ARTIKLAR - WWW.KVAM.NO
Kvammaskulen
AKTUELT
artiklar - www.kvam.no
innsyn (saksdokument)
YMEST
filarkiv
fotoalbum
LOGG INN
Admin
Ny start – felles grunnlag – aktive elevar!
Lagt ut 23. september 2009 kl. 09:24 av Tove Haugen
I samband med at Kvam herad har vore med i prosjektet Kunnskapsløftet frå ord til handling, har kompetansemiljøet NLA v/Cathrine Borgen og prosjekleiar Tove Haugen laga ein artikkel med oppsummering av erfaringar. Prosjektet har vore støtta av Utdanningsdirektoratet med kr.790.472,-. Hovudfokus i prosjektet har vore samanslåing av skulane og korleis ein skal arbeide for å danne ein ny frisk organisasjonskultur med tilhøyrande pedagogisk plattform.
Forvaltningsrapport om Kvammaskulen 2007
Lagt ut 9. september 2009 kl. 10:02 av Rådmannen
Revisjonen har forfatta ein forvaltningsrapport om Kvammaskulen 2007. Rådmannen har kommentert rapporten, og dertil funne fram (og referert) ein høveleg artikkel for dei som vil forstå prosessen. Rapporten vart handsama av kontrollutvalet måndag 7. september.
Kort statusrapport for prosjekt Kvammaskulen 2007
Lagt ut 26. juni 2009 kl. 12:34 av Tore Skeie
Økonomi: utgiftsførte kostnader pr 25 juni 2009 viser totalsum på 208,4 mill. Desse er fordelt med:
  • Kvam ungdomsskule 85,7 mill (budsjett 86,6 mill, prognose 86,5 mill))
  • Strandebarm skule og idrettspark 106,7 mill (budsjett 95 mill, prognose 110 mill)
  • Tørvikbygd skule 10,9 mill (budsjett 10.6 mill, prognose 12.5 mill)
  • Norheimsund barneskule: 0,9 mill (budsjett 50 mill)
    Felles og andre 4,2 mill

Høyringsuttaler
Lagt ut 16. februar 2009 kl. 08:16 av Øystein Ådland
Høyringsuttaler til sak Kvammaskulen - konsekvensar og presisering av vedtak. HST-149/08, 11.11.2008.
Ny handsaming i Kvam heradsstyre 10. mars 2009.
Prosjekt Kvammaskulen 2007 – statusrapport pr 10 febr 2009
Lagt ut 12. februar 2009 kl. 14:56 av Tore Skeie
Uttale frå kommuneadvokaten - Lovlegkontroll av H sak 149/08
Lagt ut 23. januar 2009 kl. 15:07 av Sigrid Laupsa
Kravet om lovlegkontroll er fremja av alle mindretallet sine medlemer og er i hovudsak grunngjeve med fylgjande:
  • Saka er ikkje forsvarleg utgreidd.
  • Vedtaket bryt med FN sin barnekonvensjon.
  • Vedtaket representerer brot på arbeidsmiljølova.
  • Saka vart tatt opp til handsaming i strid med kommunelovas § 34.

