
|
Du er her: Startside / tenester /
Fykse
|
Lagt ut 30. april 2013 kl. 12:54 av Frank Tangen
|
|
|
|
Fyksesund Landskapspark ligg langs Rv. 7 ca 1,5 timer aust frå Bergen, midt mellom Øystese og Ålvik i Kvam herad. På austsida av Fyksesundet ligg bygdene Steinstø, Fykse, Klyve og Bjørke. På vestsida ligg Porsmyr og regionen grenser til Rykkje og Soldal. Botnen som ligg innerst i Fyksesundet er veglaus og berre tilgjengeleg med båt.
NÆRINGSAKTØRAR Alle bøndene i Fyksegrenda driv med sau, noko som landskapet ber preg av. Nokre gardar driv med frukt. Elles er det eit variert næringsliv i Fyksesundet.
Gardsrestaurant Gamlastovo og pølsemakarverkstad Fykse 70/6 http://www.gamlastovo.no Gamlastovo Gardsrestaurant er ei koseleg tømmerstove frå 1810 og ein av dei mest særmerkte og autentiske gardsrestaurantane i Hardanger. Restauranten tilbyr ei lokal matoppleving og harlokale for kurs og konferanse. Antal sitjeplassar totalt 130 – fordelt på 3 lokale. Garden har kjøtforedlingsverkstad med namnet "Fykse 70/6" som tilbyr kjøtvarer av ulikt slag og spesialitetar av kalv og lam for sal direkte frå garden.
Steinstø Fruktgard og Kakebu http://www.steinsto-fruktgard.no Garden er eit familiebruk som ligger like ved Rv 7. Steinstø fruktgarden har lange tradisjonar med fruktdyrking. Det vert produsera eit stort utval av frukt og bær, som vert selt direkte til forbrukar. Det finnas muligheit for omvisning i frukthaugen og i kafeen ble servert heimelaga kake.
Hardanger Fjordreiser AS http://www.hardangerfjordreiser.no Hardanger Fjordreiser AS organiserer fjordturar innover Fyksesundet til den veglause grenda Botnen kor ein kan nyta synet av det rike kulturlandskap. Passasjerbåten ”Peer Gynt” har base ved kaien i Steinstø like ved Rv. 7. Det kan organiserast servering av mat og drikke om bord.
Botnen Gjestetun http://www.botnengjestetun.no Garden ligg i den vesle grenda Botnen, inst i Fyksesundet. Garden er i drift store deler av året, med husdyrhald, servering og overnatting. I stabburet på garden vert det servert heimelaga mat. På middagsmenyen står mellom anna hjort, lam, fjellaure og skotsk høglandsfe, som har beita i stølheimen heile sommaren.
Gryto Kraft http://www.grytokraft.no Gryto Kraft er eit nyt lokalt småkraftverk som starta opp turbinen i august 2006.
Krabaten http://www.krabaten.no/ Nettbutikken Krabaten driv med import og sal av barnetøy, tøybleier og ullklede.
KULTURMINNE OG LANDSKAPSVERDIAR Det største skredet etter istida gjekk på austsida av Fyksesundet. Ved gardsvegen som går gjennom tunet på Fyksegardane til Klyve, ligg kjempestore steinblokker strøydde ikring og hele området ligger i dag på eit stort urkompleks.
Urkomplekset er mest truleg danna av at vatn har vaska ut ein marmorgang som er mellom åtti og hundre meter brei og 2,5 kilometer lang. Området er kjent for svært mange og store urahol. Fleire av holene her er tilmura og har tidlegare vore nytta som koldeholer for matvarer.
Ei av desse holene utmerkar seg som eit underleg naturfenomen og er truleg ein gamal kultplass. Fjellhola heiter Døse og kan ha vore brukt til seremonielle samlingar og solobservasjonar. Området oppå og rundt Døse har i dag fleire intakte steinkretsar og velta bautasteinar.
I dag vert hola nytta som attraksjon og som konsertlokale og det finst skilta tursti frå garden Storastova i Nordetun på Fykse. Eit anna kulturminne er Hardingfela som har ein heilt sentral posisjon i Fyksesundet. Den som utvikla instrumentet, og som gav opphav til namnet Hardingfele heitte Isak Nilsen Skaar f.1663, og kom frå garden Skåro 300 m.o.h inst i Fyksesundet. Sonen, som skreiv seg for Trond Isaksen Flatabø f.1773 førde instrumentmakar-tradisjonen vidare. Begge vart rekna for dei største felemakarane i landet i si tid.
Fyksesundsbrua er ei 344 meter lang hengebru som vart bygd i 1937. Det er 230 meter mellom tårna og brua har ei fri høgde på 28 meter.

Epost: frank.tangen@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.fyksesund.no/
|
|
|
|  |

|