Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Rock og denslags...

Utskriftsvenleg side Lagt ut 16. januar 2013 kl. 10:27 av Frank Tangen
"Rock og denslags" er ei utgjeving det har teke lang tid å få realisert.
Føremålet med denne CD er å formidle musikk som til no har vore ukjend for dei fleste. Resultatet er ei samling med 30 melodiar frå perioden 1981 til 1997, ordna i rekkjefølge etter innspelingsåret. Utgjevinga er likevel berre delvis representativ då det finst meir materiale som av ulike årsaker ikkje er teke med.
Einar Skjervheim og Per Christian KjepsoDei aller fleste av dei representerte aktørane har ei eller anna tilhørigheit til Kvam. Innspelingane er hovudsakleg likevel gjort i Bergensområdet. Her fekk og mange av gruppene etterkvart sin "base". All musikk er eigenkomponert og ein ikkje ubetydeleg sum pengar er brukt til studioopptak. Mange investerte og i lydstudioet som vart brukt for på den måten å oppnå redusert timepris. I evalueringsprosessen er studioinnspelingane prioriterte framfor opptak av ein meir varierande kvalitet. Dette har gjerne vore opptak gjort på konsertar, i heimestudio eller i øvingslokala. Årsaka er at det ellers ville blitt ein kostbar affære med tanke på lydrestaurering.

Med denne utgjevinga er eit nytt kapittel i vestnorsk rockhistorie skreve og vi håper at den vil gje ein peikepinn på både nivået og breidda av musikkmiljøet i Kvam i denne perioden. Dei mange stilartane viser klart mangfoldet. Det må likevel presiserast at alle aktørane er amatørar, så ha dette friskt i minne når du lyttar til musikken.
Alle grupper, melodiar og tekstar har ei historie. Vi har her berre nevnt litt om dei opptaka vi har fått bakgrunnsmateriale om.

Søkjer ein den tidlegaste dokumenterte hardrock-gruppa frå Kvam er ikkje ZENITH SUN nokon dårleg kandidat. Gruppa var oppegående allereie på midten av 70-talet. Opptaka frå denne tida var imidlertid av så dårleg kvalitet at ei nyinnspeling av melodien "We Get High" vart gjort i 1997, over 20 år etter at gruppa vart oppløyst! Dette er eit godt eksempel på at lydkvaliteten på magnetband har ei begrensa levetid og kor viktig det er å lagre slike opptak digitalt.

Alle LUZELLE sine studio-opptak er eit resultat av siger i "Ope Vossameisterskap i musikk" i 1982 og 1983.
6. mai 1988 styrta eit widerøe-fly i Torghatten utanfor Brønnøysund. Lars Olav Lofthus befann seg like ved Regionsykehuset i Trondheim og såg mange av dei omkomne blei frakta inn med helikopter. Nyheita og nærieiken gjorde eit djupt inntrykk, og dette utgjer bakgrunnen til teksten til WASTELAND'S "In Memory".

HARD DAY'S NIGHT nådde norsktoppen i 1994 med sin CD "Obsessed". Dei tre melodiane som er representert frå denne utgjevinga er dei einaste på denne plata som tidlegare er utgitt.

I 1993 vann LOST IN LEGOLAND Trolltoppen. Gruppa kom seg dessverre aldri i studio, men vi har likevel teke med eit opptak der Bjørn Gunnar Byrkjeland og nokre andre musikarar spelar "A life". Denne melodien vart spelt av gruppa på denne tida.

CD 1 (80-talet)
1Migger Flint BandNorsk Rock03:15
2LuzelleNo Reminder03:49
3LuzelleKvit Død02:25
4LuzelleFri Som Fuglen03:06
5LuzelleIf You Wanna Be Alive03:42
6WastelandIn Memory06:21
7WastelandTwenty-One06:48
8Prosjekt FStory05:00
9Sandven/Skjervheim m.fl.Make Me High03:36
10Haugland/Skjervheim m.fl.Want You To Break It04:57
11Einar Skjervheim m.fl.Dagdraum03:45
12Wednesday JamMr. Green05:26
13Wednesday JamIt's Not So Easy06:12
14Kjell Atle Lund m.fl.Lang Tung Kvam Ting08:26


CD 2 (90-talet)
1Skjervheim/Sundvor m.flFaces05:15
2Gone II FarWhen The Storm Comes04:35
3Gone II FarI Fly With Time04:40
4Gone II FarLeave It To The Doctor04:02
5Hard Day's NightObsessed03:23
6Hard Day's NightWithout Me04:03
7Hard Day's NightBetter Days03:07
8In Case Of An AppleI've Been Gone04:13
9In Case Of An AppleWhy Tell The Truth02:30
10In Case Of An AppleUngkarsreggae03:12
11Skjervheim/Sundvor m.flUlv, Ulv04:26
12Yngve Sundvor m.flTo Øl Og Sjelefred04:19
13Elektriske TøflarAngelina04:36
14Larsen/Skjervheim BandTil PC03:55
15Lost In LegolandA Life02:25
16Zenith SunWe Get High05:45


Mastering: Lydmuren A/S ved Mikkel Schille, Einar Skjervheim og Pål Werner Larsen.
Pre-mastering: "No Remainder" og "Kvit Død" av Espen Berg ved Masterhuset A/S
Endring/pålegg: "Til P.C. (Ein Dag I April)" Einar Skjervheims heimestudio.
Design: Rune Karlstad Design
Forsidefoto: Vibeke Bergh Dalseth
Illustrasjonar: Pål Werner Larsen
Produksjon: Major Studio A/s ved Per Hermansen.
Prosjektansvarlige: Pål Werner Larsen og Einar Skjervheim.
Spesiell takk til: Eirik Grønner, Rune Karlstad, Peter Kjepso, "Pytten", Cato Sanden, Mikkel Schille, Trygve Thue , Kvam herad, alle som har levert musikalsk materiale og til slutt alle dei som støttar ei god sak ved kjøp av denne plata. Eit eventuelt overskot vi! uavkorta gå til Kvam Rockeklubb.

"No Remainder" er tileigna "Pirki". (Makan til kar skal ein leite lenge etter!!)

Kontakt Kvam musikkliv v/Dag Harald Østborg (mob. 40061797) eller Dag Ivar Tangen (mob. 90932875) for kjøp av CD.

Epost: frta@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no