

|
Onsdag 22.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Trivselskafe..
Velkomen til trivelig og sosialt samvær kvar onsdag mellom kl 11 og 14 på Trivselskafeen.
Enkel servering.
Varm mat, kaffe og kaker.
Kr. 50,-
Ta gjerne med handarbeid..
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.



20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|  | Torsdag 23.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
19:00 1 bane reservert - Kleppetrening..
.



20:00 Kompani Orheim (Gratis framsyning i samband med kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt?»)..
|  | Fredag 24.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
17:00 Hallen reservert..
Olav Tjosås leiger hallen frå 17 til 19.
Vakt: Finn.



20:00 PREMIERE: Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Grunnskule
|
Lagt ut 20. august 2012 kl. 10:30 av Jarle Sortevik
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 20200 og 22210)
Grunnskulen gjev undervisning til born og unge i samarbeid og forståing med heimen. Ved eventuell heimeundervisning har kommunen tilsynsplikt.
2. Kven får tenesta
Grunnskulen gjev tilbod om opplæring til born i grunnskulealder. Grunnskulen vert delt inn i 2 steg; barnesteget (1.-7. årskull) og ungdomssteget (8.-10. årskull). (Grunnskuleopplæring for vaksne: Sjå serviceerklæringa for Vaksenopplæringa i Kvam, spesialpedagogisk avdeling.)
3. Korleis få tenesta
Barnet skal skrivast inn ved den skulen det soknar til det året det fyller 6 år. Barnet kan få framskunda eller utsett skulestart etter søknad og sakkunnig vurdering. (Jf. Opplæringslova § 2-1) Tidspunkt for innmelding vert kunngjort i lokalavisa, i barnehagane, på vanleg oppslagsplassar i krinsane og på heimesidene til Kvam herad (www.kvam.kommune.no/) i november/desember kvart år.
4. Kva omfattar tenesta
Undervisning
Undervisninga vert gjeven i samsvar med opplæringslova og læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane har rett til ei opplæring som er tilpassa dei evnene og føresetnadene dei har. Elevar med særskilde behov får tilbod om spesialundervisning i klasse, i einetimar eller i gruppe etter sakkunnig vurdering, enkeltvedtak og individuell opplæringsplan (IOP). (Jf. Serviceerklæring - PPT.) Elevar med særleg store vanskar kan få tilbod om ekstraordinære tiltak, som inneber tett vaksenoppfylgjing og/eller tilbod gjevne av eksterne samarbeidspartnarar.
Arbeidsmåtar
I undervisninga skal nyttast ulike arbeidsmåtar tilpassa fag/emne, årssteg og eleven sine behov og føresetnader, til dømes kunnskapsformidling gjennom:
klasseromsundervisning og forteljing tema og prosjektundervisning samarbeidslæring uteskule ekskursjonar leirskule leik samarbeid med næringsliv og lokalmiljø
Vurdering
Skulen skal gje dei føresette tilbakemelding på eleven si utvikling. Kontaktlærar skal minst to gonger om året ha ein planlagd samtale med føresette. Elevar i ungdomsskolen skal ha vurdering med terminkarakterar i faga to gonger pr. år. Målet med vurderinga er å fremja læring og utvikling.
Elevmedverknad
Elevane skal ha medverknad på si eiga læring ved at læraren m.a. legg opp til drøfting av årsplanar, halvårsplanar, vekeplanar og arbeidsmåtar. Situasjonen for den enkelte elev vert teken opp gjennom elevsamtalar (planlagd, systematisk, personleg samtale mellom elev og lærar.) Organ for brukar- (og interessent)medverknad i grunnskulen Skulen skal leggje til rette for eit godt samarbeid mellom skule og heim. Ved kvar skule skal det, med heimel i Opplæringslova 11 vera desse organa:
Foreldreråd med arbeidsutval (FAU) § 11.4 Elevråd § 11.2 Samarbeidsutval § 11.1
Klasseforeldremøte vert halde minst 2 gonger pr. år.
Fysisk skulemiljø
Eit godt fysisk arbeidsmiljø er viktig for eit godt læringsmiljø og elevane sine føresetnader for god læring. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behovet deira. (Opplæringslova § 9.2) Kvam herad arbeider for at skulane skal ha eit godt inneklima og eit trygt ute- og innemiljø. Alle skular skal ha eit skulemiljøutval der fysiske og psykososiale tilhøve kan takast opp.
Skuleskyss
Elevar i 1. klasse som bur meir enn 2 km frå skulen, og elevar i 2. til 10. klasse som bur meir enn 4 km frå skulen, har rett til gratis skuleskyss. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til gratis skyss heile eller deler av året utan omsyn til veglengda. Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade/ sjukdom og har behov for skyss, har rett til dette uavhengig avstand mellom heim og opplæringsstad/skule. Skyssen vert innvilga i samråd med skulen eller etter søknad frå elevar/føresette. Vedtak om skyss til elevar med mindre enn 2 eventuelt 4 km skuleveg, vert sett på som enkeltvedtak.
5. Kva vert forventa av dei tilsette
- At dei arbeider i samsvar med gjeldande lovverk, læreplan, sentrale og lokale prioriteringar og skulen sin verksemdsplan. - At dei har fagleg og pedagogisk kompetanse. - At elevar og føresette vert møtte på ein profesjonell, respektfull og høfleg måte. - At dei held teieplikta si. - At dei arbeider systematisk for å skapa trivsel og eit mobbefritt miljø.
6. Kva vert forventa av dei føresette
- At dei samarbeider med skulen til beste for eleven. - At dei deltek aktivt i og tek mot val til skulen sine samarbeidsorgan. (Foreldreråd, samarbeidsutval og klasseforeldremøte) - At dei møter til konferansetimar om eleven si utvikling
7. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Den offentlege grunnskulen er gratis. Skulen kan krevja eigenandel for skuleturar som ikkje er ein del av skulen sitt faglege undervisningstilbod.
8. Heimelsgrunnlag for tenesta
Opplæringslova av 17/7-98, med forskrifter Forvaltningslova av 2/10-67 Læreplanverket for Kunnskapsløftet Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr
9. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd, kan du ta kontakt med faglærar/kontaktlærar. Dersom du framleis ikkje er nøgd, så ta problemet opp med rektor ved skulen. Neste instans er skulesjefen. Du kan få hjelp av klassekontakt eller andre du har tiltru til.
10. Klage
Det kan klagast på enkeltvedtak etter Opplæringslova. Klageinstans: Statens utdanningskontor Døme på enkeltvedtak er m.a.:
Tildeling av timar til spesialundervisning. Vedtak om skuleskyss. Avgangskarakterar
11. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Innformasjon frå den enkelte skule Skuleruta Informasjon om grunnskulen finst på Kvam herad si heimeside; Internettadresse: www.kvam.kommune.no
12. Praktiske opplysningar
Rådhuset har opningstid 09:00 til 15:00, måndag til fredag. Adresse: Kvam herad, skulekontoret, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01 Telefon til den enkelte skulen: Sjå Kvam herad si heimeside. Epost: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no
Epost: Jarle.Sortevik@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|