Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Vaksenopplæringa, framandspråkleg avdeling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 4. september 2013 kl. 12:03 av Kjell Arne Gjøn
1. Tenestedefinisjon

Vaksenopplæringa underviser vaksne framandspråklege personar i norsk med samfunnskunnskap.


2. Kven får tenesta

Vaksne flyktningar som etter introduksjonslova har rett og plikt til norskopplæring med samfunnsfag eller personar som har enten rett eller plikt til slik opplæring.
Vaksne framandspråklege personar som er familiegjenforent med norske/nordiske borgarar eller flyktningar har også rett til opplæring i samsvar med introduksjonslova.

Vaksne framandspråklege personar/arbeidsinnvandrarar frå EØS-land kan få tilbod om betalingskurs dersom elevgrunnlaget er stort nok.


3. Korleis få tenesta

Ta kontakt med rektor ved Vaksenopplæringa.
Norskopplæringa skal for dei som kjem inn under introduksjonslova, starte innan 3 månader etter busetjing i heradet.
Rektor er ansvarleg for sakshandsaminga.


4. Kva omfattar tenesta

Undervisninga fylgjer "Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar".
Obligatorisk opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne framandspråklege på 600 timar. Av dei skal 50 timar vera samfunnsfag på eit språk som deltakar forstår. Det kan vera aktuelt å tilby timar utover dette.
Læreplanen opererer med tre spor eller progresjonar. Deltakarane har ulike føresetnader for å læra eit nytt språk, og dei fylgjer det sporet som passar best den einskilde sin bakgrunn. Spor 1 er lagt til rette for dei med ingen eller svært liten skulebakgrunn. Undervisninga på spor 1 har seinare progresjon enn undervisninga på dei andre spora. Spor 2 er for deltakarar som har ein del skulegang. Spor 3 er tilpassa deltakarar med god allmennutdanning.
Undervisninga føregår på dagtid.
Det kan vera aktuelt med betalingskurs på kveldstid for deltakarar som ikkje har rett til gratis opplæring.
Meir informasjon om norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege vaksne finn ein på denne adressa:www.imdi.no



5. Kva kan forventast av dei tilsette

Individuelt tilpassa opplæring.
Fagleg -/pedagogisk kompetanse.
Gjensidig respekt for framande kulturar og religionar.
Respekt for teieplikta.


6. Kva vert forventa av elevane

Det er frammøteplikt. Dei kan nytte seg av eigenmeldingar/ sjukemeldingar slik som i det norske arbeidslivet.


7. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Norskopplæring for framandspråklege vaksne som kjem inn under introduksjonslova/familiegjenforeining med norske/nordiske borgarar eller flyktningar er gratis.
Skyssgodtgjersle etter gjeldande reglar. Godtgjersla vert administrert av Vaksenopplæringa.
Personar/arbeidsinnvandrarar som vert omfatta av EØS-avtalen har ikkje rett til gratis opplæring.


8. Heimelsgrunnlag for tenesta

Introduksjonslova, kapittel 4
Forvaltningslova
Gjeldande vedtekter


9. Når ting ikkje fungerer

Eventuelle problem skal løysast på lågaste nivå, dvs. lærar, eller rektor dersom tilhøvet ikkje rettar seg.
Neste instans er skulesjefen


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Meir informasjon om undervisning av framandspråklege vaksne personar kan ein få hos rektor ved Vaksenopplæringa.
Flyktningar kan òg få informasjon om skulen via NAV-kontoret i heradet.
Sjå elles informasjon om skulestart/norskopplæring på heradet si nettside og i lokalavisa.


11. Praktiske opplysningar

Vaksenopplæringa i Kvam
Postboks 62, 5604 Øystese
Rektor: Kjell Arne Gjøn, tlf. 56556890
E-post: vaksenopplaeringa@kvam.kommune.no
Besøksadresse: Sjusetevegen 26, 5610 Øystese



Epost: vaksenopplaeringa@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no