Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Helse og omsorg

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:41 av Åslaug Bøhn Botnen
Helse og omsorgssjef Åslaug Bøhn Botnen er leiar for eining helse- og omsorg i Kvam herad. Helse- og omsorgssjefen har kontor i rådhuset og er å treffa på
tlf. 56553093 eller mobiltlf. 90598579
epost: aabb@kvam.kommune.no


Helse og omsorgstenesta i Kvam er organisert i 5 avdelingar; helse, lokalmedisinsk senter, NAV, pleie og omsorg og avdeling Stab og forvaltning.
Denne organiseringa vart vedteken i januar 2013. Det vert arbeidd med tilpassingar til den nye organiseringa i dei 5 avdelingane.

OPPGÅVER FOR HELSE- OG OMSORGSTENESTA:


-Å gje omsorg, behandling og pleie til den som ikkje maktar eigenomsorg, personleg omsorg og praktiske gjeremål i kvardagen, enten i eigen heim eller i institusjon.
-Å stimulera den enkelte til å halda seg aktiv og førebyggja helsesvikt.
- å betra levekåra for vanskelegstilte, bidra til økonomisk og sosial tryggleik slik at den enkelte kan leve og bu sjølvstendig og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og deltaking i samfunnet
- bidra til at utsette barn og unge og deira familie får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod
- bidra til likeverd og likestilling
- bidra til at innvandrarar får høve til deltaking i arbeids- og samfunnsliv

Avdeling stab og forvaltning:
Bente Mo er leiar for avdeling Stab og forvaltning. Ho har kontor på Toloheimen og er å treffa på telefon 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56.
Avdelinga har ansvar for sakshandsaminga i helse og omsorgstenesta. Avdelinga gjer vedtak i tråd med lov, forskrift og interne prosedyrar.
Vedtak om plass i trygde/ omsorgsbustad og langtidsplass i institusjon vert fatta i felles inntaksmøte der leiar for avdeling Stab og forvaltning, pleie og omsorgsleiar, leiar for Kvam Rehabiliterings- og Behandlingsavdeling og sjukeheimslege deltek.
Støttekontaktordninga, IT ansvarleg i helse og omsorg , innkjøpskoordinator og merkantilt personell er organisert i avdeling Stab og forvaltning.


Avdeling Helse ( 4 fagavdelingar)


Helse og omsorgssjef er leiar for avdeling helse. Fylgjande avdelingar eg organisatorisk plassert i helseavdelinga: 1. legetenesta, inkl. legevakt,2. avdeling rus og psykisk helse, 3. fysioterapi og ergoterapi. Helsesøstertenesta er organisert i eining for oppvekst.

1. Legetenesta:
Kommuneoverlege Arne O Aksnes er leiar for legetenesta. Han har kontor på rådhuset og er å treffa på telefon 56 55 30 88/ 90 59 10 24. Kommuneoverlegen har det overordna faglege ansvaret for legetenesta og Kvam legevakt. Legevakta er lokalisert i nybygget ved Toloheimen og Kari Svellingen Nygård er dagleg leiar for legevakta.

2. Avdeling Rus og Psykiatri:
Avdeling har base i Norheimsund i " Gamlebanken". Avdelinga har heile kommunen som arbeidsfelt. Leiar for avdelinga er Anne Merete Flekstad Vik tlf. 56 55 30 92, mobil 97 60 31 30. Avdelinga gir hjelp til heimebuande i heile kommunen.
Aktivitetstilbod ved Holmsund er organisert i avdelinga.

