Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Kvam kulturskule

Utskriftsvenleg side Lagt ut 19. mai 2014 kl. 13:48 av Rolf K. Seldal
Serviceerklæring for Kvam kulturskule
Gjeldande frå 1. august 2014.

1. Tenestedefinisjon
- Kvam kulturskule har til mål å gje innbyggjarane i Kvam fullverdig undervisning innan ymse kulturelle utrykk slik at kvar einskild elev får høve til å utvikla sine kunstneriske evner og anlegg og til å oppleve og verdsetje kunst og kultur.
- Kvam kulturskule vil hjelpa til å gje heradet eit positivt miljø ved å skapa grobotn for verdfulle og varige aktivitetar innan kunst og kultur.

2. Kven får tenesta
- Kvam kulturskule gjev tilbod til alle innbyggjarane i Kvam. Kvam kulturskule har som mål å gje tilbod til alle som ynskjer det (ope opptak), men kan ha ventelister dersom økonomien eller tilgang på lærarkrefter tilseier dette. Søkjarar under 20 år vert prioritert fyrst ved oppstart av kvar nytt skuleår. Elevar som er eldre enn 20 år kan miste elevplassen ved oppstart av nytt skuleår dersom det ikkje er pedagogisk eller økonomisk kapasitet til desse elevane.
- Kvam kulturskule kan også selja tenester til frivillige organisasjonar i Kvam herad. For årets budsjett er det vedteke å ikkje selje tenester til organisasjonar med vaksne utøvarar.

3. Korleis få tenesta
- For å få elevplass ved Kvam kulturskule, må ein søkja på eit eige søknadsskjema på internett.
Søknadsskjemaet med opplysningar om tilboda finn ein på heimesida til Kvam kulturskule.
Søknadsfristen er 1. mai. Dersom ein ynskjer å seie opp elevplassen for neste skuleår må ein gje skriftleg melding til kulturskulen innan 1. mai.

4. Kva omfattar tenesta
- Undervisning: Elevane ved Kvam kulturskule får undervisning i den disiplinen dei er tildelte plass i.
Elevane får også tilbod om å delta på ymse arrangement i regi av kulturskulen eller der Kvam kulturskule er deltakar.
- Undervisningsform: Kvam kulturskule ynskjer å undervisa i grupper der nivået og progresjonen til elevane tillet det. Einetimar vert også nytta der Kvam kulturskule meiner dette er best tenleg.
- Tid: For musikkelevar skal gruppeundervisning være minimum 30 minuttar. Enkeltundervisning skal være minimum 20 minuttar det fyrste undervisningsåret og deretter minimum 25 minuttar. Elevane kan plasserast i grupper eller gruppesamansetningane kan endrast ved oppstart av kvart semester.
Storband og rytmisk band har 1 time undervisning i veka.
Drama, Digital animasjon samt Video/foto har 1,5 time i veka.
Visuelle kunstfag har 2 timar i veka fordelt på 11 veker pr. semester.
- Stad: Kvam kulturskule skal primært drive undervisning i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Andre undervisningsstader kan også nyttast dersom det er teneleg for drifta.
- Arbeidsmåtar: I tillegg til ordinær undervisning prøver Kvam kulturskule å tilretteleggje for prosjektarbeid på tvers av disiplinane.
· Prosjektveker: Somme veker kan skulen ha prosjekt å arbeida med, t.d. framsyningar av ymse slag. I desse vekene kan ordinær undervisning gå ut. Tilbodet til elevane i desse vekene vert å delta på framsyningar anten som deltakar eller som publikum.
- Skuleåret: Ordinært undervisning i Kvam kulturskule følgjer skuleruta for grunnskulen. Unntaket er kurset Visuelle kunstfag og som går over 11 veker pr. semester. Kvam kulturskule arrangerer også kortkurs (6 timar).
- Utstyr: Det vert forventa at musikkelevane held instrument og lærebøker sjølve. Enkelte instrument kan leigast hjå Kvam kulturskule. Nye elevar har fyrsterett til utleigeinstrumenta.

