Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Kvam viltfond

Utskriftsvenleg side Lagt ut 20. august 2013 kl. 11:55 av Jan Tjosås
Ved endring av viltlova 30. juni 2000 vart meir av viltforvaltningsoppgåvene overført frå Direktoratet for naturforvaltning og Fylkesmannen til kommunenivå. Kommunen sitt ansvar vart då styrka m.a. ved:
Etablering av kommunalt viltfond til fremjing av den lokale viltforvaltninga.
Fastsetjing av felleavgift på hjort (§ 40) som går inn i kommunalt viltfond (§ 43).
Kvam herad disponerer Kvam viltfond som skal brukast til viltrelatert arbeid i heradet.

Hjort på  beite. Foto: Lauritz EideFondet kan brukast til:
  • Tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i heradet og i naboherad gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar.
  • Tiltak for å førebyggje skade på landbruksnæring som skuldast hjortevilt.

Tildeling av midlar frå fondet
Det kan tildelast midlar frå viltfondet til lag, organisasjonar, verksemder og einskildpersonar.

Krav til søknad
Søknad om støtte frå fondet må fremjast skriftleg før tiltaket vert sett i verk.

Søknaden skal innehalde (miniumskrav)
  • Kva tiltaket går ut på, søkjaren si utgreiing og vurdering av tiltaket.
  • Opplysningar om søkjar.
  • Investerings- og finansieringsplan.
  • Framdriftsplan.
  • Kven som er deltakarar og skal utføre tiltaket.


Kva tiltak kan få tilskot
Tilskot kan gjevast til oppgåver innan viltrelatert arbeid i heradet, også viltkartlegging og informasjonstiltak. Tiltak knytt til arbeid med driftsplanar skal tilleggjast vekt, og oppgåver som bygger på samarbeid mellom herad, vert prioriterte.

Reinsdyrsbukk på ei myr nord for Manfjell. Foto: Lauritz EideDøme på andre tiltak:
  • Arbeid med tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og høve til jakt.
  • Tiltak som har som målsetjing å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd.
  • Førebygging mot hjorteviltskade.
  • Samfinansiering av prosjekt.
  • Andre lokale vilttiltak.

Krav til søknad
Søknad om støtte frå fondet må fremjast skriftleg før tiltaket vert sett i verk.
Administrasjonen kan fastsetje søknadsfristar.

Søknaden skal innehalde (minimumskrav):
  • Kva tiltaket går ut på, søkjaren si utgreiing og vurdering av tiltaket.
  • Opplysningar om søkjaren.
  • Investerings- og finansieringsplan.
  • Framdriftsplan
  • Kven som er deltakarar og skal utføre arbeidet.

Utbetaling
  • 50% av tilsagnet kan utbetalast ved oppstart før fullstendig investering er gjort.
  • Delutbetaling kan skje mot dokumentasjon på gjennomføring med 90 % av tilsagnsummen. Fondsstyret kan gjere vedtak om eingongsutbetaling.
  • Frist for gjennomføring av tiltaket er normalt 2 år (tilsagnsåret + to heile kalenderår).
  • Administrasjonen får fullmakt til å godkjenne 1 år utsetjing av frist for gjennomføring av tiltaket, etter søknad.
  • Dersom det oppstår tilhøve som er strid med føresetnadane for støtta, kan Kvam herad avgjere at tilskot skal betalast tilbake til fondet heilt eller delvis.
  • Krav om tilbakebetaling av tilskot kan ikkje setjast fram seinare enn 5 år etter utbetaling.

Før tilskot kan utbetalast, må fylgjande føresetnadar vere oppfylde:
  • Tiltaket må vere fullfinansiert.
  • Rapport og revidert rekneskap skal vere godkjend av Kvam herad.
  • Krav som vert stilt i gjeldande lover, forskrifter og standardar skal vere oppfylde og naudsynte godkjenningar må liggje føre.


Epost: jatj@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no