
|
Du er her: Startside / tenester /
Steinsdalen
|
Lagt ut 30. april 2013 kl. 12:54 av Frank Tangen
|
|
|
|
Steinsdalsfossen i Steinsdalen er ein av Kvam sine mest kjende turistatraksjonar. Denne fossen kan ein gå bakom og oppleva fossefallet frå undersida. I øvre del av Steinsdalen ligg Lid jarnidustri, ei mekanisk verksemd for ymse landbruksprodukt. Ein finn og Hardanger Bakeri sine produksjonslokaler i nedre del av Steinsdalen.
Steinsdalen strekkjer seg frå Norheimsund og via Tokagjelet opp mot Kvamskogen. Sjølve Tokagjelet er ei kløft som elva har grave ned gjennom skiferen. Fv 7 går gjennom fire tunellar i Tokagjelet. Gamlevegen, som vart bygd i perioden 1898 - 1902, går på utsida av desse tunnelane og vert i dag nytta som gang og sykkelveg. Det er ei fantastisk utsikt frå denne vegen.

Norheimsund vidaregåande skule
Epost: frank.tangen@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|