Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Frå 1.juli må du søke eining for byggesak og private planar i Kvam herad dersom du skal bygge nytt bad.

Utskriftsvenleg side Lagt ut 4. september 2012 kl. 12:01 av Bjørn Vik
Frå 1.juli må du søke eining for byggesak og private planar i Kvam herad dersom du skal bygge nytt bad.
Bygingsdelen i plan- og bygningslova trer i kraft 1.juli 2010. Samtidig trer ny byggesaksforskrift og ny teknisk forskrift i kraft.
Frå 1.juli må du søke eining for byggesak og private planar i Kvam herad dersom du skal bygge nytt bad.

VIDARE PÅ INTERNETT
  • Miljøverndepartementet
  • Kommunal og regionaldepartementet
  • Statens bygningstekniske etat
  • Lovdata
    Bygingsdelen i plan- og bygningslova trer i kraft 1.juli 2010. Samtidig trer ny byggesaksforskrift og ny teknisk forskrift i kraft.

    Meir oversiktlege reglar
    Med dei nye reglane vil eit byggetiltak enten vere søknadspliktig eller unntatt frå søknadsplikt. Meldingsordninga er ikkje vidareført i dei nye reglane. Tidlegare søknads- og meldepliktige tiltak vil såleis i utgangspunktet vere søknadspliktige, men det vil vere forskjellige krav til ansvar og kontroll.

    Det er ein føresetnad at behandlingsmåten ikkje vert meir omfattande eller tidkrevjande enn tidlegare. Derfor vert fristregimet for behandlingen av meldings- og søknadssaker vidareført i den nye lova. For eksempel er vilkåra for behandling av mindre tiltak på bustadeigedom dei same som før. Dei nye bestemmelsane i byggesaksdelen med forskrifter trer i kraft frå 1.juli uten overgangsordning.

    Serviceerklæringane på heradet sine nettsider gjeld i samsvar med gjeldande reglar til 1.7.2010. Serviceerklæringane vil verte oppdatert etterkvart som dei ligg føre frå statleg hald.

    Søknadsplikt for pipe og eldstad frå 2011
    I følge dei nye reglane er installering og oppføring av eldstad og pipe søknadspliktig og skal dekkast med nødvendige ansvarsrettar. Desse reglane trer imidlertid fyrst i kraft frå 1.7.2011.

    Overgangsreglar
    Dei nye bestemmelsane i byggesaksdelen med forskrifter trer i utgangspunktet i kraft frå 1.7.2010 uten overgangsordning. For byggesaksforskrifta er det imidlertid gitt overgangsbestemmelser om dei nye reglane om kontroll, som fyrst vil tre i kraft 1.7.2011. Når det gjeld den byggtekniske forskrifta kan ein velge om prosjektet skal følge ny forskrift eller den gamle forskrifta i inntil 1 år.

    To reglar i TEK10 trer i kraft 1. juli 2010, heilt utan overgangsordning. Det er kravet om at prosjekterande og utførande skal lage forvalting-/drifts- og vedlikeholdsdokumentasjon (FDV dokumentasjon) og levere den til søker og at eigar skal oppbevare den. Det andre er kravet om at det skal vere plan for avfallsbehandlinga under rive- og byggeprosessen og at det skal dokumenterast ved ferdigattest at avfallet er betryggande levert til rett mottaker i samsvar med avfallsplanen.

    Datoane for ikrafttreden og overgangsbestemmelser styrer kva reglar som gjeld. Søknad som er kome inn før 1. juli 2010 føl dei reglane som gjaldt før denne datoen.

    Nærmare informasjon om dei nye reglane finn du ved å klikke på lenkene i boksen øverst på denne sida.

    Nye søknadsskjema vert lagt ut på heradet si heimeside når dei ligg føre.

    Lukke til med ny plan- og bygningslov.


    Epost: bjvi@kvam.kommune.no




  • ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


    FACEBOOK  Facebook

    Godkjent HTML 4.01 Transitional
    Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no