Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Psykisk utviklingshemma - fritidstilbod

Utskriftsvenleg side Lagt ut 20. juni 2014 kl. 11:47 av Mary Ann Sørheim
1. Tenestedefinisjon (23430)

Kultur- og fritidstilbod til personar med psykisk utviklingshemma. Tenesta er primært eit tilbod ettermiddag, kveld og i nokon helger.


2. Kven får tenesta

Personar med psykisk utviklingshemming som bur i Kvam


3. Korleis få tenesta

Ein får tenesta ved å ta kontakt med kulturkontoret.
Kulturkontoret planlegg, tilrettelegg og gjennomfører tiltak i samarbeid med den enkelte brukar og evt personale.
Søknad om følgjekort får ein ved å kontakta rådhuset. Ein kan søkja heile året.


4. Kva omfattar tenesta

Tilbod og informasjon om ulike kultur- og fritidsaktivitetar for psykisk utviklingshemma, for eksempel idrett, musikk, turar, dans, kurs, klubb m.m.
Ein kan forventa at tenesta vert tilpassa den enkelte brukar så langt som råd.
Dei som har behov for assistanse av personale eller andre hjelpebehov for å delta på aktivitetar, må avklara dette med helse- og sosialtenesta.
Brukarar kan koma med ønskje om ulike tiltak.
Ulike lag og organisasjonar som tilrettelegg for psykisk utviklingshemma kan søkja tilskot til aktivitetar. Meir informasjon får ein ved å kontakta kulturkontoret.
Personar som har behov for følgje til kultur- og fritidsaktivitetar kan søkja om følgjekort.
Tenesta omfattar ikkje ferietilbod. Ta kontakt med helse- og sosialtenesta ved spørsmål om ferie.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

Ein kan forventa at ein vert møtt på ein høfleg og respektfull måte, og at teieplikta vert halden.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Det er eigendel ved arrangement med kostnader. Alle kostnader vert kunngjort saman med tilbodet.


7. Når ting ikkje fungerer

Ta kontakt med kulturkontoret.


8. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Informasjon vert sendt pr post til psykisk utviklingshemma og personale i fellesboligar. Andre får informasjon ved å kontakta kulturkontoret.



9. Praktiske opplysningar

Kulturkontoret ligg i 2.høgda på Rådhuset, og er ope mandag-fredag 09.00-15.00.
Adressa er Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer er 56 55 30 00, Fax 56 55 30 01.
E-postadresse: postmottak@kvam.kommune.no

Epost: mary-ann.soerheim@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no