I vedlegget får du kommuneadvokaten sine kommentarar til dei enkelte punkta.
Kvammaskulen - Konsekvensar og presisering av vedtak (HST-149/08) 11.11.08
Lagt ut 20. januar 2009 kl. 12:21 av Øystein Ådland
Heradsstyret gjorde vedtak om at rådmannen "legg fram sak om dei økonomiske pg organisatoriske konsekvensane" av vedtaket.
Saka er no sendt ut til ei brei høyring. Høyringsfrist er 6. februar -09.
Rådmannen tek sikte på at saka skal handsamast i heradsstyret 10. mars.
RETTING AV FEIL:
To stader i saksutgreiinga hadde Tørvikbygd skule falle ut:
1. Side 3, siste avsnittet avsnittet under punkt to: ".... som skuleanlegg for ungdomsskuleelevar frå Ålvik, Øystese, Norheimsund og Tørvikbygd."
2. Forskrift (s.5 i saka, under Kvam ungdomsskule: "Frå skuleåret 2009/10 gjeld det elevane frå Ålvik skule, Øystese barneskule, Norheimsund barneskule og Tørvikbygd skule.
Desse manglane er retta opp i det vedlagte dokumentet!
Kvammaskulen – kort utbyggingsrapport pr 31 okt 2008
Lagt ut 31. oktober 2008 kl. 12:21 av Tore Skeie
3 ulike skulebygg til samla kostnad på ca 200 mill er i ulike byggjefasar. Så langt er det rekneskapsført utgifter på ca 162 mill fordelte slik: ungdomsskulen i Øystese ca 80 mill, Strandebarm skule og idrettspark ca 76 mill, Tørvikbygd skule ca 2 mill, fellesutgifter ca 4 mill.
....frå ord til handling .. ... - Strandebarm-prosjekt presentert i Skien
Lagt ut 29. oktober 2008 kl. 14:15 av Øystein Ådland
Skulen er på andre året med i prosjektet "Kunnskapsløftet - frå ord til handling". Utdanningsdirektoratet har invitert til prosjektet.
Nye telefonnr og ny adresse til Strandebarm skule
Lagt ut 17. oktober 2008 kl. 09:34 av Frank Tangen
Strandebarm skule har fått ny adresse og nye telefon-nummer:

Strandebarm skule, Tangeråsneset 35, 5630 Strandebarm
tlf. 56556870 (resepsjon), 56556871 (rektor)

Strandebarm bibliotek har IKKJE flytta endå - og dei har framleis tlf. 56559502

Kvammaskulen - Ny skulestruktur ungdomstrinnet
Lagt ut 16. oktober 2008 kl. 13:50 av Harald Inge Anderssen
Vedlagt finn du sakspapir med vedlegg for saka om skuletrukturen i kvammaskulen. Saka skal opp i formannskapet 28.10 og heradsstyret 11.11.2008.
På plass på ny skule
Lagt ut 15. oktober 2008 kl. 09:03 av Øystein Ådland
Elevar og tilsette gjekk frå gammalt til nytt. No er Strandebarm skule den nye skulen på Tangeråsneset. Og det såg ut for at alle fann seg vel til rette i nye omgjevnader.
Konsulenten sitt referat frå møte med politiske leiarar i Kvam
Lagt ut 14. oktober 2008 kl. 15:41 av Harald Inge Anderssen
Ordførar ynskjer i samråd med konsulent at referatet frå dette møtet vert gjort kjent for ålmenta.
Utdanningsdirektoratet vidarefører prosjektmidlar til Strandebarm
Lagt ut 16. september 2008 kl. 10:05 av Frank Tangen
Kvam herad søkte om prosjektmidlar for skuleprosjekta i Strandebarm og Øystese, men programstyret i Kunnskapsløftet - frå ord til handling, ynskjer berre å gje stønad til prosjektet i Strandebarm. Innstillinga og argumentasjonen ser du under her.
Hektisk innspurt på ungdomsskulen i Øystese
Lagt ut 15. august 2008 kl. 14:16 av Tore Skeie
I dag (fredag 15 aug 2008) er det hektisk aktivitet for å få ferdig ny skule til oppstart måndag 18 august. Lærarane er samla til siste planleggingsdag før skulestart medan byggjearbeidet pågår for fullt både ute og inne. Byggjeleiar Arvid Tangerås er ikkje bekymra for om arbeidet er ferdig i laupet av helga. Skulen startar i nye lokale, og berre noko garderobe- og dusjareal i underetasjen samt musikkrom vil gjenstå. Også dette vil vera ferdig om 2-3 veker.

Alt tyder difor på at ungdomsskulen står klar til bruk innan fastsett tid og innanfor godkjent budsjettramme. Vi ønskjer elevar og lærarar lukke til i den flotte skulen!

