|
|
KVAM KULTURSKULE
|
Lagt ut 9. mars 2012 kl. 12:09 av Steinar Karlsen
|
|
|
|
Kvam kulturskule er ein av dei største kulturskulene i Hordaland. Den vart starta i 1978 under namnet Kvam kommunale musikkskule men endra namn til Kvam kulturskule i 2004 då det vart tilbydd andre fag enn musikk.
I fagkrinsen i dag er det undervisning i visuelle kunstfag, dans, drama og ymse musikkutrykk. Kvam kulturskule har over 530 elevar i kulturskulen våren 2012. I tillegg får om lag 250 medlemmer i friviljuge organisasjonar instruktørar frå skulen.
Undervisninga skjer for det meste i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og i Ålvik. Det er tilsett 28 dyktige lærarar i kulturskulen og det vert undervist på om lag 30 forskjellige disiplinar.
Kvam kulturskule har også ansvaret for Den Kulturelle Skulesekken i Kvam, og her deltek om lag 600 elevar kvart år på diverse samspelprosjekt, formgjevingsprosjekt og danseframsyningar. Kulturskulen har og ansvaret for den lokale Ungdommens Kulturmønstring.
ADRESSE: Grovagjelet 14, 5600 Norheimsund TELEFON: 56553064 EPOST: kulturskulen@kvam.kommune.no KONTORTID: 09-15
REKTOR: Rolf Kristoffer Seldal MOBIL: 92483273 EPOST: rose@kvam.kommune.no
|
|
|
|
|  |

KALENDER
Tysdag 29.05.2012:
19:00 SOMMARKONSERT..
Jondal Grendakor og Herand Musikklag inviterer til sin årlege sommarkonsert i Hardanger kulturgalleri. Gjester denne gongen er Solstråla, JU, Jondal Musikklag og elevar frå Jondal kulturskule.
Kvem...
Laurdag 02.06.2012:
14:00 Kakaokonsert..
NB: Ny dato!
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning. 26. mai vert det ny konsert.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program...
|
|
|