Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Støttekontakt

Utskriftsvenleg side Lagt ut 11. juni 2014 kl. 15:04 av Gunvor Rabbe

KVA ER EIN STØTTEKONTAKT?


"Ein støttekontakt er ein person som over tid og gjennom samvær skal gje hjelp til meiningsfull fritid,sosialt samvær,venskapleg rådgjeving og hjelp.

Oppdraget er på brukaren sine premisser,føresetnader og inntresser.

Støttekontakt er eit supplement til andre tjenestar (for eksempel heimehjelp),ikkje ei erstatning.

KVEN TRENG STØTTEKONTAKT?


Det er mange,både born, unge og voksne som treng støttekontakt.Årsak kan vera m.a. ulike funksjonshemmingar,alder,psykiske vanskar og sosiale problem.Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre treng støtte over fleire år.


LOVGRUNNLAGET


Helse-og omsorgstjenesteloven § 3-2.
§ 3-2 punkt6 omfattar m.a. "peronlig aassistanse,herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt."
"Det er formål å bidra til å gjøre den enkelte mest mulig selvhjulpen i dagliglivet. Bistand til å delta i fritidsaktiviteter omfattes også. Støttekontakt er nevnt i lovteksten som et eksempel på å gi personlig assistanse til deltagelse i fritidsaktiviteter."

KVEN KAN VERTE STØTTEKONTAKT


Menneske som treng støttekontakt er svært ulike, derfor må og støttekontaktane vera ulike.
Ein støttekontakt skal helst ha fyllt 18 år (yngre vert vurdert ved aktuelle oppdrag der ein ser det kan fungera)
Det er viktigt at du er stabil og pålitleg, har ein avklart livssituasjon og du bør helst kunne binde deg for ei tid.Det er ein fordel at ein har felles inntresser.aman med brukar.
Det viktigaste er å vere eit medmenneske.

KORLEIS VERTE STØTTEKONTAKT


Ein kan henvende seg direkte til Kvam Herad -eining Kultur -og intergrering.
Det ligg og skjema for å melde seg inntressert på www.kvam.no.
Ein har stort sett alltid bruk for personar til oppdrag som støttekontakt,utfordringa er å finne personar som høver til dei enkelte oppdrag ein til ei kvar tid hsar.

ARBEIDSAVTALE


Får du oppdrag som støttekontakt i Kvam skal det gjerast ein skriftleg avtale. Den skal innhalda namn, timetal,løn,føremål og kven som er rettleiar.Ved oppstart av oppdraget leverar du kontonummer og skattekort til eining for Kultur-og intergrering.

Alkohol eller andre rusmidlar skal ikkje nyttast saman med brukar.

For personar som vert engasjert vil det i mange høve vera krav om politiattest.

Vanlegvis er oppdraga 8-20 timar i mnd.
Timelister skal leverast helst ein gong pr. mnd., innan den 20.
Timelister må vera underskrevne og ha påført lønsnummer.
Ein vert løna som ufaglært assistent.
Arbeidsavtale vert gjort i samsvar med vedtaket, vanlegvis for eit år om gongen.

STØTTEKONTAKT ER OPPDRAGSTAKAR


Som støttekontakt er ein rekna som oppdragstakar. Det betyr i praksis at arbeidsmiljølov, ferielov, og hovedtariffavtale ikkje gjeld. Men i Kvam vert det betalt ut feriepenger, og ved sjukdom med legeattest
vert det utbetalt løn etter inngått arbeidsavtale dei fyrste 16 dagane (dersom ein skulle vore påoppdrag i den perioden ein er sjukemeldt).
Utover det gjeld lov om folketrygd.

RETTLEIING


Ved arbeidsavtale som støttekontakt får du tildelt ein fagperson som rettleiar.
Å vera støttekontakt kan vera eit einsamt arbeid. Difor er det svært viktig å få tilbakemelding på det arbeidet du gjer. Noter deg gjeme ting, ring viss det er noko du lurer på eller ynskjer å diskuteta. Gjennom samtale kan ein utveksla erfaringar som er nyttige for både rettleiar og deg. Hugs at det er betre å spørja ein gong for mykje enn ein gong for lite.


TEIEPLIKT


Som støttekontakt har du teieplikt. Teieplikt inneber at støttekontakten ikkje må snakka om personen ein er støttekontakt for, dei pårørande, eller deiras forhold med andre enn rettleiaren.


UTGIFTER


Kvam herad har fylgjande retningslinjer for dekking av utgifter i samband med støttekontaktoppdrag:
1. Utgifter vert godtgjort etter kvittering med opp til kr 200,- pr.mnd.dersom anna ikkje er avtalt.
2. Utgifter til bruk av eigen bil i oppdraget vert dekka etter kommunale takstar for opp til 150 km. pr. mnd.etter køyrerekning, dersom anna ikkje er avtalt.
3. Utgifter ut over dette,til spesielle arrangement eller turar, må godkjennast på førehand av sakshandsamar.



ÅRSRAPPORT


I august får ein tilsendt eit skjema / ein årsrapport som du skal fylla ut. Ein årsrapport skal vera ei skriftleg melding på kva støttekontakttimane har vore nytta til. Ein skal kunna sjå framgang/ tilbakegang. Årsrapporten vert brukt når sosialkontoret skal vurdera tildeling av støttekontakttimar for ein ny periode.


OPPSEIING


Avtalen kan seiast opp av kvar av partane når ein finn at tiltaket ikkje fungerar hensiktsmessig, eller grunnlaget for tiltaket fell bort. Det er ein mnd. gjensidig oppseiing.

Dersom du tenkjer at dette kanskje er noko for deg, ikkje ver redd for å ta kontakt, å vera støttekontakt er svært gjevande.

Ta kontakt med Kvam Herad

Tjenestekontor-forvaltning Helse-omsorg
Bente Mo 56 55 86 00
Grete Bru 56 55 68 07
Gunnvor Rabbe 56 55 31 18 / 46 87 83 69

Einig for Kultur -og intergrering
Lillian Kvamsøy 56 55 56 91

  • Gunnvor Rabbe (gura@kvam.kommune.no)
  • Grete Bru (@kvam.kommune.no)


Epost: gura@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.fritidforalle.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no