|
|
|
Kompetanseheving etter Kunnskapsløftet
|
Lagt ut 4. september 2007 kl. 12:00 av Øystein Ådland
|
|
Lærarar og skuleleiarar i Kvam involverte i fleire tiltak.
|
|
Kunnskapsløftet er nye læreplanar og opplegg for undervisninga i skulen. Den byggjer på L97 – Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen. Generell del frå L97 er ein del av Kunnskapsløftet vedteke i Stortinget våren 2005. Både i Kompetanseregionen for Voss og Hardanger og på den einskilde skulen i Kvam har lokale læreplanar etter Kunnskapsløftet vore tema. Plan for vidare arbeid med Kunnskapsløftet er følgjande:
Kompetanseutviklingsplan skal årleg vedtakast politisk. Vedtaket løyser ut økonomisk støtte frå utdanningsdirektøren. Våren 2005 vedtok heradsstyret Strategisk plan for skule for 2005 – 2008. Dei årlege planane byggjer på den. Ny plan skal etter opplegget vedtakast for perioden 2009 – 2012.
LUIS – leiaropplæring i grunnskulen har gått lenge i regi av kompetanseregionen. Dette er samlingar for skuleleiarar i Hardanger og Voss. Dette arbeidet er for tida leia frå skulekontoret på Voss.
Kunnskapsløftet – frå ord til handling. Heradet har (som ein av 3 kommunar i Hordaland) fått statleg tilskot til arbeidet innanfor dette statlege prosjektet. Fagleg ansvarleg for opplegget er Norsk Lærerakademi i Bergen. Statstilskottet er knytt til arbeidet innan ny skulestruktur og omfattar den framtidige Kvam ungdomsskule og Strandebarm skule slik den vert frå skulestart 2008. I Kvam er rektor Tove Haugen ved Oma skule prosjektleiar. Prosjektgruppa har i tillegg til henne med rektorane frå dei to skulane, og skulesjefen. Prosjektet skal rapportera til Utdanningsdirektoratet i form av årsrapport og sluttrapport.
Masterprogram for skuleleiarar i samarbeid med Norsk Lærerakademi i Bergen. Opplegget følgjer det vanlege studieprogrammet for skuleleiing ved NLA. Alle skuleleiarane er meint skal ta del i programmet. dei som fullfører med eksamen, vil då ha mastergrad i skuleleiing. dette er eit undervisningsopplegg som er gjennomført m.a. i Bømlo og Fjell kommunar. dei er særs nøgde med dette opplegget. Kvam vil i samarbeid med NLA starta dette opplegget på nyåret 2008.
Filosofi og leiing er eit opplegg for kommunale leiarar generelt. Rådmann Harald Inge Andersen lanserte dette leiarprogrammet då han tok til i Kvam for snart eit år sidan. Nokre av skuleleiarane er også med på dette programmet. Første modul i dette programmet avsluttast før jul 2007.
Viktig for alle desse programma er å overføra kunnskap og læring til heile organisasjonen, til skular og lærarar. Kunnskapsløftet er ei satsing frå Staten si side som skal gjera heile skulen betre. leiarutdanning og leiaropplæring er sett på som viktig. Difor er også Staten inne med finansiering til nett dette arbeidet. Kvammaskulen skal ha nye og tilpassa bygningar for undervisning. Men innhaldet i bygningane skal og vera tilpassa og i takt med det læreplanverket som gjeld. dette vil nok endra seg. Skuleutvikling er ein kontinuerleg prosess. Fleksible bygg som ramme om velutdanna leiarar og tilsette skal gi Kvam ein god skule også i framtida.
|
|
|
|
|
|
UKM i Kvam
|
|
Lagt ut 16. januar 2012 kl. 10:59 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Rapport frå UKM 2011
|
|
Lagt ut 28. januar 2011 kl. 12:28 av Hanna Sheehy/Lena Hammer (UKM-redaksjonen)
|
|
|
PANG!
|
|
Lagt ut 7. januar 2011 kl. 11:40 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Bandkonsert
|
|
Lagt ut 26. november 2010 kl. 00:09 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Kulturklubben
|
|
Lagt ut 20. mai 2010 kl. 14:57 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Video frå UKM
|
|
Lagt ut 12. februar 2010 kl. 10:49 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Jazzdans
|
|
Lagt ut 21. august 2008 kl. 11:45 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Strykeorkester
|
|
Lagt ut 11. mai 2005 kl. 14:21 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Skulesider
|
|
Lagt ut 16. mai 2003 kl. 10:39 av Frank Tangen
|
|
|
Lærarstreik
|
|
Lagt ut 3. februar 2003 kl. 14:17 av Anne- Bjørg Aspheim
|
|
|
Skulestart
|
|
Lagt ut 4. august 2002 kl. 15:55 av Dag Storås/Frank Tangen
|
|
|
|
|