Denne artikkelen er henta frå Kvam herad.
URL: http://www.kvam.no/skule/skule/biblskule.asp?id=4469&meny=nyhende
Eining for skule

Grieghallen neste !!
Lagt ut 26. januar 2010 kl. 14:48 av Geir Arne Ellingsen
Nok ein gong imponerte ungdom i Kvam med sin kunstnarlege dugleik på Ungdommens kulturmønstring sist helg, og domarane hadde ein vanskeleg jobb med å finne fram til dei som skal vere Kvam sine ambassadørar på fylkesmønstringa.
Her er namna på dei heldige utvalde:
  • Hanna Thiesen (fiolin) framførde det klassiske stykket ”Romanse” av Johan Svendsen.
  • Eli Gauden (gitar og vokal) med den sjølvkomponerte ”Time for love” (akkompagnert av Christian Fonneland og Gaute Aksnes )
  • Janne Merete Melhus (vokal) med den sjølvkomponerte ”Take me in, set me free ”
  • Gruppa Sandmarx: Andreas Næss (gitar) , Marcus Greenway (gitar), May Øvergaard (trommer), Sandra Szabo (vokal ), Sondre Mæland (bass), Gruppa spelte den sjølvkomponerte låten: ”Mr. Greenway”
  • Gruppa ”Nærmest Nødvendig” framførde låten: ”I`ll be your domino”. Gruppa består av: Marius Ringen (slagverk), Martin Ulltang (bass) , Rikard Sjånes Pedersen (16).
  • Frå utstillinga gjekk Guro Tolo vidare til fylkesmønstringa med teikninga: ”Moderne ?”
Me ynskjer deltakarane lukke til vidare på fylkesmønstringa i Grieghallen: 10. og 11. april.

BILETE (foto: Toril Walker Norheim)

Eli Gauden,
Chr. Fonneland og Gaute Aksnes

Sandmarx

Nærmest nødvendig


Hanna Marie Thiesen

Guro Tolo: Moderne

Janne Merete Melhus