|
Det vart røysta over tre framlegg: 1. Det vedtekne, sett fram av Harald Kjosås (KrF). 2. Eit framlegg om å venta med avgjerd til andre prosjekt kan arbeidast fram til mai-møtet. 3. Mindretalsframlegget frå Formannskapet.
Framlegg 2 vart teke opp til avgjerd først, og fall. Det vart deretter røysta alternativt over framlegg 1 og 3.
Framlegg frå Harald Kjosås, Krf:
1. Heradsstyret går inn for, i samsvar med tilråding frå styringsgruppa og vedtak i heradsstyret 1.mars; Ny felles ungdomsskule sentralt i Kvam vert lokalisert der Øystese Ungdomsskule ligg i dag.
2. Heradsstyret ber om at prosjekterings- og førebuingsarbeidet for «Kvammaskulen 2007» vert ført vidare i samsvar med tidlegare vedtak, seinast i sak 05/105 pkt 1-4.
3. Ny skule i området ved Strandebarm idrettspark, som alternativ til opprustning av noverande skule, skal utredast og leggjast fram for heradsstyret tidlegast råd.
4. Sak som viser økonomien i å nytta varmepumpe til oppvarming av skulane, skal leggjast fram for heradsstyret i maimøtet 2006.
Framlegg frå Sp v/Herleif Tveit:
Saka vert utsett til HST– møte 9. mai 2006, skal også behandlast i FSK – møtet 25.april 2006.
Bygdeprosjektet og Strandebarm IL får frist til 31.mars 2006, med å levera prosjekta sine til Kvam herad
Prosjekta skal innehalda romprogram og byggjekostnad, inkl. i byggjekostnad skal det være miljøvernanlegg som kan redusera driftskostnadane.
Byggjekostnadene skal kunna dokumenterast som om dette var eit anbud, jfr. forprosjektet 1 Kvammaskulen 2007.
Heradsstyret ber om at prosjekterings- og førebuingsarbeid for ’Kvammaskulen 2007’ vert ført vidare i samsvar med tidlegare vedtak, seinast i sak 05/105 pkt. 1-4.
Framlegg frå Oddvar Brakestad, H: Mindretalsinnstillinga m/tillegg: Kvam heradsstyre meiner opprinneleg framlagt forprosjekt for ”ny” skule i Øystese og Strandebarm er for kostnadskrevjande i høve heradet sin noverande og framtidige økonomi.
Kvam herad skal utreda eit nytt skulebygg i Strandebarm. Det skal utarbeidast ein samla plan for alle gjenverande skular etter skulestrukturvedtaket med behov for byggningsmessige endringar, inventar, utstyr og uteområde. Det skal utgreiast eit framlegg med å oppretthalda Norheimsund og Øystese som eigne skular.
Det skal utgreiast eit alternativ med barneskule for Norheimsund, Vikøy og Steinsdalen, og ungdomsskulen i Norheimsund i eksisterande bygningar.
Det skal leggjast fram ei vurdering av salg av skulane i Norheimsund og Øystese, og erstatta med eit nytt skulebygg.
Drift og driftskostnader for dei ulike skulane skal vera budsjettert. Dette gjeld også skuleskyss. Saka skal leggjast fram for heradsstyret innan 1. mai.
Ein samla plan for dei nye investeringane i skulen i Kvam må innehalda behovet i eit lengre perspektiv.
Det skal utgreiast eit alternativ med barneskule for Norheimsund, Steinsdalen og Vikøy i Norheimsund.
Framlegg frå Johnny Roy Knudsen, V: Ålvik Ungdomsskule vert dreve til det er rassikra veg til Øystese.
Røysting:
Heradsstyret var einige om at dei skulle føreta prøverøysting først.
Deretter ba Herleiv Tveit, Sp, om at det først vart røysta over hans framlegg, og at framlegget fall dersom det fekk færrest røyster.
Prøverøysting: Først vart det røysta over framlegget frå Herlief Tveit, Sp: Framlegget fekk 4 røyster og fall.
Deretter vart det røysta over mindretalsframlegget med tillegg, sett fram av Oddvar Brakestad, H, sett opp mot framlegget frå Harald Kjosås, Krf.
Framlegget frå Harald Kjosås, Krf, fekk 18 røyster og vart vedteke Mindretalsframlegget fekk 9 røyster.
Framlegget frå Johnny Roy Knudsen, V, fekk 1 røyst. 26 røyster mot.
På spørsmål frå ordførar Farestveit Selsvold var heradsstyret einige om at prøverøystinga var gjeldande røysting.
HST-016/06 Vedtak: 1. Heradsstyret går inn for, i samsvar med tilråding frå styringsgruppa og vedtak i heradsstyret 1.mars; Ny felles ungdomsskule sentralt i Kvam vert lokalisert der Øystese Ungdomsskule ligg i dag.
2. Heradsstyret ber om at prosjekterings- og førebuingsarbeidet for «Kvammaskulen 2007» vert ført vidare i samsvar med tidlegare vedtak, seinast i sak 05/105 pkt 1-4.
3. Ny skule i området ved Strandebarm idrettspark, som alternativ til opprustning av noverande skule, skal utredast og leggjast fram for heradsstyret tidlegast råd.
4. Sak som viser økonomien i å nytta varmepumpe til oppvarming av skulane, skal leggjast fram for heradsstyret i maimøtet 2006.
|
|