| KappAbel er ein matematikk-konkurranse for 9.klassingar. Det er ein nordisk konkurranse der ungdommane tevlar i løysing av matematiske problemstillingar. Konkurransen er bygd opp slik: - To rundar med problemstillinar (før og etter jul) der heile klassen deltek og sender inn sine svar på nettet.
- Den beste klasseni kvart fylke etter desse to rundane vert fylkesvinnarar. Strandebarm skule vann i Hordaland både i 2004, 2007 og 2008.
- Fylkesvinnarane skal då laga eit prosjekt rundt eit tema. I år var tema "Matematikk og dyr". Strandebarm skule valde å arbeida med problemstillingar knytta til oppdrettsfisk/anlegg. Dei laga ei utstilling knytta til prosjektet.
- Fire elevar frå kvar fylkesvinnarklasse reiser til landsfinalen i Arendal/Froland i Aust Agder.
- I landsfinalen er desse delane
- Utstilling av dei 19 prosjekta - ei frå kvart fylke
- Presentasjon av prosjekta
- Semifinalerunde med problemløysingsoppgåver
- Tre lag går vidare frå semifinalen til finalen. Strandebarm vart best i semifinalen!
- Finalerunde - på scenen i Saga kino, Arendal. Finalen vart vunne av Bøler skule i Oslo, Strandebarm delte andreplassen med Stokkan usk frå Nord Trøndelag.

- Bøler skule går vidare til nordisk finale.
9.klassingane våre har gjort ein flott innsats! Det var mykje arbeid med prosjektoppgåva, som fekk mykje skryt i Arendal! Lærar Mona Utskot Botnen har vore ein dyktig og inspirerande leiar av arbeidet! Takk til henne for stor innsats! Til finalen i Arendal valde klassen ut Julie Elkjær Stenstsø, Tor Endre Tombre, Vilde Haugen Myklebust og Sigve Enes. Sidan matematikklærara Mona var hindra frå å reisa med gruppa, var Knut Øystein Fosse med som erfaren KappAbel-lærar. Han har hatt to grupper med før. Elevane hadde ein svært god presentasjon av prosjektet sitt, og dei gjorde det altså aller best i semifinalen. For første gong var elevane våre med i finalen. På finaledagen heiste me flagget på skulen. Me syns dei hadde vunne uansett om dei vart nr. ein, to eller tre. Og så vart det altså ein flott delt andreplass. Ungdommane representerte klassen, skulen, Kvam herad og Hordaland fylke på ein framifrå måte. Gratulerer!  |