Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Utekontakten

Utskriftsvenleg side Lagt ut 3. september 2014 kl. 09:16 av Siriann Lillevik
1. Tenestedefinisjon (teneste nr. 23330)

Utekontakten skal vera ein vaksen person som ungdom kan ha tillit til.
Eit tilbod til ungdom i Kvam.
Oppsøkjande teneste. Utekontakten kan oppsøkja ungdom der dei befinn seg og ungdom kan oppsøkja utekontakten.


2. Kven får tenesta?

Ungdom mellom 13 og 23 år.


3. Korleis få tenesta?

Utekontakten har kontor i Ungdomsbasen i Noreimsund. Vidare har utekontakten mobiltelefon og er på facebook (Utekontakten i Kvam).
Utekontakten skal vera synleg der ungdom oppheld seg både på dagtid og kveldstid.
Ungdom i heile Kvam skal få treffa utekontakten gjennom skulebesøk.
Utekontakten skal vera disponibel ut over dei vanlege kontortidene.
Ungdom, eventuelt foreldre, kan sjølv ta kontakt ved behov.


4. Kva omfattar tenesta?

Vitjing av skular
Oppsøkja ungdom der dei oppheld seg
Vera omsorgsperson, entreprenør, kulturformidlar, ungdommens talsperson, motivatør, haldningsskapar og ein vaksen ungdom kan ha tillit til.
Hjelpa ungdom og foreldre med saker dei ynskjer hjelp til.


5. Kva kan ein forventa av dei tilsette?

At ein vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At teieplikta vert halden
At ein får hjelp til å løysa dei oppgåvene ein ynskjer.
Vidareformidla hjelp i samråd med den det gjeld.


6. Pris/ kostnad

Utekontakttenesta er gratis


7.Heimelsgrunnlag for tenesta.

NOU 1980 nr 37 og St. mld. 69, 1993


8.Når ting ikkje fungerer.

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med barnevernsleiar eller oppvekstsjef.


9. Klage.

Finn du grunn til å klaga på innhaldet i tenesta eller på personalet som utfører tenesta, ta kontakt med barnevernsleiar eller oppvekstsjef. Sjå punkt 11.
Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skriva ned klagen.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon

Brosjyrar om utekontakten skal verta delt ut ved skulebesøk. Dei skal òg liggja på servicesenteret i rådhuset.
www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar.

Trefftid/kontortid kan variere frå år til år. Ein kan få kontakt på telefon:
Kontor: 56558580 / 56555882
Mobil: 97728718/90218393


De treff oss på ungdomsbasen i Norheimsund Torsdag frå kl. 12.30- 20.00. Elles kan de sjå info på oppslag og / eller facebook for trefftid på skulane.
Postadresse: utekontakten, Grovagjelet 16, 5600 NORHEIMSUND
Barnevernsleiar og oppvekstsjef når ein ved å kontakta rådhuset.

Epost: siriann.lillevik@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no