

|
Onsdag 22.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Trivselskafe..
Velkomen til trivelig og sosialt samvær kvar onsdag mellom kl 11 og 14 på Trivselskafeen.
Enkel servering.
Varm mat, kaffe og kaker.
Kr. 50,-
Ta gjerne med handarbeid..
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.



20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|  | Torsdag 23.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
19:00 1 bane reservert - Kleppetrening..
.



20:00 Kompani Orheim (Gratis framsyning i samband med kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt?»)..
|  | Fredag 24.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
17:00 Hallen reservert..
Olav Tjosås leiger hallen frå 17 til 19.
Vakt: Finn.



20:00 PREMIERE: Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester / familie_og_samliv /
Barnevern - tiltak i familien
|
Lagt ut 10. februar 2013 kl. 20:50 av Astrid-Anett Steine
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon ( teneste nr. 25100/25110)
Barnevernet skal sikra at barn og ungdom, som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg i rett tid.
2. Kven får tenesta
Alle barn under 18 år som oppheld seg i Kvam og som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling. Ungdom mellom 18 og 23 år dersom han/ho samtykkjer til det og tiltaket er iverksett før han/ho fylte 18 år. Barnevernstenesta er her heilt avhengig av samarbeid med barn / foreldre; brukarane sin medverknad er svært viktig for at hjelpetiltaket skal fungera etter føremålet.
3. Korleis få tenesta
Melding til barnevernstenesta kan gjevast skriftleg eller muntleg t.d. pr. telefon. Melding kan gjevast av familien, barnet sjølv eller andre privatpersonar. Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikt, gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at barn lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling. Framgangsmåte i barnevernsak:
Meldinga vert gjennomgått innan 1 veke. Det skal konkluderast, anten med at meldinga vert lagt bort eller at tilhøvet skal undersøkjast nærare. Ei undersøkjing skal gjennomførast innan 3 månader. Det skal gjerast slik at den minst mulig skadar nokon av dei berørte parter, og den skal ikkje gjerast meir omfattande enn føremålet tilseier. Det skal leggjast vekt på å hindra at kunnskap om undersøkjinga vert spreidt unødig. Undersøkjinga skal føra til henlegging av saka eller forslag om vedtak. Av vedtaket skal det gå fram om det skal setjast i verk hjelpetiltak for barnet / familien. Hjelpetiltak vert vanlegvis gjennomført i samråd med barnet/ familien, men kan i særlege tilfelle påleggjast foreldra. Vedtekne hjelpetiltak vert vanlegvis sett i verk innan 1-4 veker, men nokre tiltak, som t.d. besøksheim, kan det ta inntil 4 månader å få igang - avhengig av tilgang på besøksheimar.
4. Kva omfattar tenesta
Støttekontakt Plass i barnehage Avlastingstiltak i heimen Besøksheim Økonomisk stønad som hjelpetiltak for barnet Stimulera barnet sin fritidsaktivitet Hjelpa til slik at barnet får tilbod om utdanning, arbeid eller høve til å bu utanfor heimen. Råd og rettleiing v/ familieveiledar, sakshandsamar, utekontakt. Heimebaserte tenester frå Kvam og Voss familiesenter Setja heimen under tilsyn ved å nemna opp tilsynsførar for barnet.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast At eg vert teken med i alle drøftingar kring meg og min familie og er ein sjølvsagt part i saken.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Tenesta er gratis - bortsett frå eit tiltak: foreldre kan verta pålagt barnebidrag dersom barnet vert plassert utanfor heimen i fosterheim eller institusjon.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om barnevern § 4-2, § 4-3, § 4-4, § 9.2 Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med barnevernleiar eller fylkesmannen i Hordaland. Det kan bli noko ventetid ved ferie og sjukdom, men akutte situasjonar vil bli prioritert.
9. Klage