3. Avdeling fysio- og ergoterapi.
Leiar for avdelinga er sjefsfysioterapeut Torild Kveberg. Ho har kontor i Helsebanken i Øystese og er å treffa på tlf. 56 55 38 50/ 90 17 61 66.
Avdelinga organiserer fysio- og ergoterapitilbodet i heile kommunen. Barnefysioterapi er lokalisert i Helsebanken i Øystese og fysioterapi til eldre har base på Toloheimen.
Kommuneergoterapeut Hege Dale er organisert i avdelinga og ho har kontor på Toloheimen 56 55 86 00

Helsesøstertenesta er frå 01.08.2013 organisert i eining for oppvekst.
Leiar for avdelinga er Torill Høyland. Ho har kontor i Helsebanken i Øystese og er å treffa på tlf. 56 55 38 50/ 91 71 12 45.
Helsesøstertenesta organiserer helsestasjonstilbod og skulehelsetenestetilbod i heile kommunen.

Avdeling Kvam lokal medisinske senter:


Kvam lokal medisinske senter ( LMS) er lokalisert på Toloheimen og er ei organisatorisk "overbygning" for sengepost, legevakt, hjelpemiddellager, spesialistpoliklinikk og ambulansestasjon. Senteret vart offisielt opna i november 2012.
Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling er sengeposten i senteret. Den vart etablert på Toloheimen hausten 2009. Avdelinga gir tilbod til personar frå heile kommunen. Ingegjerd Pedersen Lid er leiar for avdelinga. Ho er å treffa på tlf. 56 55 86 06/ 56 55 86 20 / 97 42 32 86


Hjelpemiddellageret er organisert i LMS- senteret og er lokalisert i nybygget ved Toloheimen. Lageret har ansvar for å skaffa og låna ut hjelpemidlar. Ekspedisjonstid på hjelpemiddellageret er 0900-1300 på telefon 56 55 69 11.

Kreftkoordinator Margrete Berge har kontor på Toloheimen og er organisatorisk knytt til LMS- senteret.
Kreftkoordinator er å treffa på telefon 56 55 86 00 / 86 09 / 906 79 853.

Avdeling NAV:


Terje Langeland er leiar for NAV- kontoret i Kvam.
NAV- kontoret er organisert i 2 avdelingar, avdeling mottak og avdeling oppfølging. Stein Erik Hansen er leiar for avdeling mottak og Terje Langeland er leiar for avdeling oppfølging.
Dei kommunale oppgåvene i NAV er i stor grad organisert i avdeling oppfølging: sosialtenesta i Nav og flyktningetenesta.

<

Avdeling pleie og omsorg:


Pleie og omsorgsleiar Elfrid R. Oma er leiar for avdeling pleie og omsorg. Pleie og omsorgsleiar har kontor på Toloheimen og er å treffa på telefon 56 55 86 02 eller 90 68 10 38. Pleie og omsorgstilbodet er organisert i arbeidsgrupper i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm.
Kvar gruppe er leia av ein gruppeleiar.
Pleie og omsorgsleiar disponerer eit samla personale som gir hjelpetiltak til heimebuande og personar som bur i institusjon.

Det er dagsenter for eldre i Ålvik omsorgsbustader,på Strandebarmheimen og på Øysteseheimen. Dagsenteret på Øysteseheimen er felles for sone Norheisund og sone Øystese. Dagsenter for personar med psykisk utviklingshemming er samlokalisert med dagsenter for eldre på Øysteseheimen.
Hanne Mari Solheim Aarsand er leiar for dagsenteret på Øysteseheimen. Ho er å treffa på telefon 56 55 85 03.

Birgit Grøtt er gruppeleiar for heimetenesta i Ålvik. Ho er å treffa på tlf. 56 55 34 50/ 51 eller mobil 48 29 05 64. Kontoret ligg i Ålvik omsorgsbustad. 20 nye omsorgsbustader vart tekne i bruk på nyåret 2003. Sona har 9 trygdebustadane for utleige, 3 av desse skal renoverast i 2014.
Personalet i gruppe Ålvik har ansvar for heimesjukepleietenester og andre himetenester i Ytre og Indre Ålvik.Vakttelefon i Ålvik : 91 39 25 79

