|
|
|
Ny skulestruktur i Kvam
|
Lagt ut 16. februar 2005 kl. 13:00 av Øystein Ådland
|
Formannskapet har tilrådd for heradsstyret at det vert gjort endringar i skulestrukturen frå august 2007. Arbeidet med å førebu endringane skal starta straks. Endeleg vedtak gjer heradsstyret tysdag 1. mars.Tilrådinga vart gjort mot 2 røyster som støtta eit framlegg frå Senterpartiet.
|
|
Stort sett følgjer tilrådinga innstillinga frå rådmannen. Det er såleis ei stor og omfemnande endring kvammaskulen står framfor dei kommande åra. Tilrådinga frå formannskapet lyder i si heilheit slik:
I. Heradsstyret tek ’Skulebruksplan for Kvam 2004 – 2007’ til vitande. Planen er eit godt grunnlag for vidare vedtak om tiltak til beste for grunnskulen, vaksenopplæringa og kulturskulen i Kvam.
II. Det vert gjennomført eit organisasjons- og skuleutviklingsprogram etter følgjande timeplan: 1. Det vert sett i gang prosjekteringsarbeid for tilbygg til Øystese Ungdomsskule med sikte på at elevane ved Norheimsund ungdomsskule vert flytt til Øystese Ungdomsskule ved skulestart 2007. (start våren –05) 2. Det vert sett i gang prosjekteringsarbeid for tilbygg ved barneskulen i Strandebarm (Tangerås) i samsvar med pkt 1a i vedlegg 2 i Skulebruksplanen. Skulen vert sett i stand til å ta imot elevane frå Oma, Innstranda og Mundheim. (start våren –05) 3. Byggestart for skulane i Øystese og Strandebarm så tidleg så råd på året. Ferdigstilling til august 2007. 4. Fykse skule vert lagt ned. Elevane vert overført til Øystese barneskule. (aug. –07) 5. Ungdomstrinnet ved Ålvik skule vert lagd ned. Elevane vert overført til Øystese Ungdomsskule. (aug. –07) 6. Innstranda, Mundheim og Oma skular vert lagde ned. Alle elevane i Strandebarm vert samla på Strandebarm skule. (aug. –07) Ombygginga ved Strandebarm skule ferdig til skulestart aug. –07. 7. Norheimsund ungdomsskule vert lagt ned og elevane overførte til Øystese Ungdomsskule. (aug. –07) 8. Elevtalssituasjonen på ungdomstrinnet må vurderast. I lys av den vurderinga må ein sjå om elevane frå Tørvikbygd skule skal til Norheimsund/Øystese ungdomsskule (som ”no”) eller til Strandebarm ungdomsskule. Det mest kostnadseffektive alternativet må veljast. Det vert nytta avgrensa høyring i Tørvikbygd for å avklara berørte partar sitt syn i saka. Administrasjonen legg fram sak for Kvam heradsstyre innan mai der alle konsekvensar ved dei ulike alternativa vert belyste.
9. Til august 2008: Skuleområdet i Norheimsund vert omarbeidd og utbygt til felles barneskule for Norheimsund, Vikøy/Aksnes og Steinsdalen. Vikøy/Aksnes og Steinsdalen skule vert lagt ned. Deler av anlegget vert vurdert til anna offentleg bruk.
Rådmannen må få fullmakt til i samarbeid med dei partane det vedkjem, å førebu og gjennomføra programmet.
III. Det skal utarbeidast ein plan for utbetringar av alle skulane i Kvam. Utbetringane må skje i samsvar med dei offentlege krava for tiltak som ligg føre (Jfr. ’LINK-rapporten’). Ein forutset eit samarbeid med ulike tilsynsmynde (t.d. Arbeidstilsynet) om dette arbeidet. (Jfr. HST 121/04).
IV. Innan gjeldande økonomiske rammer utarbeider administrasjonen eit program for vidare kompetanseutvikling for tilsette ved skulane i Kvam. Ein bør ta sikte på at programmet vert gjennomført dels i samarbeid med andre (t.d. Kursregionen i Hardanger og Voss, eller med andre kommunar) eller som eigne opplegg i Kvam. Programarbeidet må starta snarast slik at det kan gå parallelt med organisasjons- og skuleutviklingsprogrammet for skulane i Kvam. Det er naturleg at arbeidet tek utgangspunkt i statlege tiltak, “Konpetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005 – 2008” og Rundskriv F-13/04 “Dette er Kunnskapsløftet. Kultur for læring.”
V. Plan for vidare bruk av eigedommane som skal ut av bruk som skule, må leggjast fram for heradsstyret før august 2007.
VI. Namnet Kvam musikk- og kulturskule vert endra til Kvam kulturskule.
|
|
|
|
|
|
UKM i Kvam
|
|
Lagt ut 16. januar 2012 kl. 10:59 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Rapport frå UKM 2011
|
|
Lagt ut 28. januar 2011 kl. 12:28 av Hanna Sheehy/Lena Hammer (UKM-redaksjonen)
|
|
|
PANG!
|
|
Lagt ut 7. januar 2011 kl. 11:40 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Bandkonsert
|
|
Lagt ut 26. november 2010 kl. 00:09 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Kulturklubben
|
|
Lagt ut 20. mai 2010 kl. 14:57 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Video frå UKM
|
|
Lagt ut 12. februar 2010 kl. 10:49 av Geir Arne Ellingsen
|
|
|
Jazzdans
|
|
Lagt ut 21. august 2008 kl. 11:45 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Strykeorkester
|
|
Lagt ut 11. mai 2005 kl. 14:21 av Rolf Kristoffer Seldal
|
|
|
Skulesider
|
|
Lagt ut 16. mai 2003 kl. 10:39 av Frank Tangen
|
|
|
Lærarstreik
|
|
Lagt ut 3. februar 2003 kl. 14:17 av Anne- Bjørg Aspheim
|
|
|
Skulestart
|
|
Lagt ut 4. august 2002 kl. 15:55 av Dag Storås/Frank Tangen
|
|
|
|
|