Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Norheimsund

Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. juni 2014 kl. 09:07 av Frank Tangen
Norheimsund Namnet Norheimsund kjem truleg av det gamalnorske ordet nor, som tyder trangt sund. Norheimsund er eit yrande og mangfaldig regionsenter. Sidan 1850-åra har reiseliv og handel utvikla seg til næringar kjende for stor aktivitet, varierte tilbod og god service. Norheimsund er ei vakker fjordbygd med uforgløymeleg natur og interessante attraksjonar.

Bygda har vunne tettstadprisen år 2000 for sitt arbeid med sentrumet Grove og fekk statens pris for attraktiv stad i 2013. Norheimsund har ei av landets beste gjestekaier. Denne kjem godt med når Norheimsund står som vert for den årlege båtfestivalen i slutten av juni. Samstundes med båtfestivalen vert musikkfestivalen Hardingtonar arrangert.

Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt kompetansesenter for restaurering av trebåtar. Norheimsund industrier produserer mellom anna personleg verneutstyr.

Kulturhotellet Thon Hotel Sandven er eit gamalt sveitserhotell som ligg midt i sentrum. Hotellet, sjøhuset og tingstova utgjer til saman eit særprega historisk miljø.

Norheimsund er administrasjonssenter for Kvam herad.


Norheimsund skule
Norheimsund vidaregåande skule

Epost: frank.tangen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no