 1. januar. Alle mellom 10 og 20 år kan melda seg på. Om du er under 13 år kan du koma vidare til fylkesmønstringa på Oseana kunst- og kultursenter på Os, men for å gå vidare til landsmønstringa må du vera over 13 år.
|
Det er ingen som har kommentert denne artikkelen.
|
|
| |
|
|