Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Utekontakten

Utskriftsvenleg side Lagt ut 2. mai 2013 kl. 19:35 av Birte Brakestad
Utekontakten i Kvam oppsøkjer og er i kontakt med ungdom mellom 13 og 23 år der dei er.
Difor bevegar utekontakten seg mellom anna rundt i skular, på gata, i ungdomsklubbar, dansearrangement, konsertar,
kjøpesenter o. l. Utekontakten kan du treffa ute både på dagtid og kveld/natt. Elles treff du utekontakten i Ungdomsbasen under kinoen i Norheimsund sentrum.
Er du i denne aldersgruppa kan utekontakten hjelpa deg med det du ynskjer hjelp til. Utekontakten har streng teieplikt og er ei lågterskelteneste for ungdom. Det er viktig å hugsa at storparten av dei som tek kontakt med oss, gjer det berre for å slå av ein prat eller for å få nokre råd!

Arbeidet inneheld både generelt kulturarbeid og individuell oppfølgjing. Me samarbeider med andre instansar når ungdom ynskjer det.

Det er to personar tilsett i utekontakten:

- Siriann Lillevik frå Øystese jobbar i 80% stilling
- Birte Brakestad frå Måløy jobbar 90 %.


Utekontakten har kontor i Ungdomsbasen som no held til i "Trollhola" under kinoen. Ungdomsbasen har ope på torsdagar frå kl. 12.30- 20.00.
Me har og arrangement på Ungdomsbasen innimellom. Sjå etter oppslag på skulane eller på facebook sida vår (Utekontakten i Kvam).
Har du nokre gode idear på kva aktivitetar me kan ha på Ungdomsbasen, så tips oss gjerne om dette!!!

Siriann har mobilnr: 97 72 87 18
Birte har mobilnr: 90 21 83 93
Kontoret i Norheimsund har telefonnr: 56 55 85 82 og 56 55 85 80

Ta gjerne kontakt!

Epost: birte.brakestad@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.kvam.no/portal/biblskule2.asp?tenesteid=557&meny=born_og_ungdom




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no