|
|
|
|
P37071 Omsorgsplan 2015 - oppgradering av Strandebarmheimen
|
|
|
|
Kvam heradstyre vedtok 16. des.08 i sak 08/1486 "Endringar i organisering av pleie- og omsorgstenesta og legevakt", pkt. 6 at det skulle arbeidast vidare med andre utbyggingsbehov innan pleie- og omsorg
|
|
Rådmannen godkjende i notat "Prioritering av utbyggings- og utviklingsoppgåver m.v." 21.01.09 pkt. "Strandebarmheimen " å engasjera arkitekt til å arbeida ut ei skisseteikning og kostnadsoverslag for oppgradering av bygget. Vi har motteke skisseteikningar. Pasientromma er samla rundt eit fellesstove og avdelingskjøkken, slik det er løyst på Toloheimen/Øyseteseheimen og omsorgsbustadane i Norheimsund og Øystese. Dagsenteret er flytta til stovene, medan det som i dag er dagsenter er nytta til avlastningsrom for heimebuande. Tilsette, tilsynslege og fysioterapeut er svært nøgde med løysingane og vonar dei kan gjennomførast.
Målet med prosjektet har vore å få oversikt over dei oppgraderingsbehova som finst. I regjeringa sin Omsorgsplan 2015 er det løyvt midlar til desse tiltaka i denne perioden. Dersom det vert aktuelt å gjennomføra opprustinga, må Kvam heradstyre gjera vedtak om dette i tida fram til 2014, for å få det gjennomført innan 2015. Under menyvalet "Oppgradering Strandebarmheimen" under "kommunehelse/pleie- og omsorg" fins teikningsskisser og kostnadsoverslag utarbeidd av arkitekt, sjå filarkivet til høgre
Prosjektnavnet er skifta frå "Kjøp sykesignal Strandebarm", som hadde følgjande tekst: "Arbeid med skisseprosjekt og kostnadsanalyse for utbetring av Strandebarmheimen er sett i gang". Innkjøp av nytt sjukesignalanlegg vil berre vera eit av tiltaka, planlagt gjennomført i slutten av perioden ”Omsorgsplan 2015”.
|
|
|
|
|
|
|
|
Oma barnehage
|
|
Lagt ut 1. mai 2010 kl. 11:20 av Per Øyvind Tveiten
|
|
|  |
|
|