

|
Laurdag 25.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Open dag med loppemarknad..
Storeteigen venelag og Bygdagnist inviterer alle til open dag på Storeteigen med stor loppemarknad og ulike aktivitetar og kulturinnslag på tunet.
Program:
Kl 10: Marknaden opnar
Kl 18: Marknaden
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
13:00 Symjing for alle..
Frå måndag 15. oktober 2012 vart det innført betaling for badande:
Born: Einskildbillett kr 25,- / sesongkort kr 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr 50,- / sesongkort kr 400,-
Ein betalar ikkje kont
14:00 Kakaokonsert..
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg k
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
ØIL-barnedisco..
Roger Vassnes.
20:00 Champions League Finale..
Kl 20.30 Bayern Munchen - Dortmond.
|  | Sundag 26.05.2013:
11:00 Klubbmeisterskap - årsmøte..
Klubbmeisterskap og årsmøte. Klubbmeisterskapet går over 6 seriar.
.
11:00 Friluftsgudsteneste på Åse i Strandebarm..
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KRIK. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552.
14:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
19:00 Kveldsgudsteneste i Øystese kyrkje..
S.pr. Lars Arne Vik. Song av Norheimsund og Øystese ungdomskor. Nattverd. Offer til ungdomskoret..
19:00 BRANN - Sarpsborg..
Kl 19. Seriekamp.
20:00 Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Vaksenopplæringa, grunnopplæring
|
Lagt ut 25. januar 2013 kl. 10:11 av Kjell Arne Gjøn
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr. 21300)
Grunnopplæring er eit tilbod til personar som treng opplæring på grunnskulen sitt område.
2. Kven får tenesta
Vaksne personar kan få denne opplæringa. Norske så vel som personar frå andre land med busettingsløyve, arbeids -og/eller opphaldsløyve kan få grunnskuleopplæring.
3. Korleis få tenesta
Ynskjer du grunnskuleopplæring, så ta kontakt med Vaksenopplæringa. Søknadsfristar kan variera alt etter kva kurstilbod som er planlagde.
4. Kva omfattar tenesta
Grunnopplæring:
Opplæring innan dei fem faga som fører fram til vitnemål i grunnskulen; norsk, matematikk, engelsk og to av faga kristendom m/livsynsorientering, natur- og miljøfag og samfunnsfag.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
Fagleg -/ pedagogisk kompetanse. Å verta møtt på ein høfleg og respektfull måte. Respekt for teieplikta .
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Undervisninga og skulemateriellet er gratis. Tilbodet Vaksenopplæringa kan gje, er avhengig av kor store /små rammeoverføringar ein får tildelt frå heradet.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Opplæringslova, §4A-1 Rett til grunnskuleopplæring for vaksne.
8. Når ting ikkje fungerer
Det er ynskjeleg at ein løyser eventuelle problem på lågast mogleg nivå, lærar eller rektor ved skulen. Dersom dette ikkje fører fram, kan problemet leggjast fram for skulesjefen.
9. Klage
Eventuell klage skal i skriftleg form rettast til rektor ved Vaksenopplæringa. Dersom ein på dette nivået ikkje kjem fram til ei avklaring på anken, kan saka førast fram til fylkesmannen som tek endeleg avgjerd.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Informasjon om grunnskuleopplæring og aktuelle kurs får ein ved å kontakte Vaksenopplæringa. Oppstart av aktuelle kurs vert offentleggjort gjennom lokalavisa.
11. Praktiske opplysningar
Vaksenopplæringa i Kvam, Postboks 62, 5604 Øystese Rektor: Kjell Arne Gjøn, tlf. 56556890 E-post: vaksenopplaeringa@kvam.kommune.no Besøksadresse: Sjusetevegen 26, 5610 Øystese
Epost: vaksenopplaeringa@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|