Skisseprosjekt for 1 - 10-skule i Norheimsund
Lagt ut 11. august 2008 kl. 11:07 av Rådmann
Vedlagt finn du skisseprosjektet for 1 - 10-skule i Norheimsund utarbeidd av arkitektkontoret Vaardal-Lunde AS på oppdrag frå Kvam herad.
Oppveksttun i Øystese
Lagt ut 8. juli 2008 kl. 09:04 av Tarjei Bjørkly
Mulighets- og skissestudie av oppveksttun i Øystese levert av Asplan Viak. Du kan laste ned skissene som pdf-dokument i denne artikkelen. I tillegg er skissene lagt ut til gjennomlesing ved biblioteka i Øystese og Norheimsund samt på rådhuset.
Juli-nytt frå Kvammaskulen 2007
Lagt ut 7. juli 2008 kl. 14:39 av Tore Skeie
For prosjekt Kvammaskulen 2007 er det pr 4 juli 2008 utgiftsført ca 131 mill fordelt med ca 68 mill på ungdomsskulen i Øystese, 59 mill på Strandebarm skule og idrettspark, ca 1 mill på Tørvikbygd skule og ca 4 mill på felles-utgifter. Avvik mot budsjett er rapport for Strandebarm skule og idrettspark med ca 10% (ca 10 mill), og 3 mill av dette kjem seg frå ny gang og sykkelveg i Tangeråsdalen. Ungdomsskulen i Øystese ser ut til å halda seg innanfor godkjent budsjett på 86.6 mill. Tørvikbygd skule med budsjett på 10.6 mill har nett starta, men har i utgangspunktet eit stramt budsjett.
Fristforlengelse for skisseprosjektet i Norheimsund
Lagt ut 24. juni 2008 kl. 10:47 av Tarjei Ytrehus Bjørkly
På bakgrunn av at oppdraget til arkitektene som utarbeider skissen for ny 1-10 skole i Norheimsund ble noe utvidet ved vedtak i heradstyremøtet i mai, er ferdigstillelsesfristen for skisseprosjektet forlenget til 8. august. Arkitektene får dermed en ekstra uke til å arbeide med skissen etter ferien.
Alternativ 3 for 1-10 skole i Norheimsund
Lagt ut 20. juni 2008 kl. 10:33 av Tarjei Ytrehus Bjørkly
Her følger det siste av de tre utkastene for 1-10 skole i Norheimsund. Romfordeling og løsninger er ikke endelige. Dette var kun et utkast til diskusjon under brukergruppemøtet. Deltagerne i brukergruppen vil kunne komme med innspill til utkastene innen onsdag 25. juni.
Utkast frå Vaardal-Lunde til Norheimsund skule
Lagt ut 17. juni 2008 kl. 07:53 av Tarjei Ytrehus Bjørkly
Det foreligger nå et foreløpig utkast fra Arkitektkontoret Vaardal-Lunde AS. Det skisserer to alternative løsninger for 1-10 skole i Norheimsund. Her følger dokumentene fra arkitektene. De har også lagt ved plankart fra 2003 og forslag til reguleringsplan fra 2005 som bakgrunnsinformasjon.

