
|
Du er her: Startside / tenester /
Regionalt Næringsfond Hardanger (RNH)
|
Lagt ut 30. april 2013 kl. 14:03 av Jan Tjosås
|
|
Vedteke i Hardingtinget 10.11.2005, korrigert 04.12.2008
|
|
REGIONALT NÆRINGSFOND HARDANGER.
I . Strategisk plan.
Bakgrunn: Hardanger har mellom anna framtidsorientert industri, pulserande kulturliv, spennande reiseliv, spisskompetanse i fruktnæring. Hardanger har for lite av gründerånd og etablerarkompetanse.
Mål: RNH skal medverka til å løysa ut verdiskapingspotensialet i Hardanger ved å leggja til rette for og gi støtte til næringsutvikling og etablerartiltak i regionen.
Strategiar: RNH får si tildeling frå Hordaland Fylkeskommune og skal gjennom sine vurderingar av vidare støtte til næringsutviklinga i Hardanger reflektera ei til ei kvar tid gjeldande prioriteringar i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland. Attraktive og aktiv lokalsamfunn er avgjerande for at folk skal trivast og rekruttera naudsynt kompetanse for næringsliv og etablering.. Dersom følgjande område ikkje er med i gjeldande RUP, så skal RNH leggja slike spesifikke lokale priorteringsområde til grunn:
1. Nyskaping og kompetanse. Nye arbeidsplassar i tradisjonelle og utradisjonelle næringar basert på naturgjevne og menneskelege ressursar er hovudmålsetjinga for RNH. Hardanger skal ta del i den innovasjon som kjem fram gjennom kreative kunnskapsbaserte tenesteytarar og stimulera nettverk, nyetablering og til auka etterspørsel etter tenester. I ein region utan høgskule skal me leggja til rette for tilflytting av kompetansearbeidsplassar. Viktig er det også å setja fokus på fagutdanning samt etter- og vidareutdanning.
2. Industri og Internasjonalisering. Gjennom å utnytta nettverket i industri, kultur og reiseliv, samt aktiv kontakt med VestNorsk Brüsselkontor, skal næringar og kommunar i Hardanger vera aktive internasjonale aktørar.
3. Landbruksbasert Bygdeutvikling. Landbruket er eit av dei bærande elementa i næringsstruktur og landskapspleie i Hardanger. Landbruket representerer verdiskaping for samfunnet langt ut over talet på direkte sysselsette i næringa. Reiselivet er avhengig av eit levande landbruk. Ressursgrunnlaget på bygdene må i større grad utnyttast til næringsutvikling og busetjing.
4. Kulturbaserte næringar Hardanger har dei beste føresetnader for å skapa næring på grunnlag av tradisjonelle og moderne kulturytringar. Levande tradisjonar og blømande kunstuttrykk må stimulerast til nye inntektspotensiale og næringar med bakgrunn i Hardanger. Kulturbaserte næringar er også gode døme på meirverdien Hardanger gir sine innbyggjarar og gjester.
5. Reiseliv. Hardanger er eit av dei fremste reisemåla i Noreg og del av Fjordane som utpeika det internasjonalt beste reisemålet. Hardanger vil utnytta synergiane mellom reiseliv, landbruk og kultur til nyskaping og vidareutvikling av Hardanger produkt- og merkenamn.
II . Retningsliner.
Styre: RNH skal ha eit styre på 9 medlemmer. Regionrådet (ordførarane) i dei 7 Hardangerkommunane/herada og 2 frå lokalt næringsliv.
Sakshandsaming. • Dagleg leiar i Hardangerrådet er ansvarleg for sakhandsaminga. Hardangerrådet kan leiga dette hos næringsselskap eller kommunar i Hardanger. 20% av årleg fylkeskommunale tildelte midlar kan årleg verta sett av til oppbygging av RHN frå 2004. Renteinntekter og anna avkasting vert årleg tillagt fondet. • Regionalt Næringsfond Hardanger vert lyst ut og tildelt 1 gong i året med søknadsfrist 01.09 frå og med tildelinga i 2009. • Tilsegn om fondsmidlar frå RNH skal normalt trekkjast inn etter 12 månader, dersom dei ikkje er utbetalte. • Tildelte midlar kan krevjast tilbakebetalte dersom dei ikkje er nytta etter føresetnadene i søknaden.
Forvaltningsprinsipp. • RNH skal gje tilskot til tiltak i dei 7 Hardangerkommunane. Om tiltaket også har verknad for nabokommunar til Hardanger, er dette ikkje til hinder for støtte. • RNH kan nyttast til støtte til prosjekt i regi av kommunar og kommunale verksemder. RNH kan ikkje nyttast til drift eller investering for kommunar eller kommunale verksemder. • RNH kan nyttast til etablerarstøtte, prosjektstøtte, forstudie og utgreiingar i einskildverksemder, men ikkje til investering i bygg/faste installasjonar eller drift. RNH skal forvaltast i best mogeleg koordinering med kommunale næringstøtteordningar. Søknader som gjeld heile regionen må først vurderast av RNH før kommunal handsaming. Av omsyn til samordning , må det i søknaden koma fram kva finansieringskjelder som vert omsøkte. • Tilsegn frå RNH vert utbetalt med 50 % av summen ved oppstart av omsøkt tiltak og 50 % når det er levert revidert rekneskap som viser bruken av midlane. • Tilskot inntil 20.000 kr kan utbetalast i ein sum. • Tiltak med bruttobudsjett under 50.000 kr slepp ordinær revisorplikt frå autorisert revisor. Internrevisjon skal krevjast. • Tiltak som har regionalt perspektiv skal prioriterast ved tildelingar frå RNH. Eit forprosjekt må vera på regionalt nivå, ikkje lokalnivå. • Ved vurdering av tilsegn RNH skal ein leggja vekt på realismen for gjennomføring.
Epost: jatj@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|