|
|
|
Kvammaskulen – kort utbyggingsrapport pr 31 okt 2008
|
Lagt ut 31. oktober 2008 kl. 12:21 av Tore Skeie
|
|
3 ulike skulebygg til samla kostnad på ca 200 mill er i ulike byggjefasar. Så langt er det rekneskapsført utgifter på ca 162 mill fordelte slik: ungdomsskulen i Øystese ca 80 mill, Strandebarm skule og idrettspark ca 76 mill, Tørvikbygd skule ca 2 mill, fellesutgifter ca 4 mill.
|
|
UNGDOMSSKULEN I ØYSTESE Her gjenstår diverse oppryddings- og reklamasjonsarbeid. Ferdigsynfaringar for tekniske fag skjer i veke 45. Budsjettet på 86.6 mill ser ut til å halda.
STRANDEBARM SKULE OG IDRETTSPARK Skuledelen vart teken i bruk 13 okt, og det meste ser ut til å fungera greitt. Siste del av varmeanlegget gjenstår. Varme til ventilasjonslufta og golvvarme er på, men radiatorane får ikkje tilført varme før medio november. Utomhusarbeidet er heller ikkje heilt ferdig mot ballplass og idrettsbane slik at leikeområdet er i dag noko mindre enn det permanente. Vi vonar at planlagt nyttbart uteområde stort sett er på plass i midten av november. Mykje godt dugnadsarbeid er utført, særleg utomhus med maling, jordplanering, rydding etc – takk til alle som har teke del! Skulen framstår som innbydande, og har truleg den flottaste lokaliseringa av alle skulane i Kvam.
Arbeidet med mellombygg og idrettsdel pågår, og vil ikkje verta ferdig før i månadsskiftet februar-mars 2009. Gang og sykkelveg i Tangeråsdalen er på det næraste ferdig. Berre siste del av asfalteringa og rekkverk på mur gjenstår. Ein god del omlegging av vass- og avlaupsleidningar og andre ukjende veiter og leidningar i grunnen måtte takast i same slengen som vegen vart bygd.
Kostnad vert diverre truleg ca 12 mill meir enn budsjettert, m.a. avdi heradet må ta heile kostnaden med ny gang og sykkelveg i Tangeråsdalen. Totalkostnad vert ca 107 mill som gjev ein arealkostnad på ca 21.000 kr/m2 (inkl kjøp av Husmorskulen, gang og sykkelveg og opparbeiding av parkeringsplass og utviding av avkøyrsle mot riksveg 49).

TØRVIKBYGD SKULE Nytt mellombygg er no tett, og romdeling pågår. Underetasjen i det eldste bygget hadde større fuktskadar enn det ein hadde forventa, og førte til meir omfattande utvendig drenering samt innvendig fornying av golv og vegger. Brannsikringstiltaka vert også større enn det som ein i utgangspunktet var klar over. (Diverre stadfester også denne ombygginga at ”uvenlege” openberringar dukkar opp i det gamle). Det har ikkje vore mogleg å identifisera større innsparingspotensiale etter første anbodsrunde då prosjektet vart vesentleg redusert. For å ta høgd for uføresette arbeid er det flagga ein budsjettsprekk på 1 mill, dvs auke i kostnad frå 10.6 mill til ca 11.6 mill. Ferdigstilling av ombygginga er avhengig av endeleg omfang på brannsikringstiltaka, og vil verta rapportert seinare. Foreldre til elevane har sagt seg viljuge til å gjera ein del dugnadsarbeid (maling, vask, sti opp frå busslomme etc), og det er vi takksame for.
|
|
|
|
|
|
UKM i Kvam
|
|
Lagt ut 16. januar 2012 kl. 10:59 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Rapport frå UKM 2011
|
|
Lagt ut 28. januar 2011 kl. 12:28 av Hanna Sheehy/Lena Hammer (UKM-redaksjonen)
|
|
|
PANG!
|
|
Lagt ut 7. januar 2011 kl. 11:40 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Bandkonsert
|
|
Lagt ut 26. november 2010 kl. 00:09 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Kulturklubben
|
|
Lagt ut 20. mai 2010 kl. 14:57 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Video frå UKM
|
|
Lagt ut 12. februar 2010 kl. 10:49 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Jazzdans
|
|
Lagt ut 21. august 2008 kl. 11:45 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Strykeorkester
|
|
Lagt ut 11. mai 2005 kl. 14:21 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Skulesider
|
|
Lagt ut 16. mai 2003 kl. 10:39 av Frank Tangen
|
|
|
Lærarstreik
|
|
Lagt ut 3. februar 2003 kl. 14:17 av Anne- Bjørg Aspheim
|
|
|
Skulestart
|
|
Lagt ut 4. august 2002 kl. 15:55 av Dag Storås/Frank Tangen
|
|
|
|
|