Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Vaksenopplæringa, spesialpedagogisk avdeling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 4. september 2013 kl. 12:09 av Kjell Arne Gjøn
1. Tenestedefinisjon

Spesialundervisning for vaksne som har rett til det etter Opplæringslova §§ 4 A-1 og 4 A-2.
Dette er eit tilbod for vaksne som treng spesialpedagogisk-og tilrettelagt hjelp innan opplæring, utvikling og vedlikehald av grunnleggjande dugleik.


2. Kven får tenesta

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære tilbodet, eller treng opplæring for å utvikle eller halde vedlike grunnleggjande dugleik, kan få spesialundervisning.
Vaksne med psykiske vanskar som har behov for skjerma kurstilbod.
Dei som søkjer timar ved Vaksenopplæringa og som krev enkeltvedtak, må vera busette i Kvam herad. Vaksne frå andre kommunar, må søkja midlar til dette frå sin heimekommune.


3. Korleis få tenesta

Ynskjer du særleg tilrettelagt opplæring og ikkje kan nytta deg av det ordinære tilpassa tilbodet, ta kontakt med rektor ved skulen. I slike høve må det utarbeidast sakkunnig vurdering og individuell opplæringsplan i tråd med gjeldande lovverk for spesialundervisning.

Eventuelle søknader vert vurdert av Vaksenopplæringa, og rektor gjer eit enkeltvedtak om undervisningstilbod.



4. Kva omfattar tenesta

Spesial - og ekstraordinær undervisning
Ved spesial - og ekstraordinær undervisning vert det utarbeidd ei sakkunnig vurdering og ein individuell opplæringsplan, før det vert gjort enkeltvedtak om undervisningstilbod.
Undervisninga vil i mange høve vera tiltak som må koordinerast med andre tenester og tenesteytarar.
Omfanget på undervisninga kan variera noko, men alle tiltak skal vurderast og eventuelt justerast minst ein gong i året.
Undervisninga er tilpassa dei særlege behov brukaren har etter tilråding frå PPT eller annan sakkunnig instans.
Undervisninga føregår i stor grad på dagtid.
Opplæringa vert gjeve i skulen sine lokale, på arbeidsplassar eller heime hos brukaren.


5. Kva kan forventast av dei tilsette

Fagleg -/ pedagogisk kompetanse.
Å verta møtt på ein høfleg og respektfull måte.
Respekt for teieplikta.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Undervisninga og skulemateriellet er gratis.
Tilbodet Vaksenopplæringa kan gje, er avhengig av kor store /små rammeoverføringar ein får tildelt frå heradet.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Opplæringslova, §4A-2 Rett til spesialundervisning på grunnskulen sitt område og § 4A-1 Rett til grunnskuleopplæring for vaksne


8. Når ting ikkje fungerer

Det er ynskjeleg at ein løyser eventuelle problem på lågast mogleg nivå, lærar eller rektor ved skulen. Dersom dette ikkje fører fram, kan problemet leggjast fram for skulesjefen.


9. Klage

Eventuell klage på enkeltvedtak skal i skriftleg form rettast til rektor ved Vaksenopplæringa.
Dersom ein på dette nivået ikkje kjem fram til ei avklaring på anken, kan saka førast fram til fylkesmannen som tek endeleg avgjerd.


10. Meir informasjon:

Informasjon om spesialundervisning -/ekstraordinær opplæring får ein ved å henvenda seg til rektor ved Vaksenopplæringa.


11. Praktiske opplysningar

Vaksenopplæringa i Kvam, Postboks 62, 5604 Øystese
Rektor: Kjell Arne Gjøn, tlf. 56556890
E-post: kjegjo@kvam.kommune.no
Besøksadresse: Sjusetevegen 26, 5610 Øystese


Epost: vaksenopplaeringa@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no