Ombygging av Tørvikbygd skule – dyrare enn først planlagt
Lagt ut 2. april 2008 kl. 09:42 av Tore Skeie
Etter gjennomgang av innkomne anbod for ombygging av Tørvikbygd skule med nødvendige korreksjonar syner det seg diverre at budsjettet på 10.6 mill ikkje held. Vår prognose etter korrigerte anbodstal er på 13.4 mill, dvs 2.8 mill over budsjett. Dette tykkjest høgt for 294 m2 nybygg samt ei lett oppgradering av ein mindre del av eksisterande bygg.
Tysdag denne veka hadde prosjektleiinga møte med skulen sine representantar for å orientera om situasjonen og drøfta grep for å kutta kostnader. Kostnadssparande tiltak vil verta drøfta med arkitekt og prosjekterande torsdag denne veka. Målet er å få fram ny planløysing innan budsjettramma snarast råd.