Norheimsund ungdomsskule får nytt ventilasjonsanlegg i basseng og garderobar
Lagt ut 9. juni 2008 kl. 08:02 av Tore Skeie
Arbeid med å få eit energivenleg nytt ventilasjonsanlegg for basseng og tilstøytande rom ved Norheimsund ungdomsskule er tinga. Kantek AS var rimelegaste tilbydar, og vil montera det nye anlegget i laupet av oktober i år. Kostnad for dette er stipulert til ca 700.000 eks mva.
Mesta skal laga ny gang og sykkelveg på Tangerås
Lagt ut 9. juni 2008 kl. 08:02 av Tore Skeie
Ny gang og sykkelveg gjennom Tangerås-dalen skal byggjast før flytting til ny skule i Strandebarm ca 1 okt 2008. 3 føretak var med i anbodsrunden, og Mesta var lågast med ca 2.9 mill eks mva. Kontraktsforhandlingar er planlagt onsdag 11 juni. Kvam herad må diverre bera kostnadene for tiltaket som del av skulepakken, men vil forhandla vidare med Statens vegvesen om kostnadssida.
Ombygginga av ungdomsskulen i Øystese går som planlagt
Lagt ut 6. juni 2008 kl. 11:21 av Tore Skeie
Malarar, tømrarar og tekniske fag er i fullt driv om dagen, og snart startar sluttarbeida utanfor den nye hovudinngangen. Vi trur at også siste del av ombygginga skal stå rimeleg ferdig 15. aug 2008 takka vera ein eineståande innsats frå alle partar. Vedlagte foto viser korleis det ser ut 5. juni 2008
Vedkomande spørsmål om dispensasjonar knytt til skulebygg
Lagt ut 4. juni 2008 kl. 13:19 av Frank Tangen
Me har motteke brev frå arbeidstilsynet på spørsmål om dispansasjonar knytt til skulebygg. Me meinar at det er viktig å få dette kjent for ålmenta og legg difor lenke til brevet i denne artikkelen.
Rapport klar for Oppveksttunet i Øystese
Lagt ut 2. juni 2008 kl. 12:27 av Tarjei Bjørkly
Det foreligger nå en foreløpig rapport fra Aplan Viak AS. Den skisserer noen muligheter for et eventuelt Oppveksttun i Øystese.
Tørvikbygd skule – ombygginga litt forseinka
Lagt ut 15. mai 2008 kl. 13:19 av Tore Skeie
Etter anbodsrunden i mars var det klart at ombyggingskostnadene vart for høge, og at ein del forenklingar måtte gjerast for å halda budsjettet på 10.6 mill. No er planane noko omarbeidde og dei prosjekterande arbeider med ny spesifikasjon med tilhøyrande kostnader basert på innsende anbod. Nye teikningar med spesifikasjon skal vera klare innan utgangen av mai. Romfunksjonar som var med sist, er stort sett også med denne gongen, men eksisterande areal vert meri intensivt utnytta og nytt areal vert vesentleg mindre. Sist reviderte planteikning er vedlagd denne orienteringa.
Anbod gang og sykkelveg på Tangerås – utsett anbodsfrist
Lagt ut 8. mai 2008 kl. 10:37 av Tore Skeie
Anbodssynfaring vart gjennomført 5 mai med 6 interesserte føretak. Teikningar vart gjennomgått under synfaringa, men resten av anbodsgrunnlaget vert sendt ut til dei interesserte i veke 20. Vi har difor avgjort å utsetja innleveringsfristen for anbod frå 19. mai til 2 juni. Sjå elles referat frå anbodssynfaringa 5. mai 2008 som er vedlagt.
Innspill til prosjektene med Oppveksttun i Øystese og 1-10 skole i Norheimsund
Lagt ut 30. april 2008 kl. 09:11 av Tarjei Bjørkly
Brukergruppene har hatt sine første innledende møter med de prosjekterende arkitektfirmaene. I tiden fremover blir det mulig å komme med innspill til sine representanter i brukergruppene for de som berøres av prosjektene. Under gis det en kort oversikt over den videre prosessen.
Open dag v/Øystese ungdomsskule
Lagt ut 29. april 2008 kl. 08:57 av Miriam Svalheim
7. mai frå kl. 18-21, vert det open dag ved Øystese ungdomsskule. Alle som ynskjer å sjå den nye skulen, er hjartleg velkomne!
Det er ingen som har kommentert denne artikkelen.
Møteplan

Møteprotokollar

23.03.2010 - FSK
09.03.2010 - HST
16.02.2010 - FSK
09.02.2010 - HST
15.12.2009 - HST
01.12.2009 - HST
24.11.2009 - FSK
10.11.2009 - HST
13.10.2009 - HST
29.09.2009 - FSK