Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Følgjekort/ledsagerbevis

Utskriftsvenleg side Lagt ut 3. september 2014 kl. 08:58 av Lillian Kvamsøy
Ordninga er meint for personar med funksjonshemming.
Kortet gjev innehavar av følgjekort eller følgje gratis tilgjenge på kulturaktivitetar til organisasjonar som har akseptert ordninga i Kvam herad. Søknadskjema får ein ved å venda seg til Kvam herad, Kulturkontoret tlf.56553000 eller som pdf-dokument under her.
Link til søknadskjema ligg nederst i artikkelen.

KVA ER FØLGJEKORT?


Følgjekort er eit dokument i form av eit kort med bilete, som er utsteda av Kvam herad.
Kortet bekreftar at innehavar av kortet er avhengig av fylgje. Følgjekortet vert utsteda gratis, og nedre aldersgrense for søkjar er normalt 8 år.

KVIFOR FØLGJEKORT?


Ordninga skal vera eit verkemiddel for å bidra til auka livskvalitet for funksjonshemma.
Ordninga med følgjekortomfattar personar med varig funksjonshemming.
Mot at den funksjonshemma sjølv løyser billett, får ho/han ta med gratis fylgje der ordninga vert akseptert.
Følgjekortet dekkar ingen andre utgifter ved aktiviteten enn inngangsbilletten.

KVEN KAN SØKJA?


Ordninga er meint for personar med varig funksjonshemming.
Definisjonen som er brukt i Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1998 - 2001 vert lagt til grunn for tildeling.

KVAR KAN FØLGJEKORTET BRUKAST?


Alle kommunale kultur og fritidsaktivitetar.
Kvam herad har oppfordra andre kulturarrangørar til å slutta seg til denne ordninga.

FYLGJE, KVEN ER DET?


Fylgje er den som til ei kvar tid bistår den funksjonshemma for at ho/han skal oppnå målet med ordninga. Den funksjonshemma vel sjølv kven ho/han vil nytta som fylgje.

KVEN HANDSAMAR SØKNADEN?


Den funksjonshemma søkjer Kvam herad, kultur og integrering på fastsett skjema om tildeling av følgjekort.
Psykisk og fysisk funksjonshemming som har behov for ledsager kan søkja.
Den tilsette i Kvam herad som arbeider ved kulturkontoret har teieplikt.

HØVE TIL Å KLAGE


Vedtak om innvilga eller avslå søknad om ledsagerbevis vert vurdert som enkeltvedtak, og kan klagast inn for Klagenemda i Kvam herad.

Alle søknader og spørsmål om ledsagerbevis kan rettast til:
Kvam herad, Kultur og integrering v/Lillian Kvamsøy, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Tlf. 56 55 30 00 - 56 55 86 91

Epost: lilk@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no