Lenke til artikkelinnhald - Tenester - familie og samlivLenke til artikkelinnhald
A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL 2013 | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
fotoalbum
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / tenester / familie_og_samliv /

Helsestasjon

Utskriftsvenleg side Lagt ut 11. februar 2013 kl. 09:53 av Torill B. Høyland
1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)

Born frå 0-5 år og deira foreldre, får tilbod om helseteneste gjennom helsestasjonen, ved målretta helseundersøkingar, vaksinasjon, foreldre-rettleiing og helseopplysning.

2. Kven får tenesta

Helsestasjonen er eit tilbod til alle barnefamiliar med barn frå 0-5 år. Alle innbyggjarar har dessutan høve til å få reisevaksinasjon. Influensavaksine vert gjeve til personar i risikogruppe.

3. Korleis få tenesta

Helsestasjonen får melding om alle nyfødde frå fødeavdeling.
Helsesøster tek så kontakt og tilbyr heimebesøk innan to veker etter fødselen.
Nytilflytta tek sjølv kontakt med helsestasjonen.

4.Kva omfattar tenesta

Helsestasjonen er eit tilbod til alle barnefamiliar der dei vil få rettleiing av helsesøster, lege og eventuelt fysioterapeut.
Me fylgjer barna si utvikling gjennom dei fyrste åra, og helsestasjonsprogrammet er slik:

Heimebesøk, innan 10 dager etter fødselen. Helsesøster avtalar då vidare konsultasjon.
6 vekers kontroll med helsesøster/lege.
3 mnd. kontroll med helsesøster/lege.
4 mnd. med helsesøster
5 mnd. med helsesøster
6 mnd. med helsesøster/lege.
7/8 mnd. med helsesøster
10 mnd. med helsesøster
12 mnd. med helsesøster/lege.
15 mnd. med helsesøster
18 mnd. med helsesøster
2,5 år, med helsesøster/lege.
4 år. med helsesøster
5 år med helsesøster/lege.

Fleire konsultasjonar ved behov. Legen tilviser til andre instansar ved behov. Helsestasjonen tilbyr vaksiner og tek opp tema som er aktuelle på ulike alderstrinn.
I einskilde situasjonar tilbod om å vera med i grupper.
Barnet må møta til avtalt time. Dersom dette ikkje let seg gjennomføra, må helsestasjonen få melding. Brukar som ikkje gir beskjed, må rekna med ventetid.
Dersom det er ynskje om å snakke med helsesøster utanom avtalt tid, kontakt helsestasjonen.

5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast

6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tenesta er gratis. Unnatak er reisevaksine og influensavaksine, som brukar sjølv må betala.

7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Helse-og omsorgstenestelova med merknader og forskrifter.Folkehelselova.Pasientrettighetslova og helsepersonell-lova
Forvaltningslova

8. Når ting ikkje fungerar

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiande helsesøster.

9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med leiande helsesøster, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom leiande helsesøster ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller helsepersonellet som utfører tenesta vert klagen sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland, for endeleg avgjerd der.

10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:.

Informasjon/brosjyrar om diverse helsetema får du på helsestasjonen.

11. Praktiske opplysningar

Spørsmål kan rettast til din helsestasjon:
Øystese helsestasjon v/ leiande helsesøster, Helsebanken, 5610 Øystese.
Tlf. 56 55 38 59 Mob. 91711245 Faks 56 55 38 60
Norheimsund helsestasjon, Tingbakken, 5600 Norheimsund. tlf. 56 55 34 60 Mob.48279566
Strandebarm helsestasjon, 5630 Strandebarm, tlf. 56 55 69 34 Mob. 48279566
Ålvik helsestasjon, 5614 Ålvik. tlf. 56 55 71 70 Mob. 91711245
Ajourhelde 11.02.2013 av leiande helsesøster.

Epost: toho@kvam.kommune.no

Tenester og serviceerklæringar

Avlastning for funksjonshemma barn og unge

25.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Åslaug Bøhn Botnen

1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa:
Teneste nr 24200 Avlastningsheim og teneste 25302 Avlastning i institusjon ( Avlastningsbustad) Avlas...

Avlastningsplass i institusjon

25.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (nr.:25300 Pleie og omsorg i Institusjon) For å hjelpa personar som har behov for omsorg i ein kortare periode ...

Barnehage

01.06.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid Anett Steine
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr. 20100/21100)

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod.
Barnehagen skal ha eit godt miljø med...

Barnehagevedtekter for kommunale barnehagar

19.02.2013 - Oppvekst - Barnehage - Sigrid Laupsa

I FORMÅL OG ORGANISASJON

1. Formål

a.
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta born sine behov fo...

Barnevern - tiltak i familien

10.02.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid-Anett Steine
1. Tenestedefinisjon ( teneste nr. 25100/25110) Barnevernet skal sikra at barn og ungdom, som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får...

Barnevern - tiltak utenfor familien

10.02.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid-Anett Steine
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr 25200) Barnevernet skal sikra at barn og ungdom som lever under tilhøve som kan skada deira helse og u...

Flyktningeguide-koordinator i Kvam

11.02.2013 - Helse og omsorg - Flyktning - Unni Sørensen

BLI RØDE KORS GUIDE OG FÅ EI SPANANDE OPPLEVING!
Bli med i besøkstenesten for nye flyktningar i Kvam. Me treng guidar til menneske fra Eritrea, Soma...

Fysioterapi for vaksne/eldre

05.03.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torild Kveberg
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr. 24120) For å hjelpa personar med - nevrologiske lidingar og lidingar i muskel-, skjelett-og lungesystemet. - gje behan...

Helsestasjon

11.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torill B. Høyland
1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200) Born frå 0-5 år og deira foreldre, får tilbod om helseteneste gjennom helsestasjonen, ved målretta helseundersøkingar...

Krisesenter – teneste

30.01.2013 - Helse og omsorg - Samliv - Astrid Anett Steine
Krisesenteret er ein midlertidig bustad for kvinner, barn og menn som treng å koma seg vekk frå ein valdeleg og trugande situasjon. Innbyggjarar i Kvam kan fr...

Skulefritidsordning

20.08.2012 - Oppvekst - Serviceerklæring - Jarle Sortevik
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 21500 og 21501) Skulefritidsordninga (SFO) skal gje born eit trygt og utviklande fritidstilbod i tilknyting til skule, barne...

Svangerskapsomsorg ved jordmor

11.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torill B. Høyland
1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200) Svangerskapsomsorg er eit tilbod der lege og jordmor gjennomfører kontroll og tilsyn for å medverka til at svangerska...

Tvangsekteskap - nasjonalt bu- og stønadstilbod til ungdom utsette for tvangsekteskap

30.01.2013 - Helse og omsorg - Bustad - Astrid Anett Steine
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er ansvarlege for etablering av butilbodet, medan Kompetanseteamet mot tvangsekteskap koordinerer tilbodet. ...

SERVICERKLÆRING
- Avlastning for funks..
- Avlastningsplass i i..
- Barnehage..
- Barnevern - tiltak ..
- Barnevern - tiltak ..
- Fysioterapi for vaks..
- Helsestasjon..
- Skulefritidsordning..
- Svangerskapsomsorg v..
Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no