

|
Måndag 20.05.2013:
11:00 Sundagsskuleavslutning på Fykse skule..
Me deltar på friluftsgudstenesta på skuleplassen på Fykse, og grillar etterpå!.
11:00 Friluftsgudsteneste på skuleplassen på Fykse ..
S.pr. Lars Arne Vik. Øystese sundagsskule. Mannskoret Laudamus og Heims musikklag tek del. Offer til 1.Sjøspeidargruppe..
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Tysdag 21.05.2013:
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Onsdag 22.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Trivselskafe..
Velkomen til trivelig og sosialt samvær kvar onsdag mellom kl 11 og 14 på Trivselskafeen.
Enkel servering.
Varm mat, kaffe og kaker.
Kr. 50,-
Ta gjerne med handarbeid..
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.



20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Brosjyre: Utekontakten i Kvam
|
Lagt ut 15. april 2013 kl. 09:49 av Siriann Lillevik
|
|
|
|
Henging & Slenging Utekontakten oppsøkjer ungdom mellom 13 og 23 år der dei er. Difor "heng" me kanskje rundt på dansar, i og utanfor ungdomsklubbar, i bygdene generelt, eller sleng innom kjøpesenteret. Me kjem og innom skulane for å prata med dykk. Men hugs: Me har streng teieplikt. Du kan stola på oss.
Snikk & Snakk Dei fleste som kjem i prat med Utekontakten gjer det berre for å slå av ein prat. Me likar at de kjem innom eller slår på tråden. På den måten vert me kjend.
Om du synes det er vanskeleg å snakka med vaksne om ting som plagar deg, har Utekontakten tid til å høyra på deg. Me er vane med å snakka med ungdom, og me har teieplikt. Du kan vera trygg på at det me snakkar om ikkje kjem vidare utan at du sjølv vil det.
 Blakk & Svolten Kanskje kan det hjelpa å snakka med oss viss du er blakk. Me veit litt om kva rettar du har, og me kan hjelpa deg med å få styring på økonomien.
Svart & Mørkt Av og til oppstår det kriser i livet. Ting kan virka heilt håplause, og det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal koma seg gjennom vanskane. Ein treng ofte nokon å snakka med for å koma vidare. - Snakk gjerne med oss. Me har erfaring med å snakka med folk som er i krise. Ei trøst kan vera at ein ofte vert både sterkare og klokare etter å ha vore gjennom ein vanskeleg periode.
"Bier & Blomster" Seksualitet er i utgangspunktet ein av livets mest positive ting. Seksualitet er viktig for dei fleste, og ofte er det vanskeleg å snakka om slike spørsmål med andre. Seksualitet, overgrep, kjønnssjukdomar, ulike legningar, prevensjon og graviditet har me peiling på.
 Fyll & Spetakkel Har du eit rusproblem så stiller me gjerne opp. Me har bra oversikt over dei hjelpetilbod som fins, og kan støtta deg mot eit liv der rusmidlane ikkje styrer deg. Er du bekymra for ein venn, kan du snakka med oss om det. Me seier det ikkje vidare, men kan gje deg gode råd.
Skule & Skulk Me kan samarbeida med deg om vidare skulegang, hjelpa deg å finna ut kva skule du kan satsa-på, og hjelpa med søknader. Me kan og prøva hjelpa deg om du har kome i vanskar på den skulen du går.
 Arbeid & Slit Me kan gje deg råd og rettleiing om det å søkja arbeid, og å hjelpa deg å skriva søknadar.
Hus & Hybel Saman med deg hjelper me til med å skaffa hybel eller leilighet, og viss du ynskjer det -vert me med for å "ta ein kikk"
Etatar & Kontor Er du forvirra over "systemet?" Synes du dette med NAV, OT/PPT osv. Er vanskeleg? Då kan du ta kontakt med oss. Me veit kven som best kan hjelpa deg i din situasjon. Me kan hjelpa deg å finna fram til dei rette kontora og personane -eventuelt verta med deg om du ynskjer det.
Korleis få tak i oss? Utekontakten har kontor på Ungdomsbasen som no ligg i "Trollhola" under kinoen i Norheimsund. Ungdomsbasen er ein uformell treffstad for ungdom. Her er fast opningstid på torsdagar frå kl. 12.30- 20.00. Me arrangerer også aktiviteteskveldar utenom fast åpningstid. Ellers er det berre til å stikke innom dersom vi er på kontoret. Alle er hjartleg velkomen innom! Ein kan òg nå oss på mobiltelefon eller på "Utekontakten i Kvam" på facebook.
Kontaktinformasjon: Kontor: 56 55 85 80 / 56 55 85 82 Birte Brakestad: 90 21 18 93 birte.brakestad@kvam.kommune.no Siriann Lillevik: 97728718 siriann.lillevik@kvam.kommune.no
Postadresse: UTEKONTAKTEN Grovagjelet 16, 5600 NORHEIMSUND
Epost: siriann.lillevik@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|