|
Den nye skulestrukturen inneber at - det vert ein ny ungdomsskule for Norheimsund, Øystese og Ålvik, utbygd i Øystese. - det vert ein barne- og ungdomsskule i Strandebarm for heile ungdomsskulekrinsen. - Fykse skule vert overført til Øystese barneskule. - Steinsdalen og Vikøy/Aksnes skular vert overført til Norheimsund barneskule. (hausten 2008)
Strukturendringane fører med seg omfattande arbeid med skulane i Øystese, i Strandebarm og i Norheimsund. Prosjektering av dette skal starta straks og leggjast fram for heradsstyret før arbeidet vert sett i gang.
HST - 020/05 Vedtak:
I Skulebruksplan for Kvam 2004 –2007 er eit godt grunnlag for vidare vedtak om tiltak til beste for grunnskulen, vaksenopplæringa og kulturskulen i Kvam.
Heradsstyret vedtek fylgjande punkt i tråd med tilrådinga frå Aksnes-utvalet:
- Det skal arbeidast ut ein plan for skuleutvikling i Kvam. Evaluerast etter val på nytt heradsstyre, innan 1.juli påfylgjande år. (Kap. 2)
- Kvar skule skal ha ein forpliktande plan for det psyko-sosiale læringsmiljøet på skulen.(Kap. 3).
- Ressurstildelinga til undervisninga i grunnskulen skal ikkje liggja under 47 % i tillegg til basisresurs.(Kap. 4).
- Skuleeigar, Kvam herad, må til ei kvar tid syta for at skuleadministrasjonen har kompetanse og kapaitet til å driva kompetanseutviklingsarbeid i samsvar med den trongen for slikt arbeid grunnskulen har.(kap. 5).
- Det systematiske arbeidet for kontakt mellom skule og næringsliv må følgjast opp og vidareutviklast.(Kap.7).
- Bibliotektenester skal vera satsingsområde i grunnskulen i Kvam i samsvar med den vedtekne planen. (Kap. 8).
- Den kulturelle skulesekken skal vera satsingsområde i grunnskulen i Kvam i samsvar med den vedtekne planen.(Kap. 8).
- Kvar skule i Kvam (lærar og /eller elevar) skal ha minst eit internasjonal kontakt som vert fylgd opp regelmessig.(Kap. 8).
- Alle elevane i Kvam skal i løpet av grunnskuletida ha minst eit opphald på leirskule.(Kap.8)
- Arbeidet med pedagogiske tilbod ”utanom klasserommet” skal førast vidare og utviklast.(Kap. 8).
- Eit systematisk arbeid for skulevurdering og kvalitetsstyrking skal vidareførast i samsvar med planen. Skulevurderingsprosjektet i Hardanger/Voss vert ført vidare. (Kap. 9).
- Einingsleiar for skule bør ha pedagogisk utdanning.(Kap.10).
II Det vert gjennomført eit organisasjons- og skuleutviklingsprogram etter følgjande timeplan:
- Det vert sett i gang prosjekteringsarbeid for tilbygg til Øystese Ungdomsskule med sikte på at elevane ved Norheimsund ungdomsskule vert flytt til Øystese.
Ungdomsskule ved skulestart 2007. (start våren –05). Forprosjekt for den nye sentral-ungdomsskulen i Kvam skal leggjast fram til godkjenning i heradsstyret. Forprosjektet med romprogram skal innehalda byggekostnader, val av læremiljø, prognose elevtal i perioden 2007 – 2012, og skulens årlege driftskostnader. Innsparingane i rådmannens forslag ved realisering av ein sentral ungdomsskule i Kvam skal dokumenterast.
- Det vert sett i gang prosjekteringsarbeid for tilbygg ved barneskulen i Strandebarm (Tangerås) i samsvar med pkt 1a i vedlegg 2 i Skulebruksplanen. Skulen vert sett i stand til å ta imot elevane frå Oma, Innstranda og Mundheim. (start våren –05).
Forprosjekt for Strandebarm ungdomsskule skal leggjast fram til godkjenning i kommunestyret. Forprosjektet med romprogram skal innehalda byggekostnader, val av læremiljø, prognose elevtal i perioden 2007 – 2012, og skulens årlege driftskostnader.
- Byggestart for skulane i Øystese og Strandebarm så tidleg så råd på året. Ferdigstilling til august 2007.
- Fykse skule vert lagt ned. Elevane vert overført til Øystese barneskule. (aug. –07).
- Ungdomstrinnet ved Ålvik skule vert lagd ned. Elevane vert overført til Øystese Ungdomsskule. (aug. –07).
- Innstranda, Mundheim og Oma skular vert lagde ned. Alle elevane i Strandebarm vert samla på Strandebarm skule. (aug. –07) Ombygginga ved Strandebarm skule ferdig til skulestart aug. –07.
- Norheimsund ungdomsskule vert lagt ned og elevane overførte til Øystese Ungdomsskule. (aug. –07).
- Elevtalssituasjonen på ungdomstrinnet må vurderast. I lys av den vurderinga må ein sjå om elevane frå Tørvikbygd skule skal til Norheimsund/Øystese ungdomsskule (som ”no”) eller til Strandebarm ungdomsskule.
- Det vert nytta avgrensa høyring i Tørvikbygd for å avklara berørte partar sitt syn i saka. Administrasjonen legg fram sak for Kvam heradsstyre innan mai der alle konsekvensar ved dei ulike alternativa vert belyste.
- Til august 2008: Skuleområdet i Norheimsund vert omarbeidd og utbygt til felles barneskule for Norheimsund, Vikøy/Aksnes og Steinsdalen. Vikøy/Aksnes og Steinsdalen skule vert lagt ned. Deler av anlegget vert vurdert til anna offentleg bruk.
Forprosjekt for skulen i Norheimsund skal leggjast fram til godkjenning i kommunestyret. Forprosjektet med romprogram skal innehalda byggekostnader, val av læremiljø, prognose elevtal i perioden 2007 – 2012, og skulens årlege driftskostnader.
Rådmannen må få fullmakt til i samarbeid med dei partane det vedkjem, å førebu og gjennomføra programmet.
III Det skal utarbeidast ein plan for utbetringar av alle skulane i Kvam. Utbetringane må skje i samsvar med dei offentlege krava for tiltak som ligg føre(Jfr.LINK-rapporten). Ein forutset eit samarbeid med ulike tilsynsmynde( t.d. Arbeidstilsynet) om dette.( Jfr. HST 121/04).
IV Innan gjeldande økonomiske rammer utarbeider administrasjonen eit program for vidare kompetanseutviklng for tilsette ved skulane i Kvam. Ein bør ta sikte på at programmet vert gjennomført dels i samarbeid med andre (t. d. Kursregionen i Hardanger og Voss, eller med andre kommunar) eller som eigne opplegg i Kvam. Programarbeidet må starta snarastslik at det kan gå paralellt med organisasjons- og skuleutviklingsprogrammet for skulane i Kvam. Det er naturleg at arbeidet tek utgangspunkt i statleg tiltak, “Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005 – 2008” og Rundskriv F- 13/04 “Dete er Kunnskapsløftet Kultur for læring.”
V Plan for vidare bruk av eigedommane som skal ut av bruk som skule, må leggjast fram for heradsstyre før august 2006.
VI Namnet Kvam musikk- og kulturskule vertendra til Kvam kulturskule.
Med bakgrunn i dei endringane som skulane i Kvam skal gjennomføra i perioden 2007 – 2008, skal ledelsen i heradet i utstrakt grad orientera skulane, med elevar og foreldre, om planar og gjennomføring av endringane.
|
|