Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Aktivitet for eldre på institusjon

Utskriftsvenleg side Lagt ut 16. februar 2012 kl. 16:44 av Sidsel Haugen
Prosjektet "Tiltak for auka aktivitet for eldre på institusjon i Kvam" vart avslutta 30.04.2011. Grannehjelpa har overtatt drifta av nokre aktivitetar på Toloheimen og Tolo Omsorg. Ta gjerne kontakt med oss på telefon 90 12 26 88 eller epost post@grannhjelpa.no
Prosjektet "Tiltak for auka aktivitet for eldre i omsorgsbustadar og på institusjon i Kvam" er eit toårig tiltak som jobbar for å ta i bruk frivillige til å skape aktivitet, liv og røre for eldre.

Sidsel Haugen er tilsett som frivilligkoordinator i halv stilling. Ho skal sikra god kontakt mellom institusjon, omsorgsbustad, bebuarar og frivillige

Den frivillige skal vera eit supplement, ein som gjer ”noko ekstra” utover dei oppgåvene dei tilsette skal gjera.

FRIVILLIGKOORDINATOR


Frivilligkoordinator skal:
- Verve og følgje opp frivillige.
- Vera bindeledd og tilretteleggjar mellom institusjonen, omsorgsbustaden tilsette og frivillige.
- Ha kontakt med bebuarane og leggja opp til aktivitet i samråd med deira ynskje.
- Utarbeida rutinar og rammer for frivillig innsats.
- Jobba for god kommunikasjon mellom aktørane.
Frivilligkoordinatoren skal syte for gode rammer rundt det frivillige arbeidet. Opplæring, tilbakemelding og jamlege samtalar med den frivillige og dei andre involverte partane er ein av oppgåvene.

FRIVILLIGE


Døme på oppgåver:
- gå eller køyra ein tur
- lesa avisar eller sjå i bøker
- syngja eller spela
- eller rett og slett prata og drikka ein kopp kaffi i lag med ein bebuar
Tid og kontakt med andre menneske er kanskje det som trengs mest!

Kven er frivillig?


I utgangspunktet kan alle som har lyst og tid vera frivillige. Pårørande, representantar for frivillige lag, skuleelevar og bedrifter, pensjonistar. Vanlege folk!
Du vel sjølv kor mykje tid du vil bruka på å vera frivillig. Du treng ikkje ha spesielle kvalifikasjonar, det du kan er det me treng!

"Å GJE ER Å FÅ"

MEININGSFULL KVARDAG FOR ALLE


Verdigheit, innhald i kvardagen, sosiale og kulturelle aktivitetar er ein sjølvsagt del av det å vera menneske. Dette gjeld også eldre som treng tilrettelagd bustad, til dømes i omsorgsbustad.
Det offentlege gjev god omsorg i form av stell og pleie, men det vert ofte lange og stille dagar for dei som bur i omsorgsbustad eller på institusjon.

Lag og foreiningar har tradisjon for å gjera ein innsats for eldre som bur på institusjon og i omsorgsbustad. Både samfunnet vårt og frivillig arbeid er i endring, og somme tiltak krev gjerne meir organisering enn tidlegare.
Me ynskjer å finna nye måtar å utvikla samarbeid mellom samfunn og offentlege institusjonar og omsorgsbustadar. Målet er å sikra at dei eldre får meir innhald i kvardagen og ikkjer vert isolert frå samfunnet. Difor har me oppretta dette toårige prosjektet med tilsett frivilligkoordinator.

"Aktivitet for eldre på institusjon og omsorgsbustad" er eit prosjekt støtta av Helse og Rehabilitering som forvaltar overskotet frå Extra spelet. Prosjektet er initiert av Grannehjelpa i samarbeid med Eldrerådet i Kvam, og lokallag av Røde Kors besøksteneste, Pensjonistlag, Kvinne- og familielag og Kvam kulturkontor.

Tiltaket er starta på Toloheimen og Tolo Omsorg, i samarbeid med pleie og omsorg i Kvam. Målet er at røynslene frå Tolo skal kunne nyttast i heile kommunen.

Har du ein ide og/eller har du lyst å vera frivillig ikkje nøl med å ta kontakt med Sidsel!
For meir informasjon om tiltaket, sjå heimesida til Grannehjelpa



Epost: sidsel.haugen@epost.kvam.no
Heimeside: http://www.grannehjelpa.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no