|
 Salen er nesten heilt full og alle artistane som er tilstede sit i sine stolar. Bakgrunns musikken held stemmingen oppe mens publikum sit og småpratar med kvarandre. Deltakarane har alle forskjellege opplevingar UKM og framvisningar. Dei fleste har opptredd før men det er nokon få som er heilt nye med å stå fram på ei scene, og på scene med UKM. Nokon av artistane var meir nervøse enn andre men det alle var enig om, var at dei var klare for å vise talenten sin frå deiras beste side.
Framsyningen byrjar med dei to konferansierane, Tore Thiesen og Solveig Fykse. Ei flott og humoristisk introduksjon av showet. Dei to introduserer til oss ei ung artist på 13 år, Amalie Jensen Tolo med ei flott innslag med sangen «Piece By Piece». Truleg vakkert å høyre på, og sangen passet perfekt til stemmen og med ein varm applaus fra publikum som reaksjon. Slik fortsette det med alle innslagane fra soloartistane/mindre grupper, dei blei berre bedre og bedre og stemningen var vedlikeholdt heile vegen.
 Etter ein 15 minutters pause kom dans og band innslaga for i år. Det var tre flotte danse grupper med alle ulike danse innslag og stiler, me flott applaus frå publikum. Bandit hadde ei fantastisk god jazz innslag med god musikk og utrulege soloar. Det virket som om dei koste seg på scenen og å stå på scenen. Medan Jets kom på scenen var det god stemning i salen etter alle dei flotte innslaga med fleire i møte, og Jets ga oss ein flott sang som ga ein god følelse tversgjennom kroppen. Etter to utrulege innslag til var band innslag avslutta med siste band innslag, ei gruppe på fire gutter, The Dudes, med ein eigen komponert sang «Pestilence». Ein fantastisk måte å avslutte innslaga for årets mønstring. Ein varm applaus frå publikum takket The Dudes og alle artistene for å ha vist oss sin talent og innsats på scenen.
Dommarane fekk tid til å tenke seg om og komme fram til kven som skulle vidare til kommune mønstring. Mens me venta var det sal i kantinen og ei flott utstilling ein kunne sjå på. Det var flotte bileter og kunstverk som var framviste like innanfor inngangen til hallen. Det var fire flotte bileter som har blitt teken av Tore Thiesen: The Entertainer, Bronco, Vinter på Øvre Aksnes og Svolten. Og to bileter og to utstillinger av Guro Tolo: Utkikksposten, Slutten, I Love You og Glitter.
 Til slutt kom dommarane fram til sine endelege svar. Det var seks flotte innslag, Eirun Fonneland (sang), Lena og Kristina (sang og gitar), Quatro (dans), Bandit (Band), The Cornflakes (Band) og Tore Thiesen (Utstilling). Ein stor varm applaus gratulerte vinnarane med sin seier og lykke til vidare til kommune mønstringen. Men det var langt fra slutt for Geir Ellingsen, arrangøren for UKM, ga blomar til dommarane og konferansierane for i år som takk for god innsats. Og som ein takk for alt, ga Siriann Lillevik, Utekontakt og Crew-medlem, ein blom til Geir Ellingsen for å ha stått på og arrangert UKM.
Ein utruleg oppleving med god musikk, dans, flotte utstillinger og god publikum. Ein flott framsyning av talent og prestasjoner. Sjølv om ikkje alle hadde nerver av stål, var alle artistane utruleg flinke og gjorde ein fantastisk jobb på scenen som dei kan vera stolte av og ikkje minst ta med seg vidare som ein av deira mange talenter.



Fleire bilete frå UKM
Kulturskulen takkar Hanna og Lena for kjempeflott redaksjonsarbeid. Me takkar også frivillige frå Kvam brannvern og alle andre som var med og gjorde dette til ei flott framsyning.
|
|