Lenke til artikkelinnhald - AktueltLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Nettkalender
Onsdag 13.12.2017:
Utleige Øystese barneskule..
Juleavslutning Øystese barneskule, v/Grete Iversen tlf 41630150, epost: grete.iversen@kvam.kommune.no.
Tur 11:00 Karatrakk..
Kvar onsdag kan du vera med turgruppa Karatrakk ut på tur. Møt opp ved Spar i Norheimsund kl 11.00. Turane varer to-tre timar. Ta med niste og kle deg etter vêret. Om ein køyrer, betaler ein kr 20,-
Utstilling 11:00 Siste veke! Maria Nepomuceno - Afetosyntesis..
Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske eleme
Tur 11:30 TRAKKAtrimmen..
TRAKKAtrimmen er turgruppa for deg som likar å gå tur i lett terreng, i moderat tempo. Gruppa går tur kvar onsdag. Møt opp ved Spar i Norheimsund kl 11.30. Turane varer ca. to timar. Ta med niste og k
Kino 19:00 PREMIERE: Star Wars: The Last Jedi..
I Lucasfilms Star Wars: The Last Jedi, fortsetter neste kapittel i Skywalker-sagaen. Heltene fra The Force Awakens forenes med de galaktiske legendene i et episk eventyr som åpner eldgamle myst
Konsert 19:00 KLING NO KLOKKA..
Velkomen til lucia-konsert med Kor I Alle Dagar. Gjester:Geir Botnen,Øyvind Nyborg og jentekor.
Torsdag 14.12.2017:
Anna 10:00 Datahjelpa..
Har du problem med datamaskina di? Datahjelpa er på plass hos Grannehjelpa kvar torsdag frå klokka 10.00 til 11.00. Ta med datamaskin eller nettbrett og kom innom! Tenesta er gratis..
Utstilling 11:00 Siste veke! Maria Nepomuceno - Afetosyntesis..
Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske eleme
Du er her: Startside / aktuelt /

Fotokonkurranse - ny nettportal

6. desember 2017 kl. 08:10 - Frank Tangen
Vinn kr. 2000 og få ditt bilete brukt som illustrasjon i Kvam herad sin nye nettportal!
Kvam herad inviterer til fotokonkurranse med Kvam som tema. Bileta skal syna eitt eller fleire motiv du meiner illustrerer Kvam på ein interessant og/eller heilskapleg måte. Du vel sjølv kva årstid bilete skal visa.

Ny makspris i barnehagen frå 1. januar 2018

1. desember 2017 kl. 12:38 - Beate Gauden
Kvam herad følgjer staten sin makspris for foreldrebetaling i barnehage. Frå og med 01.01.18 aukar maksprisen for ein 100% plass pr. månad frå kr. 2730,- til kr. 2910,-. Betaling for plass i barnehage kan ikkje vera høgare enn maksgrensa. Dette gjeld både offentlege og private barnehagar. Maksprisen er fastsett av Stortinget sitt årlege budsjettvedtak.

Informasjon om tildeling av plass i barnehage frå januar/februar 2018

28. november 2017 kl. 13:21 - Beate Gauden
I løpet av desember vil barnehageadministrasjonen tildela eventuelle ledige barnehageplassar frå januar/februar 2018. Dei som får tilbod om barnehageplass, vil få epost om dette. På grunn av forskriftsendring vert det frigjeve færre plassar enn tidlegare, og det er betydeleg større etterspurnad for vårhalvåret 2018 enn føregåande år. Fint om foreldre sjekkar at eposten som ligg inne på søknadsportalen stemmer.

Offentleg ettersyn – Budsjett 2018, Økonomiplan 2018-2021 og Avgiftsbudsjett 2018

28. november 2017 kl. 12:59 - Kari Weltzien Vik
Kvam formannskap si tilråding til Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021. Formannskapssak nr. 052/17.

Helsefagarbeidar – 70 % stilling

28. november 2017 kl. 10:28 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.

Kinoassistent

28. november 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 eller seinare

22. november 2017 kl. 08:25 - Torill Høyland
Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er svært vanleg blant personar som er seksuelt aktive. Kvinner som får ein vedvarande HPV-infeksjon kan på sikt utvikla livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. HPV-vaksine kan gi vern også hjå dei som har debutert seksuelt. HPV-vaksine er difor tilrådd til alle unge kvinner som ikkje tidlegare er vaksinerte.

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 - med vedlegg

21. november 2017 kl. 14:53 - Anita Hesthamar
Rådmann Arild M. Steine presenterte framlegg til budsjett for 2018 og økonomiplan 2018-2021 i heradsstyremøtet tysdag 7. november 2017. Budsjettframlegget skal handsamast i formannskapet måndag 27. november og i heradsstyre tysdag 12. desember.

Registreringsplikt for sal av tobakksprodukt

21. november 2017 kl. 14:28 - Bjørnar Dagstad
Frå 2018 må alle som skal selja tobakksprodukt registrera verksemda i Tobakkssalsregisteret. Dette må gjerast innan utgangen av 2017. Dette vart vedteke i Tobakkskadeloven §4 i juni.

Høyring: Nye kommunedelplanar for vatn og avløp 2017 - 2024

10. november 2017 kl. 11:01 - Jarle Ystebø
Kvam heradsstyre har i møte den 27.09.2017 vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 å leggja kommunedelplanar for vatn og avløp ut til høyring og offentleg ettersyn i inntil 6 veker.
Høyringsfrist: 29.12.2017

Høyring: Ny vegnorm for Kvam herad

7. november 2017 kl. 06:08 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad har vore med på å utarbeida vegnorm i lag med 11 andre kommunar i Hordaland. Norma skal sikra lik praksis knytt til bygging av nye vegar. Den set òg vilkår knytt til overtaking av private vegar, eller nedklassifisering (overføring frå kommunal til privat) av vegar. Før kommunal veg kan nedklassifserast til privat veg, skal det gjerast politisk vedtak i kommunen.
Høyringsfrist: 29. desember

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117


AKTUELT
Kommunale prisar og gebyr  - vert opna i nytt vindauge Kommunale prisar og gebyr

TEIKN AVTALE HER Teikn avtale her


SNARVEGAR
Bibliotek  - vert opna i nytt vindauge Bibliotek
eFaktura/AvtaleGiro  - vert opna i nytt vindauge eFaktura/AvtaleGiro
Eigedomar til sals  - vert opna i nytt vindauge Eigedomar til sals
Epostlesar  - vert opna i nytt vindauge Epostlesar
Infoland  - vert opna i nytt vindauge Infoland
Innbyggjarforslag  - vert opna i nytt vindauge Innbyggjarforslag
Kart - avansert  - vert opna i nytt vindauge Kart - avansert
Kart - enkelt  - vert opna i nytt vindauge Kart - enkelt
Kinoguiden  - vert opna i nytt vindauge Kinoguiden
Kvam bompengeselskap  - vert opna i nytt vindauge Kvam bompengeselskap
Lagsportalen  - vert opna i nytt vindauge Lagsportalen
MinGat - pålogging  - vert opna i nytt vindauge MinGat - pålogging
Oppvekst i Kvam  - vert opna i nytt vindauge Oppvekst i Kvam
Plan og byggesak  - vert opna i nytt vindauge Plan og byggesak
Ung fritid  - vert opna i nytt vindauge Ung fritid
Visma for tilsette  - vert opna i nytt vindauge Visma for tilsette

FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no