Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Tilskot til kulturarbeid

Utskriftsvenleg side Lagt ut 20. juni 2014 kl. 09:50 av Mary Ann Sørheim
1. Tenestedefinisjon (37300, 37700, 37010, 38020, 38500, 38521, 38530)

Tilskot til kulturarbeid.


2. Kven får tenesta

Lag, organisasjonar og einskildpersonar.
Krav for dei spesifikke tilskotsordningar må følgjast.


3. Korleis få tenesta

Søknadspapir og/eller opplysningar får ein ved å kontakta kulturkontoret eller ved å gå inn på heimesidene til Kvam herad. Ikkje alle stønadsordningar har søknadsskjema.
Tilskotsordningar til drift av lag og organisasjonar, leikeplassar, nærmiljø, lokale idrettsanlegg, friluftsanlegg og lokale kulturhus har søknadsfrist 1.mars årleg.
Andre tilskot, underskotsgarantiar, stønad til leiarkurs, vaksenopplæringskurs m.v. kan ein søkja fortløpande.
Handsaming av søknader med søknadsfrist 1.mars vert handsama innan 1.juni kvart år. Andre søknader vert handsama fortløpande, normalt innan 3 veker.
Søknadene vert handsama som delegert sak, når søknadssummen ligg under kr 50.000,-.
Kulturadministrasjonen er ansvarleg for sakshandsaminga.


4. Kva omfattar tenesta

Tenesta omfattar tilskot til leiarutdanning, leikeplassar, ungdomstiltak, ungdomsorganisasjonar, stipend, allment kulturarbeid, nærmiljøtiltak, samfunnshus, spesielle prosjekt, vaksenopplæring i organisasjonar, friluftsorganisasjonar, idrettshus, idrettslag, idrettsanlegg, drift idrettsanlegg, drift turløyper, friluftsanlegg, musikkarrangement, skulemusikk, song- og musikklag, privat kulturvern, tilskot til lag/org som gjev tilbod til funksjonshemma.mm.
I tillegg til evt tilskot, kan ein få råd og rettleiing.
Dersom søknaden ikkje oppfyller krava, eller budsjettet ikkje har nok midlar, kan søknadene verta avslått.
Søknadsskjema må vera utfylde etter krava, og alle relevante opplysningar må leverast i samband med søknaden.
Søknadene vert handsama som enkeltvedtak.
Søkjar må følgja fristar for innlevering.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

Dei tilsette ved kulturkontoret skal gje relevante opplysningar om tenesta.
Så langt ein har kapasitet, vil kulturkontoret hjelpa søkjarar med opplysningar og rettleiing.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Ved dei fleste tilskotsordningar vert det forventa at søkjar har eigenandel og/eller dugnad.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltingslova, vedteke budsjett samt reglar utarbeidd av kulturkontoret.


8. Når ting ikkje fungerer

Ved stor søknadsmengd og små budsjett, vil ein måtta gjera prioriteringar slik at søknader som elles fyller krava ikkje vil verta tildelte tilskot.


9. Klage

Klagen må vera skriftleg. Dersom kulturkontoret ikkje imøtekjem klagen, vert han sendt til Klagenemnda i kommunen for vurdering.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Viser til internettadresse og utlysingstekstar i tillegg til informasjon ved kulturkontoret.


11. Praktiske opplysningar

Kulturkontoret ligg i 2.etasje på rådhuset, og har opningstid måndag - fredag kl 09.00-15.00.
Adresse er Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer 56 55 30 00, Fax, 56 55 30
Internettadresse www.kvam.kommune.no
E-post: postmottak@kvam.kommune.no


Epost: mars@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no