|
|
|
Kvammaskulen 2007 – før ferien ….
|
Lagt ut 11. juli 2005 kl. 13:46 av Øystein Ådland
|
|
Arbeidet med skuleprosjekta går etter den oppsette planen. Arkitektane hos Rambøll Norge AS er i gang med arbeidet.
|
|
Læreplanar er utgangspunktet Når prosjektarbeidet skal leggja fram ’val av læremiljø’ som ein del av forprosjektet, må gjeldande læreplanar, grunnskulelova og forskriftene til lova vera utgangspunktet. L97 (og seinare den nye ’L06’) har status som forskrift. Det vil seia at skuleeigar ikkje kan gjera som ein vil med det læreplanen seier om undervisningsformer og undervisningsmåtar. Dette får og konsekvens for utforming av skulebygg i samband med nybygg og ombygging.
Romprogram Det er laga ein førebels romplan med utgangspunkt i det som har kome fram i møta med dei tilsette ved skulane. Prosjektgruppa har i møte med arkitektane gjennomgått dette. No skal det lagast skisser som så i august skal drøftast på dei skulane det gjeld.
Tidsplan Tidsplanen er stram, men det er ingenting som skulle tilseia at det ikkje kan halda. Arkitektkontoret er i fullt arbeid. Etter ein sommarferie (både på rådhuset og ved arkitektkontoret i Bergen) vert dei første skissene presenterte midt i august. Då skal brukargruppene og dei tilsette ved skulane få uttala seg om planane så langt dei då er komne.
Strukturendring og organisasjonsutvikling Fram til hausten 2007 skal mange dels ulike pedagogiske miljø smelta i hop. Både for Strandebarm skule og for Kvam Ungdomsskule er dette viktige prosessar som alt er i godt gjenge. Etterkvart skal og tilsvarande prosessar setjast i gang ved skulane som frå 2008 skal vera den nye Norheimsund barneskule. Heradet skal kvart år gjera vedtak om kompetanseutvikling og aktivitet innan skulane i Kvam. Dette er eit arbeid som i mange år har vorte gjort på den einskilde skulen. For dei fleste skulane ligg desse planane på www.kvam.no. No skal altså meir av dette også vedtakast av skuleeigar, dvs. heradsstyret.
Skulen i Kvam går spennande tider i møte på fleire felt enn utbyggingsplanar og investeringar. Kanskje er arbeidet med innhaldet viktigare enn arbeidet med rammene rundt, altså bygningane. Men det er dei som får merksemd for tida.
|
|
|
|
|
|
UKM i Kvam
|
|
Lagt ut 16. januar 2012 kl. 10:59 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Rapport frå UKM 2011
|
|
Lagt ut 28. januar 2011 kl. 12:28 av Hanna Sheehy/Lena Hammer (UKM-redaksjonen)
|
|
|
PANG!
|
|
Lagt ut 7. januar 2011 kl. 11:40 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Bandkonsert
|
|
Lagt ut 26. november 2010 kl. 00:09 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Kulturklubben
|
|
Lagt ut 20. mai 2010 kl. 14:57 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Video frå UKM
|
|
Lagt ut 12. februar 2010 kl. 10:49 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Jazzdans
|
|
Lagt ut 21. august 2008 kl. 11:45 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Strykeorkester
|
|
Lagt ut 11. mai 2005 kl. 14:21 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Skulesider
|
|
Lagt ut 16. mai 2003 kl. 10:39 av Frank Tangen
|
|
|
Lærarstreik
|
|
Lagt ut 3. februar 2003 kl. 14:17 av Anne- Bjørg Aspheim
|
|
|
Skulestart
|
|
Lagt ut 4. august 2002 kl. 15:55 av Dag Storås/Frank Tangen
|
|
|
|
|