Kvam heradEining for skule
ADMINISTRASJON
nyhende
oppvekst
vaksenopplæringa
kvam kulturskule
sfo
ppt
skulerute
serviceerkleringar
kommunale avgifter
filarkiv
lenker
kulturell skulesekk
BARNESKULE
norheimsund
strandebarm
tørvikbygd
øystese
ålvik
norheimsund friskule
UNGDOMSSKULE
strandebarm
kvam
norheimsund friskule
VIDAREGÅANDE
framnes vgs
norheimsund vgs
øystese gymnas
KLASSEKONTAKT
LOGG INN
Admin
MEDLEMSSIDER
Øystese gymnas
Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. januar 2013 kl. 11:13 av Svein Ove Duesund
Her får du den høgaste allmennfaglege utdanninga i landet.
Øystese gymnas tilbyr Musikk, dans og drama (5 t/veka).
Olympiatoppen samarbeider tett med dei beste idrettsutøvarane i toppidrett (5 t/veka). Øystese gymnas er kompetansesenter for volleyball.
Øystese gymnas POSTADRESSE:
Nedre Vik 85
5610 ØYSTESE

REKTOR:
Ingebjørg Bakke
Telefon: 56556600
Fax: 56556610

På den gamle hesteplassen Rossvoll med utsyn over Øystesebygda, ligg Øystese gymnas. Der det før var hestar, har det sidan 1949 vore statsrealskule, og frå 1960 gymnas og vidaregåande skule. Framleis er hesten skulen sitt symbol og kjennemerke.

Bygda Øystese med om lag 2400 innbyggjarar, ligg ved Hardangerfjorden sentralt i Kvam herad om lag midt i Hordaland fylke. Det er kort veg til fjell og fjord. Øystese med Kabuso er tusenårsstaden for Hordaland.

Øystese gymnas opnar dører for deg og dine draumar.

- Alle kan læra
- Øystese gymnas skal verdsetje alle utan omsyn til evner og føresetnader
- På Øystese gymnas skal kvar enkelt kjenna seg heime både fagleg og sosialt
- Øystese gymnas vil fremja respekt, likeverd, trivsel og toleranse
- Alle på Øystese gymnas skal oppleva eit rikt, positivt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø
- Øystese gymnas skal vera open mot verda

I samband med "Kunnskapsløftet" vil skulen tilby Toppidrett (5 t/v), Breiddeidrett (5 t/v) og Musikk, dans og drama (5 t/v). Dette kjem i tillegg til dei obligatoriske 30 timane i veka.

Skulen har allmennfagleg påbygging.
Me har klassar med arbeidslivs- og kvardagslivstrening.
Skulen har og ein innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar.
Skulen har videokonferanserom og nytt auditorium som kan leigast. Festsalen og kantina kan og leigast. Det er dans i Festsalen kvar dag.
Ta kontakt med skulen for utleige av rom.

Epost: post.oyg@hfk.no
Heimeside: http://oyg.hfk.no
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - tlf.: 56553000 fax: 56553001 E-post: postmottak@kvam.kommune.no