5. Kva vert forventa av dei tilsette
- At dei tilrettelegg undervisninga til beste for eleven.
- At dei har fagleg og pedagogisk kompetanse og nyttar denne.
- At elevar og føresette vert møtte på ein profesjonell, respektfull og høfleg måte.
- At dei arbeider systematisk for å utvikla eleven sine kunstnarlege evner.

6. Kva vert forventa av dei føresette
- At dei samarbeider med kulturskulen til beste for eleven.
- At dei møter til eventuelle konferansetimar om eleven si utvikling.
- At dei tilrettelegg for at eleven på best mogleg måte får trena og utvikla seg på sitt kunstutrykk i kvardagen som m.a. øving heime.

7. Kva vert forventa av eleven
- At dei møter presist til undervisninga.
- At dei gjev melding til læraren dersom dei vert forhindra til å møta til undervisning.
- At dei er førebudde til undervisninga.

8. Pris
- Elevbetaling vert fastsett av heradsstyret og gjeld for eit skuleår.
- Frå august 2014 kostar ein elevplass i Kvam kulturskule kr. 1733,- pr. semester (halvår) for elevar under 20 år.
- Frå august 2014 kostar ein elevplass i Kvam kulturskule kr. 2208,- pr. semester (halvår) for elevar eldre enn 20 år (det vert ikkje teke opp elevar over 20 år med mindre det er ledig kapasitet).
- frå august 2014 kosta kjøp av tenester til friviljuge organisasjonar frå Kvam kulturskule kr. 16 519,- pr. time à 60 minutter i 38 veker.
- Frå august 2014 kostar kortkurs (6 timar) kr. 485,-.
- Frå august 2014 kostar det kr. 242,- pr. semester for leige av instrument i Kvam kulturskule.
- Frå august 2014 vert prisen for ordinær elevplass redusert med 25% for nye elevar i kulturskulen. Prisreduksjonen gjeld for det fyrste undervisningsåret.
- Syskenmoderasjon er 25 %. Fyrste elev betaler 100 % medan alle sysken betalar 75 % av elevkontingenten. Elevar får ikkje syskenmoderasjon for elevplass nummer to dersom eleven har to elevplassar.
- Ein kan søkje redusert betaling på økonomisk grunnlag. Søknadsskjemaet finn de på heimesida vår: www.kvam.kulturskule.no .
- Dersom skulen lyt avlyse planfaste undervisningstimar meir enn to gonger kvart semester kan eleven søkja om å få refundert ein del av skulepengane.
- Påmeldinga er bindande for eit semester. Med bindande meinast at elevplassen må betalast dersom ein ikkje melder seg ut innan fristane, sjølv om ein ikkje nyttar elevplassen. Utmeldinga må skje skriftleg innan 1. desember for vårsemesteret og 1. mai for haustsemesteret.

9. Heimelsgrunnlag for tenesta
- Opplæringslova 17.07.98 nr. 61 § 13-6: Musikk- og kulturskoletilbod : ”Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.”

10. Når ting ikkje fungerer
- Dersom du ikkje er nøgd, kan du ta kontakt med læraren. Dersom du framleis ikkje er nøgd, så ta problemet opp med rektor, neste instans er skulesjefen.

11. Klage
- Avslag på søknad om opptak kan klagast til Kvam herad. Klagen skal sendast om rektor i kulturskulen.

12. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
- Informasjon om Kvam kulturskule finn de på heimesida vår: www.kvam.kulturskule.no
- Informasjon om kulturskulen kan ein også få ved å kontakta rektor eller sekretariatet på rådhuset.

13. Praktiske opplysningar
- Rektor kan nås på telefonnummer: 56 55 30 64, mobiltelefon: 924 83 273
- Adresse: Kvam kulturskule, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- E-post: rose@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kulturskule.no

Epost: rose@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.kvam.kulturskule.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no