Tenestetilbodet i Øystese er organisert i 6 grupper. Gruppe 1 organiserer heimehjelp og heimesjukepleietilbodet i Øystese på strekninga Steinstø- Nes. Gruppeleiar Kjersti Hanssen er leiar i gruppe 1. Gruppa har base/ kontor på Mikkjelsflaten og gruppeleiar er å treffa på telefon 56 55 69 50. Gruppeleiar Margaret Mæland er leiar for gruppe 2. Gruppa har base/ kontor på Øysteseheimene 2 etage. Gruppa har ansvar for 2 sengepostar på Øysteseheimen ( 1.og 2. høgda). Gruppeleiar er å treffa på telefon 56558520.
Margunn Lofthus er leiar for gruppe 3. Denne gruppa har ansvar for ein sengepost på Øysteseheimen ( gruppe 3 demensavdeling). I tillegg organiserer gruppa natt- tenestetilbodet i Øystese og Ålvik. Gruppeleiar er å treffa på telefon 56 55 85 30.
I Øystese er det i alt 75 omsorgs- og trygdehusvære for utleige. Det er 31 omsorgsbustader med fellesareal på Mikkjelsflaten.
I Øystese er det også fleire husvære med fellesareal som er utleigde til personar med utviklingshemming.
Gruppeleiarar for dei som arbeider i desse gruppene er An-Magritt Byrkjeland, Else Henriksen og Kjersti Soldal.

Tenestetilbodet i Norheimsund er organisert i 5 grupper. Toloheimen har 32 senger, 16 av dei er Kvam Rehabilitering og Behandlingsavdeling. Personalet som tilhøyrer arbeidsgruppene 1 og 2 har ansvar for heimesjukepleie og andre heimetenester på strekninga Nes - Ljones. Gruppe 3 aust ( Firkløveren) og gruppe 3 vest er langtidsavdelingar for personar med demens. Gruppeleiarar i Norheimsund er Anne Karin Mæland, gruppe 1, telefon 56 55 64 30,Anne Lise Neteland, gruppe 2, 56 55 64 20, Marit Jørdre Tolo, gruppe 3 Firkløveren telefon 56 55 86 32 og Liv Skutlaberg, gruppe 3 vest telefon 56 55 86 31. I sona er det i alt 74 omsorgs- og trygdebustader for utleige. 32 av dei er nye omsorgsbustader med fellesareal i Tolo omsorg. 4 husvære har fellesreal og er spesielt utleigde til personar med psykisk utviklingshemma. Gruppeleiar for dei som arbeider hjå desse er Liv Nygard.

Tenestetilbodet i Strandebarm har base på Strandebarmheimen. Det er 2 ruppeleiarar i Strandebarm: Elisabeth Svåsand og Liv Berit Bru Eide. Dei er å treffa på telefon 56 55 31 10/ 91 81 74 08. Strandebarmheimen har 13 langtids- senger. Det er i tillegg 13 omsorgs- og trygdehusvære for utleige i Strandebarm. Personalet i Strandebarm har ansvar for heimesjukepleie og andre heimetenester på strekninga Ljones - Gravdal.

NATT-TENESTA


Natt-tenesta i Kvam er organisert i 3 distrikt; Strandebarm, Norheimsund og Øystese/Ålvik.
Personellet har ansvar for pleie og tilsynsoppgåver i institusjon, trygde/ omsorgsbustad og i eigne heimar. Natt- tenesta i Strandebarm har base på Strandebarmheimen og yter tenester i institusjon og heimetenesta i Strandebarm.
Natt- tenesta i Norheimsund har base på Toloheimen, i Tolo omsorg og i gruppe 4 og yter tenester i heimetenesta og institusjon i Norheimsund.
Natt- tenesta i Øystese har base på Øysteseheimen, Mikkjelsflaten, og i gruppe 7 og yter tenester i institusjon og heimetenesta i Øystese og Ålvik.



Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no