Denne artikkelen er henta frå Kvam herad sine nettsider.
URL: http://www.kvam.no/portal/biblskule2.asp?id=596&meny=tenester

Eigedom-, kart og planinformasjon

Lagt ut 16. juni 2017 kl. 09:16 av Bjørn Vik

INFOLand er ein automatisk marknadsplass for bygg, eigedom-, kart- og planinformasjon designa for private og profesjonelle brukarar. Velg mellom mange ulike produkt, og bestill desse via nettet.

WEBINNSYN/GEOINNSYN er vårkartløysing på internett, som inneheld basiskart, plankart, ortofoto og diverse søkefunksjonar.

Klikk for å opne Infoland
I INFOLand
kan du bestille t.d. meglerpakken, basiskart, plankart, nabooppgåve, byggeteikningar m.m. Bestillingane vert ekspedert innan 5 dagar, og levert som pdf-filer via e-post eller som vanleg post. Digitale vektorkart på SOSI/DWG/DXF format frå Kvam herad vert levert automatisk via e-post etter 5 - 10 min. Faktura vert sendt ut frå INFOLAND/Ambita AS.


KARTLØYSINGAR


Kvam herad tilbyr to ulike kartløysingar; eit enkelt kart og eit avansert med mange fleire funksjonar for meir profesjonelle aktørar. Klikk på illustrasjonane under for å gå til den aktuelle kartløysinga.

Enkel kartløysingAvansert kartløysing
Enkel kartløysingAvansert kartløysing


Webinnsyn inneheld basiskart med eigedomsgrenser, bygg, koter, vegar, kommuneplan, ortofoto, samt ein del spesialinformasjon.

Ved hjelp av søkefunksjonane som adresse, eigedom, stadnamn, skular, barnehagar og offentlege tenester, kan kartutsnitt hentast fram. I kartløysinga er det mogeleg å konstruere tekst, linjer, sirklar og figurar, samt måle avstand og areal m.m. Kartutsnittet kan så skrivast ut eller kopierast inn i eit dokument.

Me tek atterhald om at det kan vere feil på kartet, ma. gjeld dette eigedomsgrenser, leidningar, planar, m.m. som i samband med prosjektering/anleggsarbeid må undersøkast nærare.


Epost: bjorn.vik@kvam.kommune.no