ARTIKLAR
Prosjekt
+ hovudside
+ driftsprosjekt
+ it-satsing
+ barnehage
+ skule
+ kommunehelse / pleie- og omsorg
+ kultur
+ teknisk
+ va-prosjekt
+ ymest
+ vedlikehaldspakken
+ tiltakspakken
+ logg inn
Velkomen til Kvam herad sine prosjektsider
Denne portalen er oppretta for å lose deg som brukar inn på dei ulike prosjekta som heradet arbeider med. Via menystrukturen til venstre vil du finne enkeltprosjekt opplista i ulike kategoriar.
Når du vel eit av prosjekta vil du få fram informasjonsartiklar relatert til det aktuelle prosjektet vist i midtfeltet (der denne artikkelen står). I høgre kolonne vil du finne ulike typer dokument relatert til det prosjektet du har klikka på.

Den samla oversikta over kommunen sine drifts- og investeringsprosjekt med kommentarar fins i budsjett og årsmeldingar. I kommunen sitt saksarkiv (Web-sak) er alle dokument omkring prosjekta registrert. Desse kan lesarar finna gjennom Innsyn eller ved å kontakta fellessekretariatet.

Me håpar at desse sidene vil hjelpe deg til ein betre oversikt over prosjekt Kvam herad har gåande til ei kvar tid. Har du tips til forbetringar er du velkomen til å ta kontakt.





Heradstyret skal vurdera auka investeringsramma for Norheimsund barneskule i møte 9. mars
Lagt ut 18. februar 2010 kl. 14:23 av Hans Atle Soldal
I Heradstyret sitt møte 9. februar orienterte Rådmannen om prosessen fram til no. Styringsgruppa har avdekka trong for auka investeringsramme for å byggja ut skulen med tilfredsstillande storleik og kvalitet.
Prosjekt som ikkje er funne midlar til i Budsjettforslaget for økonomiplanperioden 2010-13
Lagt ut 13. januar 2010 kl. 15:20 av Hans Atle Soldal
I punkt 3 under Prosjekt i økonomiplanperioden, side 51 er opplista prosjekt som rådmannen ikkje hadde funne mildar til. Det gjeld:
- kjøp av kai på Kaldestad
- kjøp av ICA-tomta
- asfaltering 2010-2013
- IT i skulen
- Hardangertunellen
- P60022 Bustadfelt i Norheimsund
- P60051 Skytebane Norheimsund / Øystese - tidlegare vedtak
- P60055 Bårehus Øystese
Budsjett 2010 og økonomiplan 2010 - 2013. Investeringsprosjekt
Lagt ut 13. januar 2010 kl. 15:16 av Hans Atle Soldal
Rådmannen la fram budsjettforslag i Kvam heradstyre tysdag 10. november. Kvam heradstyre vedtok budsjettet 15. desember. Dei ulike aktive prosjekta er oppdaterte i høve til rådmannen sitt budsjettforslag, sjå desse under menyen til venstre.
Det vedtekne budsjettet vert lagt ut på Kvam herad si heimeside "Økonomi og innsparing".
Aktive skuleprosjekt i Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2010 og økonomiplanperioden
Lagt ut 12. november 2009 kl. 13:18 av Hans Atle Soldal
Frå 2010 skal berre vera eit skuleprosjekt att. Prosjekta i Strandebarm, Tørvikbygd og Kvam ungdomsskule reknar ein med er ferdige ultimo desember 2009 med unntak av noko reklamasjonsarbeid. Skuleprosjektet ved barneskulane i Øystese og Ålvik vert trekt inn og midlane overført til dekning av overskridingar på prosjekta i Strandebarm, Tørvikbygd og Kvam ungdomsskule
Bjørketeigen barnehage - anbodsdokument er lagt ut på Doffin
Lagt ut 2. november 2009 kl. 08:40 av Arvid Tangerås
Anbodsmateriellet for ombygging av Bjørketeigen til barnehage er ferdig. Invitasjon til å levera inn tilbod er lagt ut på Doffin med innleveringsfrist 17. november.
Nye Norheimsund Barneskule - behandling i Kvam heradstyre 13.10.2009
Lagt ut 19. oktober 2009 kl. 09:31 av Hans Atle Soldal
Kvam heradstyre vedtok i møte 13. oktober eit oversendingsframlegg i samband med interpellasjon frå Kvam Venstre:
Nye Norheimsund Barneskule - status pr. 1. oktober
Lagt ut 1. oktober 2009 kl. 22:39 av Hans Atle Soldal
Prosjektet starta opp att 18. august. Framdriftsplanen vart presentert for Kvam heradstyre i møte den 8. september, sjå filarkivet.
Prosjekt utbygging av Norheimsund barneskule
Lagt ut 7. august 2009 kl. 13:02 av Hans Atle Soldal
Dette prosjektet vart arbeidd med i 2006, men inntil vidare lagt til sides p.g.a. drøftingane omkring framtidig status for Norheimsund Ungdomsskule. Då den saka no er avgjort, startar rådmannen opp prosjektet att.
P37071 Omsorgsplan 2015 - oppgradering av Strandebarmheimen
Lagt ut 9. juli 2009 kl. 20:52 av Hans Atle Soldal
Kvam heradstyre vedtok 16. des.08 i sak 08/1486 "Endringar i organisering av pleie- og omsorgstenesta og legevakt", pkt. 6 at det skulle arbeidast vidare med andre utbyggingsbehov innan pleie- og omsorg
Plan for nye lokale til legevakt, ambulanse og hjelpemiddellager på Toloheimen
Lagt ut 6. juli 2009 kl. 09:22 av Hans Atle Soldal
Kvam heradstyre godkjende i møte 16. juni planane for nye lokale for legevakt, ambulanse og hjelpemiddellager på Toloheimen.
P80090-80099 Vedlikehaldspakken
Lagt ut 26. juni 2009 kl. 14:24 av Hans Atle Soldal
P80090-80099 Vedlikehaldspakken
Heradsstyret vedtok i juni bruk av vedlikehaldspakken. Den statlege delen av finansieringa er på 5,55 mill kr. Brutto kostnader for prosjektet inkl. mva er 6,759 mill kr. Differansen vert finansiert ved bruk av Mva-komp.fondet.

Saka vart handsaman i Kvam Heradstyret 11.mai 2009, sjå denne og vedtak i filarkivet til høgre

For enkeltprosjekt - sjå under menyvalet Vedlikehaldspakken

Kalender