ARTIKLAR
Prosjekt
+ hovudside
+ driftsprosjekt
+ it-satsing
+ barnehage
+ skule
+ kommunehelse / pleie- og omsorg
+ kultur
+ teknisk
+ va-prosjekt
+ ymest
+ vedlikehaldspakken
+ tiltakspakken
+ logg inn
Nye Norheimsund Barneskule - behandling i Kvam heradstyre 13.10.2009
Kvam heradstyre vedtok i møte 13. oktober eit oversendingsframlegg i samband med interpellasjon frå Kvam Venstre:
"I bygdene Steinsdalen, Vikøy/Aksnes og Norheimsund er ca. 270 elevar berørt av skulenedleggingar. Ingen andre stader i Kvam har så mange elevar mist skulen sin. Kvam heradstyre ynskjer at elevane som no vert samla ved nye Norheimsund barneskule skal få eit godt og framtidsretta skuletilbod.

Bygningane som tidlegare vart nytta av Norheimsund ungdomsskule er nedslitne og ueigna som framtidsretta skulebygg og det framstår som lite tenleg å spreie skuledrifta i fire bygg.

Som fylgje av dette vedtek Kvam heradstyre at framtidsretta og gode pedagogiske løysingar skal vera styrande for dei skissene som vert utarbeidd i samband med prosjektet.

Heradstyret vil at dei 2 bygningane som romma Norheimsund Ungdomsskule ikkje skal inkluderast i bygningsmassen for nye Norheimsund Barneskule.

Kvam heradstyre ber rådmannen om at nye Norheimsund Barneskule skal innehalda eit stort samlingsrom."

Sidan 18. august har prosjektet arbeidd med den pedagogiske plattforma for nye Norheimsund Barneskule. Då var det fellesmøte mellom FAU-medlemer, rektorar og lærarrepresentantar for dei tre skulane.
9. september var FAU-meldemer og alle lærarne ved dei tre skulane på ekskursjon til ny Strandebarm skule.
22. september var alle lærarane samla for å drøfta oppbygging og organisering av den nye skulen.
Måndag 9. november vil alle lærarane ved dei tre skulane møtast for å oppsummera og konkludera sine synspunkt for den pedagogiske plattforma. Deretter vil dette verta presentert i ny samling for FAU-medlemene ved dei tre skulane. Her vert også grendautvala i Norheimsund, Steinsdalen og Vikøy/Aksnes inviterte.

Dette arbeidet og Kvam heradstyre sine vedtak vil vera grunnlaget for arkitekten sitt arbeid med å utforma romprogram og skisseprosjekt.

Arkitekt Torill Tverberg var med på møtet 22. september og vil vera med på møte 9. november.
Arbeid med tilstandsvurdeing av 67-bygget er kome i gang og vil vera ferdig ca. 15. november. Dette arbeidet vert utført av Rambøll Norge AS.

Etter framdriftsplanen skal Kvam heradstyre behandla skisseprosjekt og kalkyle 1. møte i 2010.

Styrings- og prosjektgruppa hadde fellesmøte 16. oktober.

I styringsgruppa sit pr. 1. sept. 2010:
Prosjektsjef Per Øyvind Tveiten - leiar
Skulesjef Astrid Ljones Fjærestad
Økonomisjef Arild Steine
Hovudtillitsvald Svein Sekse
Rektor Odd Øygarden
Prosjektleiar Arvid Tangerås møter i styringsgruppa

I prosjektgruppa sit:
Prosjektleiar Arvid Tangerås - leiar
Rektorane Odd Øygarden, Lasse Skeie og Jorunn Øyen
Hovudtillitsvald Svein Sekse
Hovudverneombod Lillian Kvamsøy

Prosjektet fekk i Hst.møte mars-2010 ei auka ramme til 75 mill. kroner.

For framdrift av prosjektet, sjå andre artiklar.








Ny leiar for prosjektavdelinga frå 01.09.2010
Lagt ut 6. september 2010 kl. 13:10 av Hans Atle Soldal
P80090-80099 Vedlikehaldspakken - 2009
Lagt ut 1. september 2010 kl. 13:22 av Per Øyvind Tveiten
Plan for nye lokale til legevakt, ambulanse og hjelpemiddellager på Toloheimen
Lagt ut 1. september 2010 kl. 11:38 av Per Øyvind Tveiten
Bjørketeigen barnehage - byggestart
Lagt ut 13. august 2010 kl. 07:21 av Arvid Tangerås
Heradstyret vedtok auka investeringsramma for Norheimsund barneskule i møte 9. mars
Lagt ut 1. august 2010 kl. 11:21 av Per Øyvind Tveiten
Oma barnehage
Lagt ut 1. mai 2010 kl. 11:20 av Per Øyvind Tveiten
Aktive skuleprosjekt i Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2010 og økonomiplanperioden
Lagt ut 1. januar 2010 kl. 11:21 av Per Øyvind Tveiten
Prosjekt som ikkje er funne midlar til i Budsjettforslaget for økonomiplanperioden 2010-13
Lagt ut 1. januar 2010 kl. 11:20 av Per Øyvind Tveiten
Budsjett 2010 og økonomiplan 2010 - 2013. Investeringsprosjekt
Lagt ut 1. januar 2010 kl. 11:18 av Per Øyvind Tveiten
P37071 Omsorgsplan 2015 - oppgradering av Strandebarmheimen
Lagt ut 9. juli 2009 kl. 20:52 av Hans Atle Soldal
Velkomen til Kvam herad sine prosjektsider
Lagt ut 26. juni 2009 kl. 13:50 av Administrator

Kalender