Du er her: Startside / tenester / familie_og_samliv /
Avlastningsplass i institusjon

Lagt ut 25. februar 2013 kl. 10:27 av Åslaug Bøhn Botnen

1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (nr.:25300 Pleie og omsorg i Institusjon)
For å hjelpa personar som har behov for omsorg i ein kortare periode kan omsorgstenesta i Kvam Herad gje tilbod om avlastningsplass i institusjon på Toloheimen og Strandebarmheimen.
2. Kven får tenesta
Personar som har behov for ekstra omsorg og hjelp i ein kortare periode, som avlastning for familie som har dagleg omsorg.
3. Korleis få tenesta
Søknad om avlastningsplass skal rettast til soneleiar i den sona du bur (sjå soneoversikt pkt. 11). Søknadsskjema kan du få ved å kontakta soneleiarkontoret eller fellessekretariatet på rådhuset. Du kan også muntleg ta kontakt med soneleiar. Dersom du ikkje alt er brukar av heimetenester innan pleie og omsorg, kjem soneleiar på heimebesøk snarast råd og seinast innan 14 dagar og føretek fagleg vurdering av behovet. Tildeling av plass etter fagleg vurdering skjer i inntaksmøte som vert halde kvar veke. Du vil snarast, og seinast innan 14 dagar etter inntaksmøtet, få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram:
Om du har fått plass straks Om søknad om avlastingsplass er avslått. Det er høve til å søkja på nytt dersom situasjonen endrar seg
4. Kva omfattar tenesta
Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet. På Toloheimen er det sjukepleier på vakt heile døgnet, på Strandebarmsheimen er det sjukepleiar på vakt dag og kveld ( heimevakt natt).Det er redusert bemanning i helger og høgtidsdagar.
Etter fagleg vurdering av individuelle behov:
Innan kl 11.00: Hjelp til morgonstell, med personleg hygiene og påkledning Hjelp til å stå opp/leggje seg, etter ynskje om tidspunkt. Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk Hjelp ved forflytting Tilsyn og fagleg vurdering etter behov Hjelp ved måltid-situasjonar. Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middag, kaffimat og kvelds. Ved behov tilrettelagt mat: Mosa mat, ulike diettar m.m. Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det Hjelp ved kveldsstell med personleg hygiene og avkledning. Hjelp til å leggja seg, særlege ynskje om tidspunkt vert imøtekome. Vask av merka privat tøy i institusjonen. Hjelp ved ulike medisinske tiltak etter individuell fagleg vurdering, som t.d. medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll m. m Regelmessig tilsyn av tilsynslege og elles etter fagleg vurdering. Hjelp til planlegging og tilrettelegging ved utskriving til heimen
Etter ynskje:
Felles arrangement som: gammaldans, song og musikk, evt. felles turar. Formidle kontakt med familie.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte. At dei held teieplikta si . At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Tenesta er gratis.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 d Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med soneleiarkontoret snarast, sjå punkt 11.
9. Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med soneleiarkontoret, sjå punkt 10. Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen. Dersom Pleie og omsorgstenesta ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller helsepersonellet, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland, for endeleg avgjerd/ vurdering der.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Aktuelle brosjyrar kan du finna på Rådhuset, Legekontor, Apoteket, i Pensjonist foreininga og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad. Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.kommune.no
11. Praktiske opplysningar
Eining pleie og omsorg: Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00. Telefonnummer 56 55 30 00, Fax,56 55 30 01 E-post, postmottak@kvam.kommune.no Soneleiar Strandebarm: tlf. 56 55 31 10 Soneleiar Ålvik: tlf. 56 55 34 50 Soneleiar Norheimsund: tlf. 56 55 86 00 Soneleiar Øystese: tlf. 56 55 85 00
Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no

Tenester og serviceerklæringar
25.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa:

Teneste nr 24200 Avlastningsheim og teneste 25302 Avlastning i institusjon ( Avlastningsbustad)
Avlas...
25.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Åslaug Bøhn Botnen 1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (nr.:25300 Pleie og omsorg i Institusjon)
For å hjelpa personar som har behov for omsorg i ein kortare periode

01.06.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid Anett Steine 1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr. 20100/21100)

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod.

Barnehagen skal ha eit godt miljø med...
19.02.2013 - Oppvekst - Barnehage - Sigrid Laupsa
I FORMÅL OG ORGANISASJON

1. Formål

a.

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta born sine behov fo...
10.02.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid-Anett Steine 1. Tenestedefinisjon ( teneste nr. 25100/25110)
Barnevernet skal sikra at barn og ungdom, som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får...
10.02.2013 - Oppvekst - Serviceerklæring - Astrid-Anett Steine 1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr 25200)
Barnevernet skal sikra at barn og ungdom som lever under tilhøve som kan skada deira helse og u...
11.02.2013 - Helse og omsorg - Flyktning - Unni Sørensen
BLI RØDE KORS GUIDE OG FÅ EI SPANANDE OPPLEVING!

Bli med i besøkstenesten for nye flyktningar i Kvam. Me treng guidar til menneske fra Eritrea, Soma...
05.03.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torild Kveberg 1. Tenestedefinisjon: (teneste nr. 24120)
For å hjelpa personar med
- nevrologiske lidingar og lidingar i muskel-, skjelett-og lungesystemet.
- gje behan...
11.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torill B. Høyland 1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)
Born frå 0-5 år og deira foreldre, får tilbod om helseteneste gjennom helsestasjonen, ved målretta helseundersøkingar...
30.01.2013 - Helse og omsorg - Samliv - Astrid Anett Steine Krisesenteret er ein midlertidig bustad for kvinner, barn og menn som treng å koma seg vekk frå ein valdeleg og trugande situasjon.
Innbyggjarar i Kvam kan fr...
20.08.2012 - Oppvekst - Serviceerklæring - Jarle Sortevik 1. Tenestedefinisjon (teneste nr 21500 og 21501)
Skulefritidsordninga (SFO) skal gje born eit trygt og utviklande fritidstilbod i tilknyting til skule, barne...
11.02.2013 - Helse og omsorg - Serviceerklæring - Torill B. Høyland 1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)
Svangerskapsomsorg er eit tilbod der lege og jordmor gjennomfører kontroll og tilsyn for å medverka til at svangerska...
30.01.2013 - Helse og omsorg - Bustad - Astrid Anett Steine Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er ansvarlege for etablering av butilbodet, medan Kompetanseteamet mot tvangsekteskap koordinerer tilbodet.