
|
Du er her: Startside / tenester /
Øystese
|
Lagt ut 30. april 2013 kl. 12:56 av Frank Tangen
|
|
|
|
Øystese er eit namn som granskarane har vanskar med å tyda. Truleg er det eit samansett namn der siste leddet er -vin. Øystese var namnet på skipreida i mellomalderen, og tufta etter langskipsnaustet ligg i Skipadalen mellom gardane Nes og Valland. Lengda er 35 meter, breidda 15,5 meter. Eit liknande, men mindre naust låg i Øystesevika, truleg eit gardsnaust.
Kleppe Møbel AS og Torpe Møbel AS er leiande på produksjon av salongbord på nasjonalt nivå. Rybo As er ei snart 100 år gamal tradisjonsrik familieeigd håndverksbedrift og per dato landets største eksportør av norske designklassikarar av stolar. 98% av årsproduksjonen vert eksportert. I Øystese ligg også eit av Tine sine meieri med hovudvekt på osteproduksjon.
Øystese er ei vakker bygd som er eit godt utgangspunkt for ein opplevingsrik ferie året rundt. Bading ute/inne, museum, fisking, bowling, golf, hestesenter, ponniriding, gardsvitjing og keramikkverkstad er noko av det bygda kan by på.
Skårsvatnet ligg 5 km. frå Øystese på fylkesvegen til Porsmyr/Fyksesund. I vatnet finst store mengder gullvederbuk, eller såkalla gullfisk. Fisken er lett å få auga på, og vart utsett av dr. Klaus Hansen og dr. Munch Søegaard i 1914. Gullvederbuk er ein sjelden art i Europa. Det er fint å raste ved Skårsvatnet eller Gullfiskevatnet som det også vert kalla. Like ved Skårsvatnet finn ein Vetlehagen keramikk, driven av Torunn Øvsthus som er fødd og oppvaksen i Fana, men som har gjort kvemming av seg.
Kvam bygdemuseum Ei av stovene i det gamle Øystese-tunet, ei røykstove frå 1700-talet bygd saman med bu, loft og skykkje, vart målt opp av Gerhard Fischer i 1915. Det er denne stova som ligg i tunrekkja på Storeteigen i dag, saman med ei «kraata-stova» og eit stabbur frå Vavollen. Stova frå Øystese-tunet stod i mange år på Stopulshaugen som bygdemuseum, før museet vart flytta til Storeteigen. Dette er eit lite småbruk frå slutten av 1700-talet, med stove og løe bygd i hop. Det samanbygde anlegget frå Øystese syner ein interessant variant; stove og bu, med hellelagt skot og sval kring, samla under eitt tak. På Storeteigen står også ein av dei eldste mobelverkstadene i Kvam.
Kabuso Kabuso ligg like ved Ingebrigt Vik Museum i sentrum av Øystese i Kvam, Hardanger. Ca. 1 t 15 min køyring frå Bergen. Kabuso er Hordaland fylke sin tusenårsstad. Om føremålet med Kabuso står det: "Det konkrete uttrykket for Hardanger som tusenårsstaden i Hordaland skal manifesterast i eit kunst- og kultursenter i Øystese, som med bakgrunn i fortida skal spegla samtida og vera ein møteplass for alle. Tusenårsstaden skal vera eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på eit profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute."

Øystese barneskule
Kvam ungdomsskule
Øystese gymnas
Kunsthuset Kabuso
Epost: frank.tangen@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|
|
 |
 |
| |
 |
ARILD M. STEINE RÅDMANN
 |
ASBJØRN TOLO ORDFØRAR
 |
|
|
| |
|
|