|
|
P90074 Norheimsund barneskule
|
|
|
|
Dette er eit investeringsprosjekt med ei totalramme på 50 mill. kroner. Pr. 1. tertial 2009 står det att på ramma 49.132 mill. kroner
|
|
Frå Årsmelding 2008: Tidlegare skisseprosjekt har lege i ”dvale” medan nye skisseprosjekt har vorte utarbeidde. Oppgradering av ventilasjonsanlegg for symjebasseng ved ungdomsskulen er gjennomført for at symjeundervisning kunne gjennomførast.
Frå Budsjett 2009: Barneskulen er innarbeidd i investeringsplanen for 2009 og 2010. Totalramma er sett til 50 mill. kr. basert på tidlegare vedtak om å nytta 39,7 mill. kr. og overføring av 11 mill. kr. frå barnehageutbygging i Norheimsund, jfr. vedtak i heradsstyret i juni 2008, sak 80/08.
Frå Budsjettforslag 2010: Det er sett av 50,0 mill. kr. til ny barneskule i Norheimsund. Prosjektarbeidet er no i gang og det er forventa byggjestart i 2010 og ferdigstilling hausten 2011. Ramma vert såleis føreslege fordelt med 1,0 mill. kr. 2009, 19,0 mill. kr. i 2010 og 30,0 mill. kr. i 2011. Endeleg kostnad er ikkje kjent før teikningar er godkjente og prosjektet anbod er henta inn.
Finansiering: Lån kr. 40.389.000,- Konto 2560.0100 Mva. komp frå investeringsprosjekt kr. 9.611.000,- Sum finansiering kr. 50.000.000,-
I mars 2010 vart prosjektramma auka til 75 mill. kroner, sjå eigen artikkel.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Aktive skuleprosjekt i Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2010 og økonomiplanperioden
|
|
Lagt ut 1. januar 2010 kl. 11:21 av Per Øyvind Tveiten
|
|
Frå 2010 skal berre vera eit skuleprosjekt att. Prosjekta i Strandebarm, Tørvikbygd og Kvam ungdomsskule reknar ein med er ferdige ultimo desember 2009 med unntak av noko reklamasjonsarbeid. Skuleprosjektet ved barneskulane i Øystese og Ålvik vert trekt inn og midlane overført til dekning av overskridingar på prosjekta i Strandebarm, Tørvikbygd og Kvam ungdomsskule
|
|
|  |
|