Finn du grunn til å klaga på vedtak, ta kontakt med barnevernleiar. Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det, kan du få hjelpa til med å skriva ned klagen Dersom barneverntenesta ikkje imøtekjem klagen, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Brosjyre "Barnevernet til barnets beste". www.kvam.kommune.no
11. Praktiske opplysningar
Barneverntenesta sitt kontor ligg i 3 etg. i "Gamlebanken", Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund Opningstid er måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00. Postadresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefon: 56 55 30 00/56 55 30 50 Telefax: 56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no astrid-anett.steine@kvam.kommune.no
Tilsette i barneverntenesta: Tone Haugland :sakshandsamar Liv Berit Kvernes Befring: nestleiar/familieveiledar Ingelin Karlsøen: sakshandsamar Lina Valland Lyngset: sakshandsamar Kjersti Kloløck: sakshandsamar Inger Dysvik: fosterheimsansvarleg/sakshandsamar Ottar D. Strømsten: sakshandsamar Hallgeir Kjosås: familieveiledar Anne N. Valland: Konstituert barnevernleiar/familieterapeut
Epost: asso@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.kvam.no
|
|
|
Tenester og serviceerklæringar
25.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Åslaug Bøhn Botnen <h2>1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa: </h2>
Teneste nr 24200 Avlastningsheim og teneste 25302 Avlastning i institusjon ( Avlastningsbustad)
Avlas...
25.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Åslaug Bøhn Botnen 1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (nr.:25300 Pleie og omsorg i Institusjon)
For å hjelpa personar som har behov for omsorg i ein kortare periode
...
14.04.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid Anett Steine 1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr. 20100/21100)
<ul><li> Barnehagen er eit pedagogisk tilbod.
<li> Barnehagen skal ha eit godt miljø med...
19.02.2013 - Oppvekst - Barnehage - Sigrid Laupsa <H2> I FORMÅL OG ORGANISASJON</H2>
<H3>1. Formål</H3>
<H4>a.</H4>
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta born sine behov fo...
10.02.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid-Anett Steine 1. Tenestedefinisjon ( teneste nr. 25100/25110)
Barnevernet skal sikra at barn og ungdom, som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får...
10.02.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid-Anett Steine 1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr 25200)
Barnevernet skal sikra at barn og ungdom som lever under tilhøve som kan skada deira helse og u...
11.02.2013 - Helse og omsorg - Flyktning - Unni Sørensen <h2>BLI RØDE KORS GUIDE OG FÅ EI SPANANDE OPPLEVING!</h2>
Bli med i besøkstenesten for nye flyktningar i Kvam. Me treng guidar til menneske fra Eritrea, Soma...
05.03.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torild Kveberg 1. Tenestedefinisjon: (teneste nr. 24120)
For å hjelpa personar med
- nevrologiske lidingar og lidingar i muskel-, skjelett-og lungesystemet.
- gje behan...
11.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torill B. Høyland 1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)
Born frå 0-5 år og deira foreldre, får tilbod om helseteneste gjennom helsestasjonen, ved målretta helseundersøkingar...
30.01.2013 - Helse og omsorg - Samliv - Astrid Anett Steine Krisesenteret er ein midlertidig bustad for kvinner, barn og menn som treng å koma seg vekk frå ein valdeleg og trugande situasjon.
Innbyggjarar i Kvam kan fr...
20.08.2012 - Oppvekst - Serviceerklæring - Jarle Sortevik 1. Tenestedefinisjon (teneste nr 21500 og 21501)
Skulefritidsordninga (SFO) skal gje born eit trygt og utviklande fritidstilbod i tilknyting til skule, barne...
11.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torill B. Høyland 1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)
Svangerskapsomsorg er eit tilbod der lege og jordmor gjennomfører kontroll og tilsyn for å medverka til at svangerska...
30.01.2013 - Helse og omsorg - Bustad - Astrid Anett Steine Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er ansvarlege for etablering av butilbodet, medan Kompetanseteamet mot tvangsekteskap koordinerer tilbodet.
...

|
|  |

|