|
|
|
Kvammaskulen 2007 - vedtak i heradsstyret
|
Lagt ut 15. desember 2005 kl. 12:00 av Øystein Ådland
|
|
Kvam heradsstyre hadde 'Forprosjekt I' til Kvammaskulen 2007 til handsaming i møtet tysdag 13. desember.
|
|
Etter ein lang og grundig debatt vart det gjort følgjande vedtak (med 14 røyster):
 - Det skal innan ei ramme på 173 mill. og innan gjeldande lovkrav utarbeidast prosjekt-budsjett for attverande skular i samsvar med strukturvedtak av 1. mars 2005. Dei samla budsjetterte kostnadene og kostnadene for delprosjekta vert lagt fram for heradsstyre innan mai 2006. Detaljprosjektering for Forprosjekt 1 vert starta opp etter vedtak i mai.
- Kvam heradsstyre ber om at det i detaljprosjektet vert lagt inn økonomiske vurderingar for uteanlegg og utstyr/inventar ut frå det behovet dei nye skulane vil ha og innan same investeringsramme.
- Arbeidet med Forprosjekt 2- Norheimsund barneskule- startar tidlegast råd etter at punkt 5 er avklara.
- Forprosjektarbeid for opprustning av Tørvikbygd skule, Øystese barneskule og Ålvik skule (barneskulen) vert sett i gang straks.
- I tillegg skal det utgreiast eit framlegg med å oppretthalda Norheimsund og Øystese ungdomsskule som eigne skular der ein legg til grunn gjeldande lovverk ved opprustning av desse. Resultat av denne utgreiinga skal leggjast fram for heradsstyre snarast mogeleg."

Mindretalet fekk 13 røyster for eit framlegg frå Knut Åge Vikøy:
Kvam heradsstyre meiner at framlagde forprosjekt for ny ungdomsskule i Øystese og Strandebarm skule er for kostnadskrevjande i høve heradet sin noverande og framtidige økonomi.
Ein plan for samla investeringstrong for alle gjenlevande skular etter skulestrukturvedtaket – Ålvik barneskule, Øystese barneskule, Øystese ungdomsskule, Norheimsund barneskule, Norheimsund ungdomsskule, Tørvikbygd barneskule og Strandebarm skule – må leggjast fram så snart råd er, seinast 1.mai 2006, med byggningsmessige endringar, inventar, uteområde innanfor ei ramme på 110 mill. kroner.
Planen skal byggja på same forutsetningar som LINK arkitektar A/S sin rapport. Plan for utbetring og utvikling av skulebygg i Kvam herad – der skulane vert oppjustert til L 97 nivå.
Det skal leggjast fram ei vurdering av salg av ungdomskulane i Norheimsund og Øystese og kostnadsrekna ein ny sentral ungdomsskule.
Eit tillegg framsett i møtet av ordføraren vart vedteke mot 5 røyster:
"Kvam heradsstyre vel fylgjande 2 medlemmer inn i prosjektguppa Kvammaskulen 2007. Heradsstyret delegerte til Kvam formannskap å peika ut 2 medlemer til prosjektgruppa Kvammaskulen 2007."
|
|
|
|
|
|
UKM i Kvam
|
|
Lagt ut 16. januar 2012 kl. 10:59 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Rapport frå UKM 2011
|
|
Lagt ut 28. januar 2011 kl. 12:28 av Hanna Sheehy/Lena Hammer (UKM-redaksjonen)
|
|
|
PANG!
|
|
Lagt ut 7. januar 2011 kl. 11:40 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Bandkonsert
|
|
Lagt ut 26. november 2010 kl. 00:09 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Kulturklubben
|
|
Lagt ut 20. mai 2010 kl. 14:57 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Video frå UKM
|
|
Lagt ut 12. februar 2010 kl. 10:49 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Jazzdans
|
|
Lagt ut 21. august 2008 kl. 11:45 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Strykeorkester
|
|
Lagt ut 11. mai 2005 kl. 14:21 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Skulesider
|
|
Lagt ut 16. mai 2003 kl. 10:39 av Frank Tangen
|
|
|
Lærarstreik
|
|
Lagt ut 3. februar 2003 kl. 14:17 av Anne- Bjørg Aspheim
|
|
|
Skulestart
|
|
Lagt ut 4. august 2002 kl. 15:55 av Dag Storås/Frank Tangen
|
|
|
|
|