Lenke til artikkelinnhald - sokLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |

Ung fritid i Kvam

Utskriftsvenleg side Lagt ut 17. februar 2017 kl. 09:15 av Mary Ann Sørheim
Ung fritid i Kvam er eit aktivitetstilbod for born og unge i alderen 10 - 16 år. I denne artikkelen finn du lenker relatert til dette aktivitetstilbodet som vert administrert av Kvam herad, kulturkontoret. Aktivitetane er eit samarbeid med ulike lag/organisasjonar, Grannehjelpa og Kvam herad. Ta kontakt på ungfritid@kvam.kommune.no om du ønskjer meir informasjon. Alle aktivitetane er gratis!
Aktivitetar



Gratis Opplevingskort!


Opplevingskortet gjev alle i 5.-10. klasse 1 gratis inngang på 3 aktivitetar i Kvam i 2017. Kortet vert delt ut som ranselpost saman med følgjebrev.

1 kakaokonsert i Kabuso.


Kabuso ligg i Øystese. På kakaokonsertar opptrer barn og unge frå Kvam kulturskule. Du finn informasjon på www.kabuso.no når det er bestemt.

1 kinoframsyning på Kvam kino.


Kvam kino ligg i Norheimsund, og du kan sjå programmet på kinoguiden her: www.kvam.no/kino

1 besøk i bassenget i Strandebarm.


Bassenget ligg på Strandebarm skule og har ope tysdagar kl. 19-20 og søndagar kl. 13-15. Strandebarm idrettslag er arrangør og har badevakter. Om du er under 11 år eller ikkje kan symja må du gå med ein vaksen.


Lykke til med opplevingane, og hugs å visa kortet i billettluka. Kortet er eit verdikort, og vert ikkje erstatta om du mistar det, - så ta godt vare på kortet.

Kanskje du kan gå saman med ein klassekamerat eller ven?




Informasjon om opplevingsskortet



Til foreldre/føresette:


Kvam herad har søkt og fått tilskotsmidlar frå Buf-dir, og målet er at born og unge i 5.-10.klasse i kommunen skal få prøva ulike kulturopplevingar.
Har de spørsmål, ta kontakt med Kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim mars@kvam.kommune.no , 954 07 710 eller Lillian Kvamsøy ungfritid@kvam.kommune.no.


Epost: mars@kvam.kommune.no

Kontakt
0
Aktuelt
0
Teneste
0
Filarkiv
0
Kalender
0
Lag
0
Lenker
0
Arkiv
0




Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no